|
Pangstart på Tysnes | | | | | G16: Njardar/Tysnes-Trio/Halsnøy 2 1-2. Årets første bortekamp er og den lengste reisen. 13 gutar, 5 foreldre og 1 trener på tur var meget optimistiske og ved godt mot. Her er referat frå trenar Odd Henning Saghaug. | | |  | | Praktmål av Rasmus. |
Kampen er ikkje meir enn 1 min gammel når me får frispark frå 35-40 meter. Fram trer Rasmus og klinker til via tverligger og inn. Pangstart og eit fantastisk frispark. Etter dette har me god kontroll gjennom omgangen, men dei store sjansene uteblir. Grunnen til det er at me klumper oss for mykje i midten istaden for å trekke bredt. Når me ein sjelden gong får vingene ut på kant og åpner opp, så kjem me til sjanser. N/T produsere nesten ingenting. Har 2-3 farlige gjenomspill som forsvaret vårt ordner greit opp i.
| | | I pausen vart me enige om at me måtte bli flinkere til å spille bredt og bli mykje flinkere til å snu spillet. Men og vera obs på at N/T kunne komme ut i 100. Første 20 min av 2. omg så er me under sterkt press, N/T byr opp til krig utan interesse for å spille fint. Dei får ein regelrett feil idømt str etter 6 min. Men sidan Mathias sa han kom til å skyte over, så gjorde han det.
| | | Men etter 20 min med press og hard jobbing, kunne ikkje kondisen til N/T måle seg med gutta på T/H2, og me tok meir over. Jonas og Mathias tok over på midten, vingene fikk mykje rom som me utnytta. Ballen begynte å trille frå side til side. Gjenomspill til Gunnar på topp som alltid er på løp, og som for ein gongs skyld kommuniserte og gestikulerte kor han ville ha ballen. I denne perioden skaper me ein god del halvsjanser og fikk mange cornere. 10 min før slutt etter litt klabb og babb i feltet spenner Gunnar ein i helen og detter over ende. Det resulterte i ein straffe av det billige slaget til oss. Den setter Jonas sikkert i mål. 2-0. Like før dommer skal blåse av kampen så får N/T ein redusering. Surt å ikkje halde nullen. Men alt i alt ein fortjent seier.
| | | | Samtlige gutter skal ha stor skryt for innsatsen dei legger ned under sterkt press og for alltid å ha trua og vera positive. Alle 13 som var med på turen gjorde ein stor innsats. Viss eg skal trekke fram noken, må eg skryte ekstra over dei 4 i forsvar (Oliver, Mikal, Rasmus, Tobias) som kommuniserer bra og holder fine avstander, holder linja og sideforskyver som ein enhet og ikkje minst går i duellene uten frykt. Kjekt for ein gammel forsvarer og sjå.
| | | Ps: Tarmo Tars født i 01 var førstereisgutt på G16 og kom inn å gjorde ein kjempekamp. Bare å fortsette å jobbe hardt på trening så vert da nok fleire sjanser i framtiden.Kampfakta frå Reiso kunstgrasG16: Njardar/Tysnes- Trio/Halsnøy 2 1-2 (0-1) 0-1 (1 min) Rasmus Eik Sjo 0-2 (70 min) Jonas Tazo 1-2 (80 min)
| | | | Trio/Halsnøy sitt lag: Vebjørn Røssland, Mikal Øvstebø, Rasmus Eik Sjo, Oliver Lygrestein, Tobias Tvedten, Eirik Warberg, Mathias Grindheim, Jonas Tazo, Håvard Vågen, Marcus Størksen, Sindre Benjaminson, Gunnar Røsland, Tarmo Tars.
- Trenar Odd Henning Saghaug | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |