Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Fekk det tøft på Stord

G14: Stord2-Trio1 8-2. Trong inngang til kampen med ein som kom for seint til ferga og utstyr som vart gløymd, men då kampen vart sparka i gong spelte vi heilt jamnt med stordingane. Ein god førsteomgang og ein skuffande andre gjorde at kampen endte 8-2 til heimelaget.
 
Klikk på bilete for full storleik
Mathias gjorde ein strålande førsteomgang på stopparplass.

I starten var det vi som var nærast, men ein kanonade med litt for slappe avslutningar i Stordfeltet gav ikkje utteljing. Ei heller eit par gode sjansar på corner, ikkje minst då Espen dukka opp på bakerste etter nok ein god serve frå Vegard. I staden kom Stord på ein rask overgang og sette inn 1-0. Rett etter vart det også 2-0 på corner, noko vi sleit veldig med. Stordingane var gode på daudballar og lagde veldig stor bevegelse i feltet, noko vi ikkje var menn om å demme opp.

 
Klikk på bilete for full storleik
To flotte mål av supersub Tarmo.

Men i spelet hang vi elles bra med, og 25 minutt ut i omgangen kom supersub Tarmo innpå. Han brukte berre 5 minutt på å bringe oss a jour. Først på frispark. For ein keeper å stå langt ute når Tarmo ladar kanonen, er sjeldan lurt. Sjølv ikkje når frisparket er 30 meter frå mål. Kanonskotet suste inn i langhjørnet og reduseringa var eit faktum. Og då var vi verkeleg på hugget. Ikkje lenge etter kom også utlikninga, då Tarmo vart spelt fri på venstresida,sprang i frå backen og knalla ballen via keeper og i mål. Vi trykka godt på dei siste minutta før pause også, men trass i eit godt skot frå Sander, måtte vi nøye oss med 2-2 midtvegs.

 
Klikk på bilete for full storleik
Benjamin var veldig frisk før pause.

Topp stemning i pausen og vi var veldig nøgde med måten vi hadde bretta opp ermene og kjempa oss inn i kampen. Dette måtte vi prøve å gjenskape. Istaden vart daudballane eit mareritt for oss. På omgangens fem første minutt hadde Stord scora to nye cornermål. Her er vi for snille, uoppmerksame og viljelause. Det tok litt av motet frå oss og gløden var ikkje heilt den same som i første. Nokolunde jamnt i spel likevel, men Stord la på til 5-2 midt i omgangen, og dei siste ti minutta var det slutt på kreftene for ein del av våre spelarar. Av ymse grunnar kunne vi ikkje bytte, og Stord utnytta håla som kom til syne til 3 nye scoringar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Sander viste god moral og kjempa godt.

Dermed vart resultatet uhumske 8-2 til heimelaget. Så gale hadde det ikkje trengt å vera, men vi får ta med oss ein god prestasjon før pause. Ekstra ros til Benjamin og Mathias for veldig godt spel i første omgang, og til Sander som verkeleg gjekk føre då det trengtest som mest i andre.

Komande veke er det bortekamp mot Trott på søndag for Trio 2, medan Trio 1 tek i mot Solid til dyst på Kvednabekkjen på tysdag.

 

Kampfakta frå Langeland kunstgras

G14: Stord2-Trio1 8-2 (2-2)

1-0  (15 minutt)

2-0 (19 minutt)

2-1 (27 minutt) Tarmo Tars

2-2 (31 minutt) Tarmo Tars

3-2 (37 minutt)

4-2 (40 minutt)

5-2 (50 minutt)

6-2 (60 minutt)

7-2 (64 minutt)

8-2 (66 minutt)

 

Trio sitt lag:
Vegar Teigen, Jonas Teigen, Mathias Gjelseng, Espen Aakre Sjo, Robin Steinsletten, Gaute Thorkildsen, Simen Hellevik Lie, Benjamin Skarveland, Sander Dolonen Brækken, Daniel Sørtveit, Vegard Fausk.

Innbyttarar: Anders Solheim Dyrhaug og Tarmo Tars.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart