|
Stortap for smilande lillejenter | | | | | J12: Solid-Trio 12-3. Trio sine 12 år gamle jenter spelte tirsdag kveld sin første seriekamp i lag - knappe 2 månader etter at laget blei etablert. Eit Solidlag, med den tidlegare Bjoa- og Stordspissen Henning Bjelland som trenar, har spela i lag sidan 1. klasse, har i år gått ned fra 2 til ett lag og blei noken hakk for sterke på kunstgraset på Nysæter og sluttresultatet vart til slutt 12-3. Noko anna var heller ikkje å forventa med dei forutsetningane. | | |  | | Kanonskudd av Luwam. |
Om resultatet vart litt skeivt, gjorde ikkje jentene seg vekk på noken måte. Dei jobba og stod på til siste slutt og prøvde heile tida å spele fotball. Forskjellen på laga var nok mindre enn 9 mål. Om vi hadde vore opptatt av resultatet kunne vi sparka langt ut og unngått mange av måla. I staden starta vi bakfrå 100% kvar gong for å trena på å spele fotball. Vi gjorde ein stor feil i dette og den gjentok vi gjennom heile kampen og resulterte i 7-8 av måla til Solid. Feilen vi gjorde - og som vi kjapt skal få luka vekk - var at etter backen mottok ball fra keeper, blei nasa vendt inn mot midten og ein søkte konsekvent å sentra inn sentralt. Der sto ofte 3 Solidjenter mot ei Triojente - klare til å hogga til. Formasjonen var nok heller ikkje den beste for å trena på dette, 2-3-1 som vi spelte kunne nok vore bytt ut med 3-2-1 for å demma bedre for dette, men det betyr svært lite i denne årsklassen. | | |  | | To mål av Ida. |
Ida og Luwam viste litt ekstra framover på banen og profiterte på at dei har vore med J13 litt før. Vi scora 3 fine mål, 2 gjennomløp av Ida og ei kanon frå Luwam. Mari og Madel stod ein omgong kvar i mål og gjorde sine saker veldig bra. Fleire flotte redningar på begge to. Ellers gjorde alle ein super innsats og alle var like blide etterpå - slik skal det vera! Litt uro i troppen når kun 1 bil stoppa på REMA1000 på Heiane, ellers full harmoni :) | | |  | | Flott keeperspel av Mari. |
Vi var enige om etter oppgjeret i dag at vi skal vera på høgde med Solid innen 1 år. Då er det seriespel med tabell for desse jentene. 3-12 tap er uansett eit perfekt utgangspunkt for vidare læring, utvikling og forbedring. Det kan i den forbindelse nevnast at jentelaget (dagens J16) som vart kretsmeistrar i januar som 16-åringar og vann 1. div Rogaland J16 som 15-åringar, tapte sin første kamp som 13-åringar med 0-4 mot Rosendal for litt over 3 år sidan... | | |  | | Flott keeperspel av Madel. |
Neste dyst for 12-åringane blir om ei veke på Kvednabekkjen når Stord kjem på besøk. Før det skal dei ett år yngre lagvenninnene på J11 i aksjon mot Rosendal på samme bane (torsdag 17.15). ' Trio sitt lag: Mari B. Helvik, Madel G. Gausvik, Synna H. Gjerding, Sandra Støle, Oliwia Chlebowicz, Gina E. Lindås, Synne H. Lee, Siren K. Rusten, Ida E. Brix, Luwam Tella, Nadine Morstad. | | | - Karen Anne (lagleiar) & Per Einar (trenar)
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |