Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Top of the league

Klikk på bilete for full storleik
Simen og Vegard har god kontroll mot Djerv/Nordnes.
 
G19: Trio/Rosendal/Halsnøy-Djerv/Nordnes 6-0. Juniorlaget inntok tabelltoppen, om enn midlertidig, etter habile 6-0 over Djerv/Nordnes søndag. Bortelaget stilte useriøst nok klare på motsett halvdel først 20 minutt etter oppsett kampstart. Sportsleg hang dei dog bra med i starten, men fekk utover i kampen slite stadig meir mot eit solid kvinnheradslag, som trass alt ikkje spelte opp mot sitt maksimale.
 
Klikk på bilete for full storleik
Klassescoring av ein av banens beste, Vegard.

I starten av kampen var det rimeleg passivt spel frå Kvinnheradslaget, der ingen såg ut til å ta skikkeleg tak i det. Det var noko daudt over det heile og bortelaget virka faktisk hakket kvassare, trass manglande oppvarming. Men etter kvart vart det litt meir trøkk i det, anført av den særs opplagte høgreback, Vegard Johnsen. Han knalla inn 1-0 frå 20 meter og skrått hald, og sette med det litt meir standarden for kampen. Midt i omgangen kom også 2-0, etter at Rudi Molvik styrte inn eit godt innlegg frå Warhel Suleman. 2-0 til pause var greitt nok, med den konklusjon at det var mykje å gå på.

 
Klikk på bilete for full storleik
Fredrik var nesten like god som i glansdagane.

Etter kvilen tok Trio/Ros/HIL, i dag med 13 av 15 mann frå Trio, stadig meir over. Og etter at stjernetrioen Martin, Fredrik og Andreas entra banen utover i omgangen, fekk bortelaget køyrd seg kraftig siste halvtimen. Martin tåa inn 3-0 etter at Emanuel chippa han lekkert fri i feltet. Tåspark er visst lov no til dags. Og Martin blir også kreditert 4-0 frå eit par meter unna cornermerket, sjølv om Fredrik skal ha ein del av æra for å forstyrre keeper og ein forsvarar skal ha æra for å ha vore litt borti ballen før den gjekk inn. Defensivt var det god kontroll og bortelaget kom aldri nærare enn Vegar gjorde då han traff eigen stolpe med eit tilbakespel som overlista Olav L.

 
Klikk på bilete for full storleik
Banens beste, Eivind, setter inn 5-0.

Fredrik er i storform etter 2,5 års pause frå fotballen og var veldig aktiv på venstrekanten. Han runda backen og la ei ferdigscora 45-graderspasning til Martin, som utruleg nok ikkje klarte å score. Det gjorde i staden Eivind, då han kom åleine mot keeper etter eit snasent gjennomspel frå Andreas. Det var delar av resepten også på 6-0, då Andreas spelte Martin fri, og han serverte Eivind framom mål. Saghaug'en dribla elegant av ein mann før han hamra inn sitt andre for dagen og sette punktum med halve dusinet fullt.

 
Klikk på bilete for full storleik
Simen flyg høgt på corner.

Ein ok kamp av juniorane, utan å overdrive. Neste helg blir det hakket tøffare med bortekamp mot robuste Mathopen. Men det skal nemnast at Djerv/Nordnes spelte uavgjort mot desse på Mathopen sin vetle bane i bydn, så vi tek med oss eit favorittstempel til den kampen også. Gjerne med litt meir guts og sprut over det heile, karar! :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G19: Trio/Rosendal/Halsnøy-Djerv/Nordnes 6-0 (2-0)

1-0 (13 minutt) Vegard Johnsen

2-0 (25 minutt) Rudi Molvik

3-0 (59 minutt) Martin Veastad

4-0 (65 minutt) Martin Veastad

5-0 (75 minutt) Eivind Tufta Saghaug

6-0 (85 minutt) Eivind Tufta Saghaug

 
Klikk på bilete for full storleik
Fredrik farleg frampå på ein corner.

Tilskodarar: Skuffande 20 stk

Dommar: Svein Arild Kjærland, Uskedal

Gult kort: Olav Kvandal Myklebust

Trio/Rosendal/Halsnøy sitt lag:

Olav Lernes, Vegard Johnsen, Olav Kvandal Myklebust, Sander Saghaug Lillesletten, Daniel Øvstebø (Vegar Bauge frå 45 minutt), Eivind Tufta Saghaug, Simen Røssland (Rudi Molvik frå 78 minutt), Saimon Gebreslasie Tewelde (Andreas Thorkildsen frå 68 minutt), Rudi Molvik (Fredrik Hollund Ekeland frå 62 minutt), Emanuel Onasaka, Warhel Suleman (Martin Veastad frå 55 minutt).

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart