|
Storseier i 7arkamp for jentelaget | | | | | J16: Djerv 1919-Trio 0-12. Jentelaget reiste torsdag ettermiddag med 10 jenter til 7arkamp mot Djerv 1919 i Haugesund. Av desse var det sesongdebut for 2 av dei yngste på laget som har slitt med sjukdom i vår, Marie og Jannike. Etter 6-0 til pause i surt regnver, dobla jentene etter kvilen og ga seg ikkje før det sto 12-0 på dommarkortet. | | |  | | Sterkt comeback av Marie etter sjukdom. |
7arfotball er litt fjernt for desse jentene i 2015, etter fleire år med 11ar. Vi øvte oss litt på mandag og med et forsvar som er opplært til å skyve godt etter og spisser som søker ned mot ball, ble det på trening mandag «god samling på midten» og ein heller svak generalprøve:). Vi snakka om dette i garderoben og viktigheten av at 2 spissar gjekk veldig høgt i banen for å skape rom både for seg sjølv og dei andre. Vi valgte ein 3-1-2 formasjon, med offensive sidebacker. Dette fungerte bra og spissane skapte det nødvendige rommet for å få kombinasjonsspelet etablert. Spesielt Mariel var villig og dyktig til å komma opp på si side og Synne scora eit flott mål eine gongen ho tok turen.
| | | | Det tok 5 minutt før den første låg i nettet. Då hadde dommaren allerede dokumentert at 7arfotball var litt fjernt for han og, då han blåste oss av for offside (?!) i det første angrepet like før vi skulle setta 1-0. Dei neste 15 minuttane er høgdepunktet i kampen og særdeles bra. Då spelar vi fantastisk bra klikk-klakk fotball på ett og to touch med nye bevegelsar og Djerv jentene er kun imponerte tilskuarar. Vi trillar nye 5 ballar til sides for målvakta dette kvarteret og er 6-0 opp etter ein fjerdedel av kampen. Siste halvdel av første omgang dett nivået litt og vi stoppar på seks til pause.
| | |  | | 5 mål & 3 assists: Mirka. | I andre omgang sprer jentene måla litt meir utover dei 40 minutta og har i periodar spel på høgt nivå med raske og presise kombinasjonar. Vår lagkaptein Ester står fram som SJEF i dag og gjer ein stor kamp fra midtbaneposisjonen sin. Ho har totalt 3 mål og 3 assists og er ofte hjernen bak mykje av det konstruktive framover. Ho avslutta dagen med å banka eit frispark knallhardt i hjørnet som prikken over i'en. Mirka må og trekkast fram med 5 scoringar og 3 assists på 16-års dagen - GRATULERA MED DAGEN, MIRKA :)
| | |  | | Kaptein i form: Ester med 3 mål & 3 assists. |
Ellers rullerer vi heile tida på dei 9 utespelarane for å fordela speletida best mulig. Kjekt å sjå både Marie og Jannike markera seg skikkelig allerede i første kamp for året. Marie var sentral spesielt i starten med assist og scoring på dei 2 første måla, i tillegg til å vera involvert i det meste som skjedde framover. Jannike fekk og registrert ein assist, vann mykje duellar og gjorde fornuftige og enkle valg med ball som ho etterkvart begynnar å få god trening i på J16-laget. Lea fekk vera med «å leka» nokon gonger og i dag. Blir fort noken tilfeldige sjanser sjølv med godt forsvarsspel uten offside og då var Lea klar kvar gong og rydda opp i kjent stil. Ho og laget har ikkje tenkt å sleppa inn mål i år virkar det som, 34-0 i målforskjell på 4 kampar no...
| | | | Ein godt gjennomført kamp, med til tider imponerande spel, men og svake periodar som siste 20 av første omgang. Well done, girls :)
| | | | Neste oppgåve no er Bremnes heime 7. mai, med full bane, 11 på kvar halvdel og med offside. Etter det blir det kamppause til 1. juni (Oddakampen er flytta), slik at 99-jentene får konsentrera seg fullt ut om ei skikkelig avslutning av ungdomsskule og eksamen.
| | | Takk til sjåfør Ørjan som losa oss trygt til og frå Haugesund i Trio bussen :)Kampfakta, Djervbanen: 1. div J16, RogalandDjerv 1919 - Trio 0-12 (0-6) 0-1 Ester (assist: Marie) 0-2 Marie 0-3 Mirka (Ester) 0-4 Ester (Mariel) 0-5 Mirka (Jannike) 0-6 Synne (Mirka) 0-7 Mirka (Ester) 0-8 Mirka (Ester) 0-9 June (Mirka) 0-10 June (Mirka) 0-11 (Mirka (June) 0-12 Ester
| | | Trio sitt lag: Lea Sofie Dalland, Mariel M. Madsgård, Madel H. Gjerding, Synne T. Nissestad, June E. Pedersen, Ester Djuvstad, Marie Normann, Jannike K. Røssland, Mirka J. Prieto, Ingvill M. Rusten.
- Trenar Per Einar Gjerding | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |