|
Drama til siste slutt i J11 sin debutkamp! |  | | Jublande jenter i lag med trenarane Per Einar Gjerding og Bjørn Bjelland Mathisen. |
| | | | J11: Trio-Rosendal 6-5. Det var spente 11-åringar som torsdag skulle spela kamp mot jamnaldrande frå Rosendal i sin første 7ar-kamp nokon gong. Det var og første gong jentene frå Sunde, Husnes og Herøysund spelte kamp i lag på det nystarta laget. Og spenninga holdt seg lenge den, faktisk heilt til sluttsignalet gjekk og jentene hadde klart å snu kampen fleire gonger. Sluttresultatet vart til slutt 6-5 til jentene i raudt, i det som var ein utrulig kjekk og spennande kamp for oss som fekk gleda av å sjå kampen frå sidelinja. | | | På treninga i går, samt før kampen i dag, hadde vi fokus kun på ei oppgåve; vi skulle prøve å få til dette med igangsetting bakfra, uten å skape målsjanser til Rosendal. Dette gjennomførte jentene med glans - meget bra jenter! Dette gledar meg meir enn at vi vant kampen :) | | | Det åpna naturlig nok litt avventande, nølande og nervøst for Triojentene. Dei stod litt og såg på Rosendal i starten og det meste foregjekk på vår halvdel. I denne perioden scora dei og 2 mål og leia 2-0 og det var ikkje lett der og då å sjå Trio som vinnar av kampen. Men noko skjedde med dei etter at June Marie på imponerande vis sprang frå Rosendal forsvaret og satte inn 1-2. Det var akkurat som det dalte ned sjølvtillit over jentene. Dei er uheldige litt etter og får 1-3 imot, men det var ikkje nok til å bryta ned trua på at dette var mulig. | | | Gradvis overtar jentene meir og meir av spelet og før pause er vi ajour og like langt etter at Synna og June Marie scorar kvart sitt. 3-3 til pause. Det som gjer at vi etterkvart styrer kampen er at forsvaret gradvis utover i omgangen får betre og betre struktur og plassering, og vi evnar å bryta dei fleste Rosendal angrepa i oppspelsfasen - før det blir farlig føre mål. Det klarer vi med å flytte forsvaret etter når vi angrip - ikkje ligge igjen bak med keeper :) | | | | Tidlig i 2. omgang er snuperasjonen fullført - trudde vi. June Marie parkerer forsvaret nok ein gong og scorar sitt 3. for dagen og vi har snudd 1-3 til 4-3! Vi har no full kontroll på kampen, men så kjem eit av dei mest spektakulære måla på lang tid på Kvednabekkjen. Ingeborg - som kjempa som ei løve og storspelte på sin nye heimebane - skulle klarere ballen frå egen dødlinje. Ho treff den litt på yttersida av foten, den går opp i lufta - med skru så det holdt (og unge Gjerding uttalte skråsikkert frå sidelinja «den går i mål»). Den landar midt føre mål, 5m frå målstreken. Skru og sprett lurer naturlig nok keeper Victoria og ballen sprett over ho og inn i mål. Like langt igjen, 4-4... :) | | | | | | Vi gjer så ein av ytterst få forsvarsfeil, mister ballen på egen tredjedel og Rosendal nøler ikkje - 4-5 og kun få minutt igjen. Då belaga vi oss på at dette var ein flott kamp av jentene med stor framgong og godt spel - og eit knepent tap mot Rosendal. Men Sunde-jentene Emma og Synna ville det annerledes. På dei 2-3 minutta som var igjen fekk dei ein mulighet kvar og snudde kampen for siste gong - heimeseier 6-5! | | | Alle jentene vaks og vaks utpå banen etter kvart som tida gjekk og det var ein fryd å sjå endringa i kroppsspråk og prestasjonar frå første 5 min til siste 5 min. Flott innsats og masse bra spel av heile gjengen. Grattis med flott kamp, «lillejenter» :) | | | | Ny kamp om 2 veker, då «bortekamp» i Valeparken mot Ternen :) | | | Laget til Trio J11: Jenny Hellevik Lie, Ingeborg Stensletten Hagan, Rim Sami, Victoria Joleik, Margrete Nilsen Hillestad, Aurora Nilsen Mathisen, June Marie S. Bjelland, Emma S. Meling, Synna Holmedal Gjerding, Ragnhild Åkre Hauge, June Svellingen Hammer. | | | | | | - Bjørn & Per Einar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |