|
Sterk bortesiger mot Vard 1 | G13: Vard Haugesund 1-Trio 1-7. I går kveld spelte smågutane sin andre bortekamp for sesongen. Denne gongen gjekk reisa til Haugesund, og motstandar var Vard 1. Vi var litt spente på kva motstandarane hadde å by på, men såg fram til ein tett og jamn kamp på gymnasbane 6. Vind og regn er ikkje eit ukjent fenomen i desse traktene, og heller ikkje denne kvelden. Sterk vind, ispedd kraftig regn, gjorde speleforholda utfordrande. | |  | Tre mål av Ole Tobias. |
Vi starta som vi har brukt å gjera dei siste kampane, med å gje vekk eit mål til motstandaren. Det går litt over eitt minutt før vi rotar det til i midtbaneleddet, og Vard får komma til skot rett framfor målet vårt. Ein kalddusj som det ser ut for at gutane treng for å komma i gong, noko dei gjer ganske raskt. Det går ikkje meir enn 5 minuttar før Ole Tobias utliknar. Daniel fekk sendt avgårde eit godt skot, som keeper så vidt fekk avklara, men då var Ole Tobias der på returen og satte ballen kontant i mål. | |  | Gode crossarar frå Joakim. |
No gjekk det rundt 20 minuttar med mykje spel og kriging på midtbanen. Ver og føreforhold gav ikkje gutane noko gratis, og det var vanskeleg å få til noko godt spel. Men gutane våre jobba seg meir og meir inn i kampen, og etter 23 minuttar var Ole Tobias frampå igjen. No etter eit massivt trykk mot mål, der ballen til slutt hamna hos Ole som banka inn 2-1. Før kampen snakka vi om at vi må bli flinkare til å slå ballen litt lengre når det vert for trongt på sidene. Både Joakim og Isak viste i dag fram gode langpasningar, som opna opp Vard sitt lag. Det tredje målet vårt kom etter ein slik pasning. Joakim slår ein glimrande pasning over forsvaret til Vard, der har Mads allereie starta løpet. Åleine med keeper scorar han sikkert. Vi går til pause med 3-1, og ser fram til delvis medvind i andre omgang. | |  | Forsvarsdirigent Brynjar. |
Gutane var nøgde med gjennomføringa av fyrste omgang, og var klare på at dette vi måtte vi jobba inn. Som sagt så gjort. Det går ikkje meir enn eit par minuttar før Mads vinn ballen høgt i banen, utfordrar ein mot ein, og kjem åleine med keeper - 4-1 er eit faktum. Gutane styrer no det meste som skjer på banen. Dei er gode i duellane, aggressive i presset og let ikkje Vard komma til farlege sjansar. Forsvaret vårt, med Joakim, Brynjar og Isak har stålkontroll, og Torstein er offensiv og god til å styra gjengen føre seg frå keeperplassen. Framover på banen skapar vi etter kvart fleire gode sjansar. Ole Tobias og Daniel styrer som vanleg den sentrale midtbanen, og Ole set i gang med eit lite dribleshow midtvegs i omgangen. Det endar med ein dobbel-tunnell på ein Vard-forsvarar, før han legg ballen inn føre mål. Der er Martin på plass og bankar inn 5-1. | |  | God innsats på topp av Magnus. |
No går lufta meir eller mindre ut av vertane, og kort tid etter gjer Ole Tobias det meste åleine. Han får ballen høgt i banen og utfordrar ein mot ein, åleine med keeper scorar han sikkert. Til slutt er det Martin som vinn ballen etter litt klabb og babb føre Vard-målet. Han lurer av ein mann før han set ballen nede i hjørna. Lars var i dag tilbake på topp, og var farleg frampå ved eit par høve. Magnus fekk og prøva seg som angripar, og jobba godt og var tøff i duellane. Marcus er leigesoldaten vår, og legg ned godt arbeid uansett kvar han blir plassert, og gjorde i dag ein god jobb som kantspelar. Vard slenger mot slutten av eit langskot som treff tverrliggjaren, men er elles aldri farlege. Etter flott innsats over heile linja vinn vi 7-1! | |  | Allsidig: Marcus kan spele overalt. |
Desse var med i dag: Torstein Olderkjær, Joakim Heimvik, Brynjar H. Gjerding, Isak Mo, Marcus Nilsen Mathisen, Mads Jørgensen, Daniel Normann, Ole Tobias Brendeland, Lars Olderkjær Larsen, Magnus Vik og Martin H. Arnesen. ' - Tore og Osa | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |