|
Heilsprekk på slutten | | G14: Trio1-Solid 4-5. Ein særs god første omgong blir erstatta av ein dårleg andre omgong, og i dag blir vi diverre straffa hardt for dette. 4-0 midt i andre omgang vart til 4-5 ved kampslutt. | | |  | | Luftas baron: Espen. |
Første omgong starter veldig bra, vi får tidleg etablert eit spel der vi klarer å holde ballen i laget og tvinger Solid til å jage ball. Vi er flinke til å bruke kantane våre og vi speler oss fram til fleire sjansar. ' Etter 5 min. får vi corner og Vegard F. legg ballen klar på hjørnet, han slår ein perfekt corner som Espen møter på bakre stolpe. Som ein luftens baron stangar han oss i leiing, heilt fortent. | | |  | | Sander auka på straffe. |
Solid forsøker med eit svar, men i denne omgongen er vi strukturerte i forsvarsspelet vårt og hindrer Solid å komma til sjansar. Marcus gjer ein veldig god jobb på defensiv midtbane og vinn mange ballar der. Det som går forbi han ordner midtstopparparet vårt opp i, Mathias og spesielt Ole Martin gjer ein kjempejobb i 1. omgong og rydder opp i det meste. Solid har kun ein skikkelig sjanse i denne omgongen, då Ole Martin bommar på ei klarering og ein Solidspelar får skutt på mål frå kloss hold. Heldigvis for oss går skuddet utanfor. I denne perioden spelar vi godt med gode kombinasjonar mellom midtbane/kant, backane er flinke til å komma opp i støtte. | | |  | | 3-0: Gaute! |
Etter 20 min får vi straffe etter gjennomspel, denne set Sander trygt i mål. 2 min seinare har vi ny corner som havner framfor mål, etter mykje klabb og babb får Gaute pirka ballen i mål. Gutane er naturleg nok høgt oppe i pausen etter ein strålande omgong. ‘ Andre omgong starter bra for vår del, Simen som er komme inn for Gaute på midten slår ein god stikkar til Vegard som Solid får klarert til kast. Vegard kastar tilbake til Simen som mottar ballen på 16-meteren nede ved dødlinja, han rundar oppassaren sin og fører ballen mot mål, rundar av eit par-tre Solidspelarar til før han set ballen sikkert i mål til 4-0-ledelse. | | |  | | 4-0: Simen. |
Etter dette tar Solid fullstendig over. Det er kraftig vind på Kvednabekkjen som gjer det vanskelig for gutane å spela seg ut frå eigen banehalvdel. Vinden aukar på utover omgongen og dette gjer lange ballar ut umulig, Solid er flinke til å utnytta dette med høgt og aggressivt press på ballførar og når vi ikkje kan utnytta dette med lang ball ut blir det vanskelig for oss. | | | Solid presser hardt på for redusering men vi klarer lenge å stå i mot. Vegar T gjer mange gode redningar, men når vi ikkje klarer å få ballen skikkelig klarert blir det vanskelig. Når det er igjen litt over 15 min kjem den første reduseringa og då kollapsar vi. Det blir mykje kjefting og klaging på andre, vi klarer ikkje holde ballen i laget og no renn måla inn feil veg. 4-2, 4-3 og 4-4 kjem i rask rekkefølge og med 2 min igjen på klokka går Solid opp i ledelse 4-5. | | | Vi må ta med oss frå denne kampen den meget gode førsteomgongen, dette er noke av det betre vi har prestert nokon gong. Vi scorer mål på corner, her har vi tidligare vore litt tafatte men i dag scorer vi faktisk to :) | | | Og så må vi ta lærdom av andreomgongen der vi ikkje står sammen som eit lag. Verforhold kan vi ikkje gjere noko med, men når vi blir pressa slik som i denne kampen og det butter imot må vi stå betre sammen og hjelpe kvarandre, både i spel og spesielt moralsk. | | | - Trenar Bjørn B. Mathisen Kampfakta frå KvednabekkjenG14: Trio 1-Solid 4-5 (3-0) 1-0 (5 minutt) Espen Aakre Sjo 2-0 (20 minutt) Sander Dolonen Brækken (straffe) 3-0 (22 minutt) Gaute Thorkildsen 4-0 (40 minutt) Simen Hellevik Lie 4-1, 4-2, 4-3, 4-4, 4-5 i full fart siste kvarteret | | | Dommar: Patrick Solheim Fjelland, Halsnøy | | | Trio sitt lag: Vegar Teigen, Jonas Teigen, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Robin Steinsletten, Gaute Thorkildsen, Espen Aakre Sjo, Marcus Nilsen Mathisen, Benjamin Skarveland, Samson Nyrud Uppheim, Sander Dolonen Brækken, Vegard Fausk, Simen Hellevik Lie, Anders Solheim Dyrhaug. | | | | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |