Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Siger i første heimekamp

G16: Trio/Halsnøy1-Eikelandsfjorden 2-1. Etter stortap i Bergen laurdag, smakte det godt med seier for gutane mandag kveld. Ein god førsteomgang la grunnlaget for seieren.
 

Gutane var innstilt på å 'reise kjerringa' mot Eikelandsfjorden 1, då nedturen mot Loddefjord laurdag gjekk på stoltheten laus. Her skulle ein gå til verket med oppbretta ermar og visa at laget ikkje blir noko kasteball i årets serie. Kommunikasjonen mellom spelerane måtte bli betre og ein måtte spela fotball meir som ein øver på kvar veke, med få touch og gode bevegelsar rundt ballførar.

 

Eikelandsfjorden hadde vunne begge sine to fyrste kampar og kom nok til å bli atter ein sterk motstander. Med ein snittalder meir enn året over våre (hadde med seg 2 stk 17åringar), så hadde gutane våre iallefall ikkje noko fysisk overtak :)

 
Klikk på bilete for full storleik
Svære Daniel er ein konstant trussel på corner.

Litt fram og tilbake dei fyrste minuttane av kampen, før gutane tok meir og meir over banespelet. Ein holdt ballen greit i laget, men kunne nok vore endo meir fokusert i lengderetning og ikkje så mykje på tverrs. Når me etterkvart fekk bevegelse frå kant og pasningane blei slått i romma framfor denne bevegelsen, kom og sjansane. Både Niko, Ruben og Marius hadde gode mulighetar for scoring. 8.min ut i omgangen får me corner frå venstre. Patrick legg presist inn i feltet, der til slutt Niko avslutter mot mål. Returen fell ned framfor Daniel, som sikkert banker den i mål frå 5 meter, 1-0! (Daniel sitt tredje mål etter corner på to G16-kampar.)

 

Eikelandsfjorden slår mykje direkte og langt, noko forsvaret vårt og Magnus tar seg greit av. Eit par små mulighetar etter langskudd er vel alt som er av sjansar for bortelaget i denne omgangen. I andre enden kjem ein til fleire sjansar. Marius har eit kanonskudd som keeper reddar flott. 28.min ut i kampen held me høgt press på motstander og etter litt klabb-og-babb inne i feltet, så smell Ruben ballen opp i vinkelen, 2-0! Resultatet står seg til pause.

 

Gutane har ikkje vunne kamp på ei stund, som er litt uvanleg for denne gruppa, så ein ser tydeleg gjennom 2.omgang at ein blir veldig resultatorientert og mindre opptatt av å spela god fotball. Som trenarar, så set me og pris på at laget vinn kampar, men ein er og opptatt av at laget og spelera skal utvikla seg. Slik sett så var ein vel litt lite fornøyd med prestasjonen i denne omgangen, men ser allikevel positivt på at mange gir 100% for sikra seier for laget.

 

Eikelandsfjorden kom meir med i kampen og vann fleire duellar og 2.baller. Det blir sjanser i begge endar. Erik, som kjempar seg tilbake etter langtidsskade, kjem til god avslutningsmulighet få minutt ut i omgangen, men ballen går dessverre utanfor. Ruben er så åleine med keeper frå skrått hald, etter flott løp og nydeleg gjennomspel, men chippen stryk utanfor stolpen. I motsatt ende har Eikelandsfjorden og mulegheter. Men da blir helst med halvsjanser. 12 minutt før slutt får dei allikevel redusering, etter at Jonas er litt uheldig i det han skal avverge ein sjanse, og set ballen utagbart bak Magnus i mål. Slikt kan skje alle, Jonas, og du skal heller ta med deg mange positive bidrag i kampen, enn å tenka for mykje på den hendinga. 

 

Dei siste 12 minutta blir nå ein kamp om å sikre seieren. Eikelandsfjorden treff tverrliggar på eit frispark og skulle vel kanskje hatt straffe mot slutten, då Henning er litt sein i ein duell rett innanfor 16-meteren. Magnus har og ein mesterlig redning frå skrått hald. Men gutane rir av stormen og jublar for årets fyrste seier. Lyste mykje lettelse frå gutane då.

 

Eikelandsfjorden er nok ikkje av samme kaliber som Loddefjord, men me viser allikevel framgong i laget i 1.omg. Då går ballen til tider veldig bra mellom spelera og lagdeler, og kantane våre er flinke til å gå på løp i forkant av pasning. Har vore mykje ulike posisjonar på enkelte og ulike lagsamansettingar nå i oppkøyringa. Ein håpar at ein nå gjennom våren meir får satt eit system og at alle blir litt meir trygge på rollene i laget. Alt i alt ein fortent seier uansett.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio/Halsnøy1-Eikelandsfjorden 2-1 (2-0)

1-0 (8.min) Daniel Normann (Nikolai Mayer)

2-0 (28.min) Ruben Saug

2-1 (68.min)

 

Laget (4-2-3-1): Gløymte å ta lagbilete igjen!!!

Magnus Eide, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning Solheim, Simen Mehammer (Nikolai 65.min), Patrick S. Fjelland, Daniel Normann (Jonas Tazo 20.min), Marius Quam, Nikolai Mayer (Sander E. Vevik 40.min), Ruben Saug, Ole-Tobias Brendeland (Erik V. Solberg 40.min)

 

- Verner og Bjarte-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart