|
Surt tap på tampen | | | | | G19: Trio/Rosendal/Halsnøy-Smørås1 1-2. Juniorane hadde god kontroll på Smørås til 87 spelte minutt, men på tampen kom to kjappe baklengs som gjorde at stormunna bergensarar kunne juble for å få med alle poenga heimatt. | | | Første kamp på gras for juniorane, etter at årets første grastrening vart unnagjort i går. Mange fråver i dag grunna russetur og A-kamp for Rosendal, men vi mønstra likevel 15 mann, inkludert tre G16-spelarar.
| | | Smørås starta best, medan Trio/Ros/HIL kom sterkare utover i førsteomgangen og dominerte mot slutten. Men i begge endar vart det ein veldig sjansefattig kamp. Olav hadde ei fin eihandsredning på einaste sjansen til bortelaget før pause, medan Eivind og Mathias hadde vore beste sjansar, dog var heller ikkje dei særskildt store.
| | |  | | Scoring av debutant Mathias (15). |
Men andreomgangen starta kvinnheringane mykje meir besluttsamt. Midtstoppar og kaptein Olav var farleg frampå med ei heading, som keeper slo til corner. Olav vann også duellen i forkant av scoringa. Nedfallsfrukta tok G16-spelar Mathias seg av, og knalla 1-0 kontant i nota. Vi heldt fram med eit visst trøkk ein periode til, før kampen seig tilbake i same tralten som før kvilen: Mange tøffe og intense duellar på midten, men veldig lite action framom måla.
| | | Så var det altså berre 3 minutt att på klokka då ein tilsynelatande ufarleg overgang endte i utlikning etter kommunikasjonssvikt i bakre rekkjer. Og på overtid forsynte bergensarane sågar seg med alle tre poenga, då eit frispark frå midtstreken(!) gjekk over alt og alle og datt ned i mål.
| | | Eit surt tap for eit hardt arbeidande TRH-lag, der særleg Rudi sto fram i dag. Han får pokalen som banens beste, tett følgd av midtstopparduo Warhel og Olav, som sørga for at bortelaget knappast kom til sjansar. Då er neste dyst også heimekamp og på gras, men då i Rosendal. Motstandar då er Askøy og kampen går 2.pinsedag. Kampfakta frå Husnes stadionG19: Trio/Rosendal/Halsnøy-Smørås1 1-2 (0-0) 1-0 (48 minutt) Mathias Guddal 1-1 (88 minutt) 1-2 (90 minutt)
| | | Tilskodarar: Om lag 25, veldig skuffande Dommar: Steinar Sæther, Odda Gult kort: Eivind Tufta Saghaug og Eirik Wangensten.
| | | Trio/Rosendal/Halsnøy sitt lag: Olav Lernes, Torgeir Bøyum (Daniel Øvstebø frå 45 minutt), Olav Kvandal Myklebust, Warhel Suleman, Saimon Gebreslasie (Jonas Are Mehl frå 66 minutt), Eivind Tufta Saghaug, Simen Røssland (Vemund L. Grønstøl frå 85 minutt), Rudi Molvik, Emanuel Onasaka, Mathias Guddal, Jarand Naterstad (Eirik Wangensten frå 49 minutt). | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |