
Allkan var god i dag og kunne ha scora mange mål. Hadde banen vore fin hadde eg scora fleire seier Allkan etter kampen.

Trio har eit nytt angrepsvåpen i dei lange innkasta til Sander.

Andreas frøys mykje under kampen og var klok då han tok med seg hua ut frå pausen.

Charter hadde kanskje sin beste kamp i Triotrøya. Han var svært bevegelig og traff på nesten alle pasningane. Einaste som mangla var målet.

Futsum sleit med skotøyet og låg meir nede en han stod oppreist.

Eivind var god i dag, men holdt på å gjera da heilt stora då han kvesta Allkan under målfeiringa.

Haga har hatt ei tung veke då både han og katten har lege strak ut med sjukdom.
Lagoppstilling (4-4-1-1)
Andreas Eide
Futsum Mebrathu, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Sander S. Lillesletten
Martin Veastad, Endre Eide, Vemund Grønstøl, Eivind T. Saghaug
Allkan Abdulla
Andreas Charter Røyrvik
Reserva
Vegard Johnsen, Andreas Thorkildsen, Alexander Haugland og Aleksander Ekeland
Håvard Haga var ikkje med grunna sjukdom og Roger Røssland fekk ein
strekk i leggen på torsdagstreninga. I tillegg sleit Aleksander Ekeland med allergi
og KRAFTIG hoste. Det var derfor 3 endringa på laget i frå kampen mot Gneist.
Grasbanen til Fitjar er kjend for å bli tidlig klar men laurdagens kamp var eit unntak.
Mykje regn førte til store dammar over heile banen noko som fekk konsekvensar for kampbilete.
Fitjar starta best og kunne gått opp i leiinga etter bare 4 minuttar då kanten deira kom seg fri på vår venstreside. Han slo hardt inn foran mål der spissen deira venta. Men ballen skaut fart i den våte banen noko som førte til at spissen deira bomma på ballen.
Etter det var det Trio sin tur. Eivind, Allkan og Charter kombinerte
fint på venstrekanten som førte til at Eivind kunne avslutta frå 20 meter. Dessverre var skotet for laust og keeper plukka enkelt ballen fra unge Saghaug.
Kampen bølga mykje fram og tilbake der begge lag slurva litt med press på ballførar. Spesielt på midtbanen. Då første omgang nærma seg slutten hadde alikavel Trio eit overtak og pressa Fitjar hardt. Sander er kjent for å kasta langt og det var her Trio fekk sin største målsjanse. På 5 meter vant Ronny duellen etter Sanders innkast. Keeper klarte ikkje å reagera men ballen traff utsida av stolpen.
Like etterpå var Martin på farten på høgresida. Han fant Charter inne på 10 meter men han var feilvendt. Han spelte derfor til Allkan som kom seg fri på 14 meter. Aleina med keeper sleiva han litt noko som gjorde at keeper kunne slå ballen vekk frå mål. Men Charter var på hugget på returen og fekk ei tå på ballen. Men
Fitjarforsvaret hadde også summa seg og fekk avverga.
Sander hadde også eit skotforsøk då han fekk ein fin trilleball frå Eivind på 20 meter. Han brente til men ballen for 2 meter over mål.
Trio gjekk til pause med eit lite overtak. På slutten klarte me å pressa Fitjar til å gjera feil og me fekk nokre sjansar. Charter og Allkan viste fint spel og kunne fort ha sendt Trio i leiinga. Men Kjell Magnar og Jim Are forventa meir av oss. Me måtte bli tøffare i presset og spela meir direkte. Midtbanen sleit også til tider med å finna posisjonane men det skulle me gjera noko med. Eivind gjekk derfor inn sentralt og Vemund gjekk ut på kanten.
Andreas Eide valgte å ta med seg hua då andre omgangen starta. Han rekna med å bli arbeidsledig. Og arbeidsledig blei han. Då andre omgang starta var det eit heilt anna Triolag som gjekk på banen.
Me stod høgt og pressa Fitjar til å gjera feil. Endre strødde passninga frå sin djupe midtbaneposisjon. Charter og Allkan var svært bevegelig og bak hadde Ronny og Henrik god kontroll. I løpet av 30 minutt hadde Trio hatt 10 sjansar. 5 av dei burde ha resultert i mål. Det var eit under at Trio ikkje leda med fleire mål. Allkan hadde 2 skudd som gjekk rett utanfor. Charter sleiva eit skudd i stolpen. Endre dribla seg forbi 3-4 mann før han la ballen i armane til keeper. Dessutan hadde Martin forserte 3 mann før han banka ballen til side for mål. Kjell Magnar og Jim satte derfor inn Andreas Thorkildsen for Vemund som hadde sprunge seg tom. God kamp av Vemund.
Men då det stod 77 minutt på klokka så skjedde det typiske. Fitjarkeeper slå ein lang ball som går forbi alle. Ronny og Andreas har tilsynelatande god kontroll men ballen treff ein vanndam og Ronny sklir då han skal klarera. Bak kjem Fitjarspissen i stor fart og snapper ballen. Han runder Eide og sett ballen i det tomme målet. Eit stort slag i trynet for Trio som har vore suverent best. Fitjar leder 1-0 med bare 13 minuttar igjen å spela.
Når heimelaget går opp i ledelsen forventa me at Fitjar ville parkera bussen foran mål. Det gjorde dei ikkje. Dei fortsatte der der slapp og lot Trio få store rom. Thorkildsen var no inne i ein fin periode og kjørte show. I det 83 minutt dansa han seg fint forbi fleire Fitjarspelera og spelte vegg med omtrent heile
angrepsrekka vår før han skar inn mot midten frå venstre og satte ballen til side for keeper. 1-1! Imponerande av Thorkildsen.
Lika etterpå er Thorkildsen på farten igjen. Fitjar blir med på karusellen som Thorkildsen styre men dei heng ikkje med. Denne gongen kjem Thorkildsen frå høgre.
Han binde opp 3-4 Fitjarspelera og slår ballen fint til Allkan som står aleina på 18 meter. Ballen lander i ein dam og stopper opp. Allkan ser at det er ledig i motsatt
kryss og curler ballen i ein flott boge over keeper. 1-2! Trio har snudd kampen på bare 5 minutt. I feiringa renner det litt over for Eivind som i jubelrus kjem i stor fart mot Allkan. Han hiver seg ned i grasset og plante knottane i sida på Allkan som allerede ligge nede. Allkan har heldigvis trent mykje på Trimx og kommer seg etter 10 smertefulle sekund.
Me forventa eit hardkjør frå Fitjar dei 5 siste minuttane og legger derfor om til 5-4-1. Men hardkjøret uteblir. I stadenfor arrangerer Thorkildsen danseoppvisning på venstrekanten.
Fitjar må ty til ulovligheter for å stoppa han og tida renn ut. Då dommaren bles av kampen var det Trio som kunne jubla fortjent. Vi spelar ein svært god 2.omgang og det er eit under at me ikkje vinner med fleire mål. Men årets første 3 poengar smakte godt og me vil ha meir av dei. Neste laurdag kjem NordHordaland på besøk. Dei har i likhet med Trio også 4 poeng.