Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Nok eit surt tap for Halsnøy

Klikk på bilete for full storleik
 
J13: Trio-Halsnøy 0-6. Mykje meir på i frå start. Jamnt lenge og jentene jobbar godt på midten. Diverre er jentene te Halsnøy heilt rå, og er eit hakk framføre. Trenar Siri melder om god innsats, sjølv om det rakna litt på slutten.
 
Klikk på bilete for full storleik
Hedda tek innkast.

Stad: Valeparken
Dommar: Henning Solheim, som gjorde ein framifrå jobb! 
'
Etter ti minutt leier Halsnøy 1-0. Etter 20 min vaknar Ida, dreg ballen m seg frå midten og eit kjempeskot rett utanfor mål. Resten av omgangen er det jamnt press frå begge lag, og omgangen endar 0-1 te Halsnøy.

 
I neste omgang er jentene med i frå start. Dei jobbar knallhardt og Halsnøyjentene vert frustrerte. Tidvis er det flott spel i frå forsvar via midtbane og opp til spiss. Midt i omgangen får me eit frispark på 8 meteren, men skotet endar i beina på muren til Halsnøy.
 
Klikk på bilete for full storleik
Engasjement på sidelinja.
 
Klikk på bilete for full storleik
Skeptisk trenar.

Etter 20 minuttar spelar Halsnøy seg fram til ein kjempesjanse og det er 0-2 til bortelaget. Ein gedigen forsvarsglipp minuttet etterpå og me slepp inn tredje målet. Fjerde målet kjem rett etterpå. Ein forsvarspelar er uheldig og skal klarere, men header i eige mål... Så hentar me oss inn att, men etter ei kontring så scorer Halsnøy igjen 0-5. Og så 0-6. Total sprekk det siste kvarteret.

 

Oppsummert! Eit Trio-lag som viser gode tendensar, tidvis glitrande spel, men taper mot eit Halsnøy-lag som vil meir, særskild dei siste 20 minuttane i 2. omgang. Om me tapte kampen så vann me på tribunen. Fantastisk heiagjeng i dag. Jentene hadde fortjent bedre men slik er fotball. Me brettar opp armane og må jobbe vidare.
'
Helsing Roger, Jarle og Siri

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart