Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Hagogba enda måltørken.

Klikk på bilete for full storleik
Håvard scora 2 mål mot Bremnes
 
Torsdag kveld tok Trio i mot Bremnes på Husnes idrettsplass. Haga sa som han alltid gjere før kamp: ' I dag score eg!' Og det gjorde han og enda med det sin langvarige måltørke. Han scora Trio sine 2 første mål i det som blei 4-1 siger over moderklubben til Futsum.
 
Klikk på bilete for full storleik
Endre leika seg på midten og var svært sentral i oppbyggingfasen

Kjell Magnar fekk orden på Trio sitt angrepsspel i 2 omgang

Haga hadde ballen mykje mot Bremnes. (bilde frå i fjorårets oppgjer mot Bremnes. Foto: Marius Nissestad)

Eide hadde lite å gjera i dag, men måtte plukka ut ein sur ball av nettet i det 90 minutt.

Futusm synes det var deilig å slå kammeratane sine frå Bremnes og delte ut mange klemmar etter kampen.

Haga var både høgt og lågt. Her frå kampen mot Gneist. (M.Nissestad)

Super-sub!! Kommer nok ein gong innpå og setter sitt preg på kampen. Scorer 3-0 målet.

Eivind har åpna målkontoen! Stang ut i 3 kampar på rad enda endelig i scoring mot Bremnes.

Lagoppstilling

 

Andreas Eide

Futsum Mebrathu, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Eivind T. Saghaug

Vemund L. Grønstøl, Endre Eide, Håvard Haga, Martin Veastad

Allkan Abdulla

Andreas Charter Røyrvik

 

Reserva

 

Roger Røssland, Aleksander Ekeland, Andreas Thorkildsen, Vegard O. Johnsen, Mats Ekeland

 

Trio - Bremnes 4-1 (2-0)

 

1-0 Håvard Haga, 16 min

2-0 Håvard Haga, 45 min

3-0 Andreas Thorkildsen, 63 min

4-0 Eivind T. Saghaug, 85 min

4-1 Even Munkvold, 90 min 

 

Grasbanen var strøken og det var regn i været då Bremnes kom på besøk torsdag kveld. Trio ønska å reise kjerringa etter det bitre tapet mot Nordhordaland sist lørdag. Men Trio imponerte ikkje i 1.omgang sjølv om det stod 2-0 til pause.

 

Anført av ein heiltent Håvard Haga tok Trio tidleg kommando på kampen. Me vant ballen enkelt på midten og strødde han så ut på kantane eller i bakrom. Etter 16 min var Allkan på farten. Han dribla seg rundt 2-3 Bremnes forsvarera før han fant ein umarkert Haga på 18 meter. Han fekk god tid til å legga ballen til rette og curla ballen inn ved høgre stolpe. Flott mål og 1-0 til Trio.

 

Etter det bølga kampen litt fram og tilbake. Det blei for mykje ballføring på Trio og me flytta ikkje ballen raskt nok. I tillegg la me ikkje press på deira høgreback som kunne ta med seg ballen nesten opp til midtbanen før han slo ballen i bakrom på deira venstre kant. Trio var farleg på dødball og Ronny fekk stiga opp aleina og heada, men siktet var ikkje stilt inn i dag.

 

Då kampen nærma seg pause vant Trio ballen høgt oppe i banen. Charter, Martin og Allkan kombinerte fint og Haga fekk til slutt ballen på 20 meter. Han såg at det var ledig ved venstre stolpe og la ballen til rette. Han sklei i det skotet gjekk og ballen fekk ikkje heilt den rette farten. Men det gjorde ikkje noko då ballen dabba før keeper og sneik seg inn i nettet. Haga feira med ei vakker kollbøtta og Trio kunne feira 2-0.

 

I pausen var ikkje Kjell Magnar heilt fornøyd. Han meinte me hadde mykje meir å gå på og han syns ikkje ballen gjekk fort nok. I tillegg måtte me legga meir press på høgrebacken deira slik at han ikkje fekk slått ballen så mykje i bakrom.


Trio starta kampen med eit stormløp mot mål Bremnes målet. Haga og Endre vant mykje på midten og fekk store rom. Vemund og Martin gjekk mykje på løp og bak dei kom Eivind og Futsum på overlapp. I boksen var det berre små margina som gjorde at me ikkje scora mål.

 

Etter 15 minutt må Martin gje seg. Inn kjem super-sub Andreas Thorkildsen. Det går ikkje lange tida før han viser seg fram. Han mottar ballen på venstrekanten av 16 meteren til Bremnes og stikker ut kursen mot mål. 2 Bremnesspelera blir finta ut og Thorkildsen tråkler seg vidare. I det han er på høgde med stolpen så sende han eit uventa skot mot stolperota. Charter står i ballbanen samtidig som han er i offside, men løfter foten slik at ballen finner veien til nettet. 3-0! Bremnes protesterte og meinte dommaren burde blåsa offside på Charter. Dommaren var ikkje enig og sa at han ikkje var involvert i spelet.

 

No gjekk piffen utav Bremnes og Trio fekk store rom på midten. I tillegg vant me ballen høgt i banen og satte Bremnes under eit stort press. Allkan, Eivind, Henrik, Ronny, Endre og Charter hadde alle muligheten til å scora men Bremnes fekk avverga i siste liten. Spesielt Henrik si heading var farleg då den blei den redda på streken av ein svært atletisk Bremnesforsvarar. 

 

Kampen nærma seg no slutten og Endre blei bytta ut til fordel for Vegard som gjekk inn på venstrebacken. Eivind blei flytta opp på kanten noko som raskt resulterte i mål. Etter fint spel med Thorkildsen kom Eivind seg fri på dødlinja. Han la først inn foran mål men innlegget blei blokkert. Eivind fekk ballen tilbake og denne gangen valgte han å skyta. Frå nesten død vinkel banka han ballen i nett-taket. Ei flott scoring av unge Tufta Saghaug.

 

Heilt på tampen fekk Bremnes eit trøstemål då dei ein sjeldan gong var på besøk i Trio sin 16 meter. Der og då så satte det ein liten dempar på seieren men alt i alt må me vera fornøyd med 3 fortjente poeng.

 

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart