Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Seriestart for Husnesgutane

Klikk på bilete for full storleik
Bak frå venstre: Ådne, Erlend, Håvard, Lars, Sondre, Henning og Stian. Framme frå venstre: Brynjar, Margus, Andreas, Nico, og Steffen.
 
G12: Odda2-Trio Husnes 2-15. Første kampen til gutane vart spelt i Odda i går mot Odda 2. Dei er eit lag som me ikkje har spelt så mykje i mot og gutane og trenarane var noko spente før kampen. Kampen enda særdeles godt og Trio vann heile 15-2.
 

Det gjekk 11 min. før første målet kom og Trio gjekk til pause med 8-1. Det tok berre 3 min. i 2.omgang før første målet kom. Målskorara i kampen vart: Sondre 4, Steffen 5, Henning 3, Nicolas, Ådne og Erlend 1 kvar.

 

Det er sjølvsagt veldig kjekt med ein god start og mange mål, men det som gledar minst like mykje er måten gutane løyser oppgåva på. Laget har øvd på igangsetting bakfrå, Trio igangsetting, og det vert gjennomført med bravur. Odda 2 prøver å stå høgt og då ser me at gutane løyser dette. Ballen vert halde på bakken og det vert slått bevisste pasningar med innsida av foten. Det er frispeling på kant og innlegg. Det vert spelt opp på feilvendt spelar og støttepasningen kjem og nytt oppspel til spiss. Det vert slått inn i banen og ny pasning vert vinkla ut på kant.

 

Dette er eit spelmønster som laget har arbeidd med i fleire år og no ser me resultat av arbeidet. Det er veldig kjekt å sjå at arbeidet som er lagt ned gjev resultat og gutane syner flott speleglede og dei kosar seg. Det er sjølvsagt ting som kan verte betre og det må me arbeide med på trening. Etter kampen fekk gutane ein velfortjent butikkstopp for kjøp av “forfriskningar”.  Neste kamp for gutane vert heime mot Røldal på tysdag 28/4 kl.18.30.


- Trenar Eivind Nissestad

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart