|
Stor framgong på ei veke | | | | | J12: Trio-Stord1 0-4. For ei veke sidan debuterte Trio sitt nystarta J12-lag med 3-12 tap mot Solid, med Stord trenar Jan Erik Stenberg som tilskuar. I dag var det ein meget imponert Stord trenar som såg at jentene hans fekk betydelig tøffare motstand enn han hadde venta etter å ha sett kampen på Nysæter. Differansen blei til slutt 4-0 og det var fullt fortent, men du verden så mykje bedre fotballkamp vi leverer i dag enn sist - flott jobba jenter! | | |  | | Yngst og minst, men god i dag: Synna. |
Vi snakka kun om ein ting før kamp - som J11 gjorde sist - igangsetting bakfra uten å spele inn føre eget mål. Også 12-åringane viste at dei godt på veg har knekt koden på dette på ei veke. Med litt bedre struktur i forsvarsspelet også sidan sist - og vips er differansen på 9 mål sist blitt til 4 i dag. Mi vurdering er vel og at Stord var eit bedre lag enn Solid. Vi held stand til ca midten av første omgong, då scorar Stord 2 kjappe. Så er vi uheldige og får eitt til imot rett før unge Mathisen bles til pause. Vi er på noken småfarlige besøk føre Stord målet, men det er eit godt organisert Stord forsvar som slepp til lite, samt ein god keeper når vi får løsna skudd. | | |  | | Flott innsats av Oliwia mot Stord. | Vi hadde bare 2 å bytta på i dag og var redd jentene skulle bli trøytte utover kampen. Det var ingen grunn til. Dei løfta seg endå noken hakk og spelar endå jevnare med Stord i andre omgong. Vi taper andre omgong med eitt mål og dermed 0-4 til slutt.' Vi har ikkje noken som har bestemt seg for å vera keeper på laget endå, men Mari og Madel har delt på jobben i begge dei 2 første kampane. Det har gått kjempebra og begge 2 hadde i dag og fleire supre redningar og bidrog til å holda antal Stord-mål nede. Meget bra keeper-spel av begge 2. Begge spelte ute i motsatt omgong og klarte seg godt der og :) | | |  | | God kamp av Gina. | Snille jenter gjorde sitt til at dommar Marcus N. Mathisen slapp blåsa eit einaste frispark og «ein usynlige dommar» er som kjent ein god dommar :)' Om ei veke skal vi «ut på tur» - nærmare bestemt til Rubbestadneset, på jakt etter ytterligare framgong. | | | Trio sitt lag: Mari B. Helvik, Madel G. Gausvik, Synna H. Gjerding, Sandra Støle, Oliwia Chlebowicz, Gina E. Lindås, Synne H. Lee, Ida E. Brix, Luwam Tella. | | | - Trenar Per Einar Gjerding | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |