Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Ny siger til G13

Klikk på bilete for full storleik
 
G13: Trio-Stord1 6-1. Torsdag var det klart for den andre heimekampen til Trio G13. På andre halvdelen stod Stord, det tredje laget frå Sunnhordaland som er med i pulja vår. Etter tapet mot Bremnes i den fyrste heimekampen vår, hadde vi noko å revansjera denne gongen.
 

Men starten på kampen var ikkje heilt som vi hadde håpa på. Vi startar igjen litt famlande og forsiktig, og det tek ikkje meir enn eitt minutt før Stord går opp i leiinga.

 
Klikk på bilete for full storleik
4 mål av Ole-Tobias.

Men gutane brettar opp ermane og spelet vert betre og betre. Så, etter fine kombinasjonar på midtbanen, er det fullt fortent når Ole Tobias utliknar 6 minuttar ut i omgangen. Resten av omgangen er det mykje kriging og jobbing som pregar kampen. Men gutane visar fram litt godspel innimellom. Etter 13 minuttar får vi kampens angrep. Eit langt oppspel frå Joakim endar hos Martin, som spelar Mads gjennom på sida. Han legg fint inn framfor mål der Ole Tobias sikkert set inn 2-1. Eit glitrande angrep! Kampen fortset likevel i same sporet som før, med mykje spel på midtbanen. Stord skapar lite målsjansar, medan vi er farleg frampå ved fleire høve. Det er difor fullt fortent når Ole Tobias fem minuttar før pause set inn 3-1, og dermed får eit ekte hattrick.

 
Klikk på bilete for full storleik
Veldig god kamp av Brynjar.

Den andre omgangen styrer gutane frå start til slutt. Vi klarar og å få spelet til å gå litt betre, og gutane ser ut til å sleppa seg litt meir laus. Det går ikkje lang tid før Daniel er frampå etter at vi klarar å vinna ballen igjen høgt på halvdelen til Stord. Eit flott langskot limer seg inn oppe i hjørna. Fem minuttar etter er det nok ein gong Ole Tobias som er frampå. Han kjempar seg gjennom forsvaret til Stord på eigen hand, og set ballen sikkert nede i hjørna. Eit skikkeleg arbeidsmål. Vi skapar no fleire gode sjansar, og er åleine med keeper ved eit par høve, og har nokre skot som går like utanfor. 22 minuttar ut i omgangen er det difor fortent når Martin set inn vårt sjette og siste målet for dagen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Stødig keeperspel av Torstein.

I mål står Torstein nok ein gong ein god kamp, med sikker og god igangsetting av spelet. Forsvarsrekka vår, med Joakim (Marcus 35 min), Brynjar og Sander spelar og ein god kamp. Dei stoppar det som kjem av angrep, og vert betre og betre til å setja i gong spelet langs bakken. Sentralt på midtbanen er Daniel og Ole Tobias 'heilt sjefar'. Dei er gode på gjenvinning og igangsetting av spelet langs bakken, i tillegg til at dei i dag står for 5 av 6 mål. På sidene spelar både Isak og Mads godt. Dei er aktive både defensivt og offensivt, og skapar med gode løp fleire av måla og målsjansane våre. Martin spela i dag åleine på topp, og klarte seg bra. Er flink når han kjem litt ned i banen og set opp dei andre spelarane med gode gjennomspel. 

 

Gutane viste i dag at dei kjem til å bli vanskelege å slå framover. Etter ein litt forsiktig start av sesongen ser vi no at dei klarar å få spelet til å gli litt betre, samstundes som dei har 'tøffa' seg til litt, og vågar å trø til meir i duellane. Flott jobba gutar!

 

Desse var med mot Stord:
Torstein, Isak, Ole Tobias, Brynjar, Marcus, Sander, Joakim, Mads, Daniel og Martin.

 

- Tore og Osa

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart