Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Grei siger mot Fitjar

Klikk på bilete for full storleik
Grei siger for smågutane. Som ein ser var biletet ikkje teke i kveld...
 
G14: Trio 2-Fitjar 3-0. Smågutane tok ein grei siger utan å ta fram det heilt store spelet i regnskyllet på Kvednabekkjen måndag kveld. I ein jamnspelt kamp var det vi som hadde mest å fare med i den siste tredjedelen av banen.
 

Vi mønstra nesten like mange 13-åringar som 14-åringar i dag og det gjev oss litt meir offensiv slagkraft. Det gav oss også heile 5 innbyttarar og sjølv om mødrene synest det er beste med mange innbyttarar, er det eit strev å forhalde seg til som trenar. - Kan eg få innpå nooooo? :)

 

Fitjar framsto som eit veldig velspelande lag med mange kvikke, tekniske gutar som kombinerte fint i lag. Dei hadde hakket meir driv i banespelet enn vi hadde, men dei mangla litt framme i banen, der dei ofte vart litt ivrige og upresise. Det skal vi nok vera glade for, men med det skaffa vi oss også relativt god kontroll bakover. Keeper Tormod heldt i allefall roen, men det hadde han nok gjort sjølv om Dovrefjell hadde falle også :)

 
Klikk på bilete for full storleik
Tre målgjevande av Sander.

Vi derimot, var rett så kvasse framover. Vi mønstra nokre skikkelege måltjuvar i front og dei svikta ikkje. Sander var involvert i det meste vi skapte offensivt, der vi gjerne brukte venstresida i overkant mykje. Kvarteret ut i omgangen scora vi to kjappe etter forarbeid frå dampen frå Finnmark. Først var Martin på rett plass til rett tid og knappe femminuttet etter var det Lars som avslutta eit strålande angrep, der Sander sitt innlegg vart spelt innatt av Mads på bakre stolpe. Lars kunne rett etter også ha auka då han kom åleine gjennom etter at Espen vann ein hovudduell. Men flott parade av keeper og det sto 2-0 midtvegs.

 

Det var vi godt nøgde med og vi terpa stort sett på det same som før start. Vi kunne vera litt tøffare i duellane og kome meir opp i motstandaren, før dei fekk kontroll og kunne drible. Målsniken Lars gjekk ut, men inn kom ein anna målsnik. Daniel trengte berre vel minuttet på å sette inn 3-0. Jonas spelte inn frå venstre, Sander flikka og Daniel drog ballen over på venstrefoten, før han viste at han er 14-årskullets klårt beste avsluttar. Lekkert!

 
Klikk på bilete for full storleik
Banens beste: Joakim.

Sidan gjekk kampen føre seg relativt sjansefattig. Det vart mykje bytter og rokeringar på oss, men sjølv med 16 mann på blokka, må alle få sin porsjon speletid. Tidvis var vi litt stressa bakover siste kvarteret, men også her vart Fitjarbuen litt for upresise og Tormod kunne notere årets første clean sheet. Han var stødig i dag, men bestemannspremien går til Joakim, som var solid både som back og stoppar. Uansett ein godt gjennomført kamp av alle.

 

I morgon ventar ei beintøff oppgåve for Trio 1, som får besøk av den suverene serieleiar Odda.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G14: Trio 2-Fitjar 3-0 (2-0)

1-0 (13 minutt) Martin H. Arnesen

2-0 (17 minutt) Lars Olderkjær Larsen

3-0 (37 minutt) Daniel Sørtveit

 

Tilskodarar: Ca 25 standhaftige i eit forferdeleg regnver

Dommartrio: Nikolai Mayer, Vebjørn Røssland, Marcus Størksen

Ingen kort.

 

Trio sitt lag:

Tormod Sund Vårdal, Joakim Heimvik, Ole Martin Byrknes (Edvin Vågen Bjørgvik frå 50 minutt), Tarmo Tars, Torstein Olderkjær (Jonas Teigen frå 35 minutt), Mads Jørgensen (Magnus Vik frå 50 minutt), Marcus Nilsen Mathisen, Espen Aakre Sjo (Simen Hellevik Lie frå 35 minutt), Sander Dolonen Brækken, Lars Olderkjær Larsen (Daniel Sørtveit frå 35 minutt), Martin Hjelmeland Arnesen.

Samt nokre småbytter på tampen.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart