|
Skikkeleg nederlag på Halsnøy | | J13: Halsnøy-Trio 6-1. Som vanleg er jentene særs forsiktige i byrjinga av kampen, og når ein møter på eit Halsnøy-lag som er svoltne på revansj etter tap mot Rosendal, kan me ikkje starte kampen med å kvile middag. | | | Dei første 15 minuttane stod trenarane og grein på sidelinja, men så vakna jentene til liv. Etter 3 baklengsmål på 14 minuttar, så tok forsvaret meir ansvar, og klarte å la det vera med tre baklengs i første omgang. Midtbanen sleit med å finne fram til det gode spelet, og vart stadig overumpla av ivrige og flinke Halsnøyjenter.
| | | | I andre omgang gjekk Halsnøy igjen hardt ut, og 10 minuttar ut i omgangen låg Triojentene under 0-5. Igjen tok jentene meir tak, og etter 20 minuttar hadde me ein kjempesjanse aleine med keeper, men ballen gjekk rett utanfor mål. I det 27. minutt var det eit flott veggspel mellom Sofie og Emily, som ga Sofie kjempeopning og endelig vart det eit Trio mål, 5-1. Nokre minuttar seinere scora ivrige Halsnøyjenter igjen, og kampen enda til slutt med stortap 6-1.
| | | | Som trenarar har me nokre utfordringar knytta til å arbeide med jentene i forhold til innsats, teknikk og presisjon. Me får riste dette av oss og sjå fram i mot neste trening og kamp.
| | | Referent: Sure Siri :-) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |