Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Knepent tap mot sterk motstand

Klikk på bilete for full storleik
Torstein viste fine offensive takter på venstrebacken.
 
G14: Trio2-Bremnes2  2-3. Smågutane fekk sterke Bremnes på besøk søndag ettermiddag og det vart ein spanande og open kamp der vi var særs nære å ta poeng. I sluttminutta var det mykje brudulje i bortefeltet, men bømlingane rei stormen av.
 

Vi tapte 1-5 for dette laget i treningskamp i mars. Kampplanen var å gå noko varsamt ut. Vi skulle vera agressive i presset, men først når motstandaren kom inn på vår halvdel. Vel, så disiplinerte klarte vi ikkje å halde våryre gutar. Vi tok godt tak i kampen frå start og pressa og jaga etter kvart betydeleg høgare enn trenaren hadde planlagt. Men i og med at vi spelte og jobba bra, så var det heller ikkje grunn til å korrigere det :)

 
Klikk på bilete for full storleik
1-0 ved Samson.

Vi fekk til mykje bra angrepsspel i første omgang. 1-0 kom også tidleg, på eit nydeleg flott angrep. Daniel vendte spelet ut mot venstre og Sander, Marcus og Lars kombinerte seg elegant oppover og innover, før Lars serverte Samson i motsett ende av feltet. Han tok seg god til og sette 1-0 kontrollert i nota. Stor jubel! Den gjekk raskt over i måping, då ein Bremnesspelar leverte ein god kandidat til årets mål på Kvednabekkjen. Eit formidabelt langskot frå vel 30 meter suste rett inn i vinkelen i reinaste Per Egil Ahlsen-stil.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott frisparkscoring av Tarmo.

Kort etter kom også 1-2. Det var dagen for flotte langskot og frispark på Kvednabekkjen i dag. Eit frispark frå skrått hand gjekk gjennom heile feltet, der både forsvar og keeper sto passive. Det er ikkje enkelt å vera keeper i slike situasjonar, då ein liten touch frå kven som helst vil setje ein ut av spel. Ironisk nok utlikna vi på akkurat same vis kvarteret seinare. Tarmo slo eit hardt frispark inn frå venstresida, Lars var i feltet og forstyrra, og ballen fauk urørt inn i langhjørnet. 2-2 til pause var greit nok.

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av Daniel på midten.

Medan beina fekk kvile snakka vi om at vi hadde gjennomført ein god kamp så langt. Defensivt hadde vi stort sett hatt god kontroll og dei to langskota som gjekk i nota bak oss, var vanskeleg å hindre. Men utover i omgangen hadde vi stressa litt for mykje. Ved ballvinning slo vi den enten for vanskeleg i frå oss, eller så oppsøkte vi vanskelege rom og mista ball. Om vi klarte å roe ned og velge litt tryggare løysingar slik at vi heldt ballen litt meir i laget, ville godspelet kome enda meir til syne.

 

Til tider klarte vi å betre dette etter pause, men samstundes vart spelet vårt også i periodar meir rotete. Litt av skulda for det skal mange byter og omrokkeringar få. Blant anna måtte Ole Martin innom 3 ulike posisjonar i løpet av ein femminuttsperiode. Dette kan nok vi trenarar prøve å løyse betre neste gong.

 
Klikk på bilete for full storleik
Tormod leverte ein stødig kamp i buret.

Bortelaget scora omgangens einaste mål etter 8 minutt og i mykje av tida sleit vi med å få løfta spelet opp til den siste tredjedelen av banen. Men siste 10 minutta hadde vi ein god sluttspurt på lager og då vart det mykje action i Bremnesfeltet. Daniel hadde ein susar av eit langskot frå over 30 meter, som gjekk i tverrliggjaren. Og enda nærare var vi kanskje då Sander skar inn frå venstre og la inn på bakerste stolpe, der Gaute kom akkurat for seint. Hadde han ikkje klipt tånaglane sine i går tidleg, hadde det nok vorte utlikning der. Daniel hadde også ein susar rett utanfor på overtid og Espen var frykteleg nære å nikke inn ein corner, men det ville seg ikkje og kampen endte 2-3. Ein god prestasjon av oss det, og enda er det meir å gå på.

 

Tysdag skal Trio 1 til Stord, før Trio 2 tek turen til balløya på søndag, då mot Trott.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G14: Trio2-Bremnes2  2-3 (2-2)
1-0 (4 minutt) Samson Nyrud Uppheim
1-1 (9 minutt)
1-2 (11 minutt)
2-2 (28 minutt) Tarmo Tars
2-3 (43 minutt)

 

Tilskodarar: Om lag 25.
Dommar: Isaac Jørgensen
Gult kort: Espen Aakre Sjo, samt eitt til Bremnes.

 

Trio sitt lag:
Tormod Sund Vårdal, Mads Jørgensen, Ole Martin Byrknes, Espen Aakre Sjo, Torstein Olderkjær, Tarmo Tars, Daniel Normann, Marcus Nilsen Mathisen, Samson Nyrud Uppheim, Lars Olderkjær Larsen, Sander Dolonen Brækken, Gaute Thorkildsen, Peter Holmedal.

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart