Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Gjekk tom for krefter i motvinden

Klikk på bilete for full storleik
 
J12: Rubbestadneset-Trio 6-4. Det var ein redusert gjeng som tok turen til Bømlo tirsdag ettermiddag. Vi trudde vi var 10 jenter for 7ar kamp, men med 3 sjukdomsforfall siste 2 timane før avreise var vi plutselig lite spelarar. Emma fra J11 stilte opp på kort varsel slik at vi hadde ein innbyttar. Vi frykta likevel at vi skulle bli veldig slitne utover kampen - og det blei vi, ein flott 4-1 ledelse vart til eit hederlig 4-6 tap siste 20 minuttane - i forferdelig motvind.
 
Klikk på bilete for full storleik
Sandra løyste keeperjobben med bravur.

I første omgang hadde vi fordel av medvind, men det var Rubben som tok ledelsen 1-0. Dei hadde ein veldig god spelar som gjorde alt sjølv på det målet, dribla alle Triojentene og satte ballen sikkert til sides for sjanselaus keeper Sandra i første omgang. Etter det stengte godeste Sandra målet og slapp ikkje inn fleire, flott spelt og sporty innstilling av Sandra! Vår ferske 11-åring på laget, Emma, lot seg ikkje be 2 gonger då ho slapp til. Ho ordna 1-1 ikkje lenge etter. Då fekk jentene verkeleg trua på dette og med ett minutt mellomrom ordna venninnene Ida og Luwam 3-1 ledelse til oss og det sto seg også til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp i forsvar av Synne.
I andre omgang bytta Sandra og Oliwia på keeperplass (begge fekk for øvrig låna keeperhansker av Rubben, som hadde 2 par til 12-åringane, mens vi i Trio fortsatt har null :( Vi startar bra også etter kvilen og Ida bryt gjennom og ordnar 4-1. Dette står seg til det er att 15-20 minutt av kampen, då kjem det ei redusering, samtidig som motvinden blir stadig kraftigare og verre å hanskast med for etter kvart slitne jenter. Fram til dette hadde jentene bra struktur bakover og gjorde igangsettingar som vi har trena på. Som alle veit fell konsentrasjonen i takt med at ein blir trøtt fysisk og litt meir rusk hos oss i siste tredjedelen av kampen gjer at Rubben får satt 4 ballar til i målet vårt. Det sto og vippa på 4-4, då hadde vi og fleire gode sjansar, men det ville seg ikkje. Det enda då med eit 2-måls tap, men ytterligare framgong også resultatmessig for jentene etter 9-måls tap og 4-måls tap i dei 2 første.

 

Når vi sa at Stord var bedre enn Solid sist, må det seiast at Rubben var det svakaste laget vi har møtt så langt og vi kunne fort vunne dette med full tropp. Tenker vi tar de på Husnes til hausten :) Vi har litt å gå på fysisk, vi tapar ein del duellar om ball mot jenter som er mindre av vekst enn oss, men ønsker ballen meir - vi er litt forsiktige. Vi kan bli litt tøffare og bestemte på at «den ballen SKAL EG HA», noko Oliwia var veldig flink til i første omgang. Men bevares, vi tar med oss første 40 minutta der vi gjer masse bra og får til mykje av det vi har øvd på:)

Som Eggen sa; «vi må heim å øv meir».

På vei heim blei det tid til ein kjapp stopp på McDonalds på Heiane og det var populært. Om ei veke står Stord 2 for tur på Husnes. Før det skal vi trena i morgen og 11-åringane i gruppa i aksjon torsdag i Valeparken, i lokaloppgjer mot Ternen.

 
Trio sitt lag:
Emma S. Meling, Synna H. Gjerding, Sandra Støle, Oliwia Chlebowicz, Synne H. Lee, Ida E. Brix, Luwam Tella, Nadine Morstad.
 
- Karen Anne & Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart