Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

G13 med siger på Karmøy

Klikk på bilete for full storleik
 
G13: Avaldsnes-Trio 1-6. I går kveld var det klart for den andre vårkampen for G13-gutane. Den lengste bortereisa, til Avaldsnes stod for tur. Kampen gjekk innandørs i ein flott hall, på ein niarbane med kunstgras.
 
Klikk på bilete for full storleik
To mål av Lars.

Vi ønska å prøva ut ein ny formasjon i denne kampen, slik at vi fekk meir trykk framover på banen. Det lukkast vi ikkje heilt med, så det gjekk ikkje meir enn 2 minuttar før Avaldsnes gjekk opp i leiinga. Torstein i mål, samt Daniel og Isak i dei bakre rekker rydda ved eit par høver til opp på eit par gode Avaldsnessjansar, før vi fekk med oss vingløparane i det defensive arbeidet. Gutane tok meir og meir øve i banespelet, og etter 15 minuttar kunne Lars setja inn utlikninga, etter assist frå Sander. No skapa vi fleire gode sjansar, spelet gjekk litt betre, og i løpet av nokre få minuttar gjekk vi opp i ei 3-1-leiing. Det andre målet kom nok ein gong frå Lars, etter assist frå Sander. 3-1 målet skora Martin etter å ha runda av 2-3 spelarar, og sett ballen sikkert nede i hjørnet. Dermed enda 1.omgangen med ei 3-1 leiing.

 
...og to av Martin.

I pausen snakka vi om å bli flnkare til å la ballen gå, samt trykkja litt meir til i duellane. I tillegg valde vi å leggja om til ein meir sikker formasjon, som gutane var meir kjende med. Gutane bretta opp erma og gjorde som vi vart einige om. Det gjekk difor ikkje meir enn eit par minuttar av 2.omgang før Ole Tobias, etter fint spel langs sida, sikkert sette inn det 4. målet vårt. No lot gutane ballen gå langs bakken, og det tok ikkje lang tid før Mads kunne setja inn det 5. målet vårt. Når så Martin skora 6-1 etter 15 minuttar ut i 2.omgang, trudde vi at det no skulle bli ein skikkeleg målfest. Men sjølv om vi ved fleire høve traff stengene, og hadde nokre 'slappe' avslutningar enda kampen med 6-1 siger.

 

Gutane var klart betre enn Avaldsnes, og kunne, med det samme spelet som dei viste i starten av 2.omgangen, vunne med eit mykje fleire mål. Gutane viser i glimtvis kva dei er gode for, men vi slit litt med å halde fokus på det vi er blitt einige om. Vi tek med oss periodane med godspel, dei 3 poenga, og gler oss til neste kamp heima på Kvednabekkjen.

 

Mål: Lars (2), Martin (2), Ole-Tobias (1), Mads (1).

 

Trio G13 sitt lag:
Torstein, Lars, Ole Tobias, Magnus V, Mads, Isak, Sander, Daniel, Marcus, Brynjar og Martin.

 

- Tore og Osa

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart