Trio J11 fortsetter storspelet! |
 | | Jentene og trenar Bjørn jublar for flott kamp mot Ternen. |
|
| |
| J11: Ternen-Trio. 1-4. I sesongens andre kamp møtte Trio J11 Ternen i lokaloppgjer i Valeparken. Veret var passelig surt, men humøret var heldigvis på topp blant spelarar og tilskodarar. Foreldre, besteforeldre, tanter og onklar var samla for å sjå sine håpefulle. |
| |
 | | Kaffipause. |
Jentene opnar kampen veldig bra og er på hugget frå første spark, vi får tidleg etablert eit spel der vi klarer å holde ballen i laget og tvinger Ternen til å jage ball. Presset er stort rundt målet til Ternen, jentene har sjanse på sjanse som enten blir avverga av Ternen sin gode keeper eller går utanfor. Halvvegs uti omgongen, etter noko klyngespel, klarer Aurora og frigjera ballen før ho klinka den forbi keeper og satte første målet. Jubelen var stor og jentene fekk ny energi på banen. Berre fem minutt seinare lander eit langt utkast frå Ternen sin keeper hos Margrethe som klinker til på første og sender av gårde ein høg ball som gjekk rett over keeper til 2-0. Kjempemål!
|
| |
Vi styrer kampen heilt til pausen. Andre omgong starter som første der Trio dominerer spelet og skaper sjansane, men nokre minutt uti omgangen er konsentrasjonen på andre ting enn kampen og Ternen utnytter muligheten og gir oss eit mål i mot. Her må vi følgja med for å føre kampen. Jentene hentar seg for øvrig raskt inn igjen og viser godt samarbeid med fint pasningsspel og gode bevegelsar , cornerdronninga Emma gir oss eit tredje mål, corner, touch Ternenspelar, mål! Kjempe stas!
|
| |
Kampen nærmer seg slutten og målmaskinen June Marie får endeleg scora eit velfortjent mål før dommaren blåste i fløyta, ho har mange sjansar i dag og då er det veldig kjekt å få seg eit mål. Kampen i dag er ein lagseier der alle jentene fortener spalteplass:
|
| |
Ragnhild: Spelte eit stødig forsvarsspel i dag. Ho er roleg i spelet og brukar sidene godt. Ragnhild har knekt koden på igangsetjing bakfrå!
|
| |
Ingeborg: Bunnsolid som alltid. Ho skremte vekk det meste av spelarar som nærma seg mål. Ho er sterk i kroppen og pressar i frå.
|
| |
Emma: Jobbar som ein helt på midten, ho vinn dei fleste duellar og gir seg aldri! Er eit skikkelig uromoment for motstandarane våre.
|
| |
Margrethe: Kom innpå som spiss og gav oss ei stor måloppleving. Ho var på hugget heile kampen og storkoste seg på banen.
|
| |
Synna: Ho har ein fantastisk fotballforståelse, Synna er på rett plass til rett tid heile tida. Synna gjorde ein framifrå jobb på midtbanen, etter ein kort pause hadde ho hovedansvar for forsvaret mens Ingeborg fekk seg ein pause. Det vart ein roleg dag på keeper.
|
| |
June: Spelte flott forsvarsspel i dag og redda «oss» opp til fleire ganger. June har «is i magen» og kontrollerer ballen vekk frå eige mål. June er også flink til å få ballen vekk frå egen halvdel og serverer flotte ballar til midtbanen.
|
| |
Aurora: Starta som ein propell på midtbanen, har god evne til å vere der det skjer. Ho serverte mange flotte ballar til spiss og klinka inn dagens første mål til stor glede for laget.
|
| |
June Marie: Jobba over heile banen til einkvar tid. June Marie hadde utallige sjansar på mål, men ein god Ternerkeeper holdt målet reint lenge. 5 minuttar før slutt fekk June Marie eit velfortjent mål! June er sterk i kroppen og kjapp på løp.
|
| |
Victoria: Opna flott i forsvar i første omgang. Victoria er flink til å få ballen vekk og redda fleire situasjonar. I andre omgang gjorde Victoria ein solid jobb i mål. Takka vera god innsats fekk berre Ternen eitt mål.
|
| |
Jenny: Stod i mål i første omgong og fekk det svært roleg takka vera godt forsvarsspel. I andre omgang gjorde Jenny ein god innsats som spiss, ho var aktiv med både løp og sentringar til lagveninner i betre posisjonar.
|
| |
Rim: Er sjølvsikker og trygg i forsvar. Rim er knallgod på å få ballen vekk frå eigen halvdel og servera midtbane gode sentringar. Keeper er trygg når Rim passar på.
|
| |
Vi ser ein flott progresjon hos alle jentene. Dei responderer veldig bra på det vi trener på, det er ei fryd å sjå på når dei speler. Vi gler oss allereie til heimekamp mot Strand-Ulv 21. mai.
|
| |
Takk til føresatte som stilte opp i dag, og til Monica som serverte kaffi, toddy, kakao og kjeks til alle som ville ha. Det smakte ekstra godt i eit surt ver!
|
| |
Laget til Trio J11: Jenny Hellevik Lie, Ingeborg Stensletten Hagan, Rim Sami, Victoria Joleik, Margrete Hillestad, Aurora Nilsen Mathisen, June Marie S. Bjelland, Emma S. Meling, Synna Holmedal Gjerding, Ragnhild Åkre Hauge, June Svellingen Hammer.
|
| |
Trenar: Bjørn Bjelland Mathisen |
| |
| |
|
|
|