Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Sigeren glapp på slutten

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Trio1-Stord3 2-3. Smågutane gjorde ein grei kamp mot eitt av avdelingas beste lag tysdag kveld. Sjølv om motstandaren nok var eit hakk betre totalt sett, så leia vi 2-1 med berre 8 minutt att på klokka. Men stordingane hadde ein sluttspurt på lager og klarte å snu kampen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av vår bestemann, Mathias.

Første omgang var ikkje all verda offensivt sett. Vi jobba bra bakover og hadde god defensiv kontroll mot kjappe Stordspelarar. Det var sjeldan dei klarte å bryte gjennom og vi var flinke å kome kjapt tilbake på rett side ved balltap. Og dei var det ein del av, for vi slurva mykje i pasningsspelet og klarte ikkje å finne dei rette avstandane med ball i laget. Ei tometers pasning er det sjeldan mykje vits i. På tampen av omgangen fekk Stord ein ball i nota etter litt ubesluttsamt spel frå oss. Men generelt var det godord å få for det defensive arbeidet, medan kvaliteten måtte hevast med ball.

 

Ein del betring på det etter pause. Vi har ikkje all verdas tempo i laget offensivt, men klarte å spele meir etter måten vi øvar på på trening for tida. Litt meir gjennombrotshissighet og spel opp i bakrommet, sjølv vi ikkje så ofte vinn løpsduellane der. Det hjelper oss likevel i å få spelet vårt meir opp i banen og vi unngår å få så mange farlege brudd i mot.

 
Klikk på bilete for full storleik
Perlescoring av Samson.

Og løn for strevet fekk vi også. Utlikninga var litt heldig, då Stordkeeperen var uheldig. Flott prestasjon av Tarmo, som sette fart på ein overgang og skaut frå langt hald. Men andre scoringa var det klasse over. Også her spelar vi opp, i støtte og fram igjen. Dommaren viser fordel når Gaute blir sendt i bakken og Samson dreg seg fri og styrer leiarmålet kontant opp i hjørnet. Vakkert!

 
Klikk på bilete for full storleik
Sikker sisteskanse: Vegar T.

Men Stord var hakket meir presise enn oss i spelet og fortente poeng. Ei fin utlikning når dei spelte seg gjennom forsvaret vårt med gode kombinasjonar. Og minuttet før slutt fekk dei også sigersmålet etter daudball, då ein av våre var uheldig og sleiva klareringa i eige mål. Vel, han måtte uansett ta ballen, for bak sto ein Stordspelar klar. Kjedeleg der og då, men vi tek med oss ein grei prestasjon der vi skal vera nøgde med godt spel i andre omgang. Og relativt bra kontroll bakover kampen gjennom. Keeper Vegar var stødig i dag og Mathias utmerka seg positivt i ny rolle som midtstoppar.

 

Komande veke er det heimekamp for Trio 2 mot Bremnes på søndag. Det blir ein tøff batalje og moglegheiter for revansje for 1-5-tapet på Bømlo i treningskamp i vinter. Og på tysdag har Trio 1 bortekamp mot Stord 2.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G14: Trio1-Stord3 2-3 (0-1)

0-1 (31 minutt)

1-1 (51 minutt) Tarmo Tars

2-1 (58 minutt) Samson Nyrud Uppheim

2-2 (62 minutt)

2-3 (69 minutt)

 

Tilskodarar: Ca 35

Dommartrio: Erik Voster Solberg, Henning Solheim, Nikolai Mayer.

Ingen kort.

 

Trio sitt lag:

Vegar Teigen, Jonas Teigen, Tarmo Tars, Mathias Gjelseng, Edvin Vågen Bjørgvik, Simen Hellevik Lie, Ole Martin Byrknes, Gaute Thorkildsen, Sander Dolonen Brækken, Daniel Sørtveit, Vegard Fausk, Robin Steinsletten, Samson Nyrud Uppheim.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart