|
Nullen sprakk på heilsvart dag | | J16: Trio-Bremnes 0-1. Jentelaget var torsdag kveld i aksjon mot Bremnes, samtidig som A-laget til Trio kjempa mot samme klubb på naturgraset. Det gjekk bedre for A-laget enn for jentene, som hadde ein kollektivt svart dag på banen og lot Bremnes reisa frå Husnes med 1-0 seier og 3 poeng. | | | «Game plan» for dagen var å la motstander låne ballen minst mulig, aggressivt ballpress og gi de minst mulig tid. Med ball i laget skulle vi velge enkle løsninger og spille ballen langs bakken i vinden og skyve etter med heile laget. Vi klarte ingenting av dette i dag dessverre, svært skuffande etter den gode treninga på mandag. Jentene var ikkje til å kjenna igjen i dag og eg anar ikkje kvifor.
| | |  | | Best på ein dårleg dag: Lisbeth. |
Bremnesjentene kom med tru og vilje til å kriga. Triojentene virka som dei trudde dette skulle gå av seg sjølv og at naboen skulle ordne opp. Tapte alt av første-, andre og tredjeballer og då blir det tungt å vinna fotballkampar. Når vi vann ballen, vart det enten for oppkava og «sparking», eller vi prøvte, men bomma svært ofte med pasningane. Lenge sida eg har sett så mange feilpasningar av dette laget som i dag. På ein dårlig dag var det kun midtforsvaret som var i nærheten av vanlig nivå av utespelarane. Dei har sin styrke i duellspelet og tok opp kampen med tøffe Bremnes jenter, men hadde sin andel feilpasningar dei og. Det skal seiast at vi har jenter nett tilbake frå sjukdom og skader som nok ikkje er i sin beste fysiske form. Eg har desse åra skrytt mykje og fortent av desse flinke jentene, men i dag blir det litt «ris». Alle lag har imidlertid dårlige dagar. Vi hadde definitivt ein slik i dag, så vi får satsa på eit revansjesugent Triolag ved neste anledning, som har lyst å prestera og lyst å vinna.
| | | Det blei litt diskusjon på linja etter ein episode i første omgang som minna fælt om då Mathilde brakk armen i Danmark i fjor. Vilde i duell på vår side (like ved oss så vi ser det heile bedre enn alle andre), stor fart, ubalanse og strak arm fra Bremnesjenta, Vilde overende. Heldigvis med bedre utfall enn for Mathilde i Danmark. Spontan reaksjon frå oss i retning dommar (vi definerar dette som svært farlig spel som MÅ slåast ned på). Ikkje frispark, seier dommar og Bremnesledarane støtter dette fullt ut og seier vi må stimulera til meir slik i jente-/dame fotball. Greit å stimulera til bruk av fysikk, men ikkje til farlig spel! Då er vi på ville veier. Då toppa det seg litt noken minutt, men det roa seg. Jentene var litt frustrerte dei og over total mangel på å vera konsekvent mht armbruk frå dommaren si side. Ein ante aldri når det kom til å bli frispark. Men vi kan på tross av dette, dessverre ikkje skylda tapet på andre enn oss sjølve. Bremnes ønsker definitivt dei 3 poenga meir enn oss og vinn ikkje ufortent.
| | | No har jentene ein pause i kamp-programmet til 1. juni, då er det topp-oppgjør i Odda. Lykke til på eksamen, «99ers» :) Kampfakta, Kvednabekkjen: 1. div J16, RogalandTrio - Bremnes 0-1 (0-0) Dommar: Åge Eide, Leirvik BK, svak, som oss
| | | Trio sitt lag: Lea Sofie Dalland, Mariel M. Madsgård, Madel H. Gjerding, Lisbeth V. Solberg, Synne T. Nissestad, June E. Pedersen, Ester Djuvstad, Marie Normann, Vilde Teigen, Jannike K. Røssland, Susanne P. Kabbe, Mirka J. Prieto, Ingvill M. Rusten, Zumilana Eldi.
| | | - Trenar Per Einar Gjerding | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |