
Andreas kom nok ein gong innpå og skapte mykje trøbbel for NBK.

Andreas redda fleire 100% sjansar frå NBK men klarte ikkje å unngå at dei satte inn 3 mål.
Lagoppstilling
Andreas Eide
Futsum Mebrathu, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Sander S. Lillesletten
Martin Veastad, Endre Eide, Håvard Haga, Eivind T. Saghaug
Allkan Abdulla
Andreas Charter Røyrvik
Reserva
Aleksander Ekeland, Andreas Thorkildsen, Vegard Johnsen, Warhel Suleiman, Eirik Werner Eikeland
Trio-Nordhordaland 1-3 (0-2)
0-1 15 min
0-2 40 min
0-3 74 min
1-3 78 min Ronny Hamre
Trio starta bra og hadde god kontroll på NBK dei første 10 minuttane. Me fekk 2 cornera som Ronny vant, men han klarte ikkje å styra dei på mål. Men så etter 15 minutt bommer Sander på eit oppspel og NBK får slått inn i feltet. Ronny har grei kontroll men også han bommer på klareringa. Aleina med Ronny og Eide gjer dei ingen feil og setter inn 1-0.
Kampen bølger litt fram og tilbake men Trio etterlater seg store rom mellom midtbane og forsvar. Det klarar NBK å utnytta og setter Trioforsvaret under press. Dei kjem aleina med keeper Eide 2 gongar men heldigvis ryddar han mesterleg opp. I tillegg må Ronny, Futsum og Henrik ned å tackla som bakerste mann.
Trio har sine sjansar og kunne fort ha scora nokre mål då Allkan og Martin kom seg fri ved 2-3 anledningar. Men i likhet med kampen mot Fitjar så sløser Trio med sjansane og sett ballen utanfor mål.
5 minutt før slutt tabber Trio seg ut igjen. I mangel på alternativ framover må Henrik venda opp og slå heim. Ballen får ein lei dabb og ballen finner veien til ein aggressiv NBK spiss. Andreas Eide reddar mesterleg igjen, men Trio har stoppa opp og har ikkje fanga opp NBK spelarane som kjem på sugande løp frå midtbanen. NBK får stå upressa og setta inn 2-0.
I pausen er det mange som henger med hovudet. Kjell Magnar er ikkje fornøyd og forvente forbedring til neste omgang. Det er altfor mange som ikkje har dagen og det er altfor store avstandar i ledda. I tillegg er det total mangel på struktur. Backane ligger for høgt og me klarar ikkje å spela oss ut bak i frå.
I andre omgang kan ein sjå ei viss bedring. Trio er meir på hugget og ballen går mykje raskare i lengderetningen. Trio får mange sjansar men NBK har parkert bussen. Etter 60 minutt kjem Andreas Thorkildsen inn for Sander. Han blir raskt venn med ballen og kjøre karusell med NBK forsvaret. Men dessverre blir det ofte ein dribling for mykje og NBK får som regel klarert. Men NBK er no blitt obs på ferdighetane til unge Thorkildsen og er tettare i han når han får ballen.
Trio dominerar no banespelet, men NBK er svært farlige på kontringar. Etter ei kontring vinn dei ein corner. Trio får i første omgang klarert men rotar det til igjen. Når dei fleste har Trio spelerane har sprunge fram igjen vinn NBK ballen tilbake og får slått inn i feltet. Der står Henrik og Ronny nærmast aleine mot 4-5 NBK spelera og har ikkje muluighet til å unngå at NBK får setja inn 3-0.
Det står 15 minuttar igjen og Trio fortsette å pressa på. Trio får ei redusering på ei heading av Ronny Hamre etter ein fin slått dødball av Endre. Det siste kvarteret får Trio muligheten fleire gonge. Ein dødball blir slått over alle og treff panna til Ronny som har sprunge seg fri på bakerste stolpe. Han headar ballen inn igjen der Henrik bare er cm frå å sette inn 2-3. Like etter kjem Ronny seg fri igjen og får setta hovudet på ballen. Denne gangen smeller ballen i stolpen. Men det blir ikkje fleire mål i og dommaren bles av kampen. Trio tapar alt i alt fortjent 3-1 etter ein svært dårlig prestasjon i første omgang. Vi er ikkje påskrudd i det heile og blir straffa hardt for det.
På torsdag kl 18.30 får Trio muligheten til å revansjere seg. Då kjem Bremnes, moderklubben til Futsum, på besøk.