Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tafatt gutekamp

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Trio/Halsnøy2-Odda2 2-2. Gutelaget tok eit litt heldig poeng då Odda var på besøk tysdag kveld. Gutane var ikkje heilt 'påskrudd' og leverte ein tam og tafatt førsteomgang, etterfølgd av ein noko betre andreomgang. Det var nok til eitt poeng.
 
Klikk på bilete for full storleik
Vebjørn var banens beste.

Det var lite som fungerte før pause og gutane virka tafatte over heile fjøla. Så også i eigen 16-meter, der Odda fekk gå i føring med to frisparkmål som lett hadde vore unngått med litt meir besluttsamhet. Elles ein vindfull dag på Kvednabekkjen, og då svarar det seg ikkje å spele mykje opp i lufta. Det var mykje slurv i avleveringane og lite vilje og initiativ utan ball.

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av Mikal.

Etter pause tok Trio/Halsnøy meir tak i kampen, men noko veldig trøkk offensivt vart det ikkje før midt i omgangen. Ei redusering gav litt blod på tann. Patrick vann ballen høgt i banen, Sander D flikka vidare og Marcus styrte ballen kontrollert i langhjørnet med venstreslegga.

'

Ti minutt før full tid kom også utlikninga, då Vebjørn smelte til frå 25 meter. Ballen fauk inn over ein sjanselaus Oddakeeper.

 
Klikk på bilete for full storleik
Sander frå G14 debuterte på G16 med eit godt innhopp.

Den store sluttspurten vart avbroten av eit gulkort og i dei 5 straff-minutta var Odda veldig nære å avgjere. Både åleine mot keeper Vebjørn, som redda, og med eit stolpetreff frå tre meters hald. Håvard kunne også avgjort med eit godt skot mot vinkelen på overtid, men keeper var med på notane.

'

Ein kunne vel venta litt meir av gutane enn det dei fekk til i dag. Litt for lite guts og driv, laget var litt baktungt og det mangla litt i både duellar og pasningsspel. Keeper Vebjørn og stoppar Mikal var dei som gjorde mest av seg i kveldens kamp.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio/Halsnøy2-Odda2 2-2 (0-2)

0-1 (10 minutt)

0-2 (18 minutt)

1-2 (58 minutt) Marcus Størksen

2-2 (70 minutt) Vebjørn Holmedal

 

Tilskodarar: Vel 20

Dommar: Geir Inge Myrvold, Eikelandsfjorden

Gult kort: Håvard Vågen, Mikal Øvstebø og eitt til Odda

 

Trio/Halsnøy sitt lag:
Vebjørn Røssland, Tobias Tvedten, Sander Eik Vevik, Mikal Øvstebø, Rasmus Eik Sjo, Oliver Lygresten, Patrick Solheim Fjelland, Marcus Størksen, Håvard Vågen, Sindre Benjaminson (Sander Dolonen Brækken frå 55 minutt), Eirik Alexander Warberg (Vebjørn Holmedal frå 25 minutt).

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart