|
Tøff kamp mot topplaget | | | | | G14: Trio1-Odda 3-11. Som venta vart det i tøffaste laget mot serieleiaren, som er gode, raske og fysisk sterke. Trass mange baklengs, er det likevel råd å finne mykje positivt. | | |  | | Simen. |
Som om Odda ikkje er fysisk sterke nok frå før, har dei også to 15-åringar med på laget på dispensasjon, sjølv om dei har to G16-lag i serie også. Sjølv er vi veldig snille, på defensive cornerar går vi sågar Mor Theresa ein høg gong. Men tek vi vekk at vi ikkje har øvd på cornerar (4 baklengs) og sliter ein del med tynne bein på målspark (2-3 baklengs), så kan vi finne positive takter også. Noko som mellom anna resulterte i tre flotte scoringar på herlege angrep! | | | Vi var enige om å vera tøffe i duellane, men det er noko som ikkje kjem over natta. Særleg i andre omgang viser vi betring her, men inne i målfeltet har vi mykje å hente. To mål på første fem minutta, begge etter manglande dekking på corner. Og kvarteret ut i kampen står det 0-4. | | |  | | Tarmo. |
Så får Gaute eit gulkort. Mest eit uhell det, men vi lagar i det minste eit frispark og det ser ut til å vekke oss litt med tanke på det vi skulle fokusere på: å vera tøffare i duellane. Fram mot pause heva vi oss betrakteleg og kjempa oss inn i kampen. ' Slutten av omgangen vart dog kaotisk: Dommar la til eit par minutt og i målprotokollen kunne det frå siste speleminutt og fram til pause noterast tre scoringar til Odda og eitt til oss! Vår scoring var retteleg flott. Eit angrep med god flyt der pasningane traff perfekt løpa i lengderetning og Tarmo kom gjennom og scora sikkert. Men dårleg start og dei tre baklengsa på tampen gjorde at det var ingen vits i å fokusere på resultatet resten av kampen. | | |  | | Sander. |
I staden fokuserte vi på prestasjonen vår og kva vi kunne gjere betre. Vi klarte denne gongen å halde ein fin tone i laget og jobba betre for kvarandre. Meir trøkk i duellane vart det også. Rett nok ein dårleg start med to baklengs på første fem, også denne gong cornermål i mot. Men etter kvart heva vi oss. Og scoringa vår var det høg klasse over. Nytt fint angrep med stort tempo. Tarmo leverte ei gjennombrotspasning av minst like høg klasse som Messi sin mot Suarez seinare på kvelden, og Sander storma inn frå kant og scora sikkert. | | |  | | Vegar. |
Odda scora to gongar til resten av omgangen og vi endte på 3-11. Stygge sifre, men Odda er eit sterkt lag og som sagt mykje positivt frå våre gutar. Nokre trenarar tek gjerne av etter ein storsiger og strør ut godord til alle spelarane. Eg gjer det i staden etter denne kampen, uavhengig av resultatet. For vi får skunde oss langsamt og vi ser framgong i prestasjonane. Så her er litt om kvar av gutane som spelte i dag: ' Vegar: Reaksjonssterk og uredd. Når konsentrasjonen varar lenger, blir tryggheten større også :) | | |  | | Ole Martin. |
Benjamin: Veldig redusert i dag pga skade og måtte gje seg tidleg. Har normalt eit driv som få andre. God med ball og kondis som ein fullblodshest :) ' Ole Martin: Suveren duellspelar og den som kan best å opptre som forsvarar. Når du klarar å halde roen i pasningsspelet, så blir dette veldig bra! :) | | |  | | Mathias. |
Mathias: Ikkje store karen, men er klok, les spelet godt og gjer smarte valg med ballen. Er ny i midtstopparrollen, men litt meir trøkk i pasningane, så blir tryggheten enda betre også :) ' Simen: Etter ein litt tam start på sesongen, på full fart tilbake i godt, gammalt slag. Sin beste kamp for sesongen i dag, særleg då han kom opp på sin vante plass på midten. Brukar fysikken betre og er sterk som ein bjønn! :) | | |  | | Robin. |
Robin: Er tøff og iherdig og kjempar som ein helt. No gjeld det berre å våge meir med ballen og vera konsentrert i pasningsaugneblinken :) ' Gaute: Begynte på fotball for eit halvt år sidan og har følgjeleg ikkje same teknikken som fetteren på A-laget, men kjempar og slit og er ballvinnar. Pasningsspelet blir stadig betre :) | | | Espen: Er blitt mykje tryggare både med og utan ball og ser alltid etter lure løysingar. Meir av det, takk! :) | | |  | | Samson. |
Tarmo: Er kun to år sidan han begynte på fotball, men for ein spelar han har blitt. Har så mykje meir enn fysikken, og viser i dag stadig betre blikk og pasningsfot :) ' Samson: Gode tekniske ferdigheter og vågar å utfordre med ball. Prøvar å få meir tempo i bevegelsane med og utan ball, då kjem duellstyrken også. Sterk i kroppen :) | | |  | | Vegard F. |
Daniel: Småsjuk i dag, spelte kun første omgang. Flink å legge i støtte, kan bruke kroppen meir og halde på ball med mann i rygg. God avsluttar, vår klart farlegaste mann framom mål :) ' Vegard F: Minstemann slit med fysikken, men tok i dag eit steg i rett retning. Skapte førstemålet ved å vinne to duellar. God skotfot til å vege berre 20 kg :) | | |  | | Anders. |
Sander: Flott innhopp i dag, får brukt farten og lagar eit klassemål. Må jobbe med å halde roen framom mål, men har stor evne til å kome til sjansar :) ' Anders: Manglar tempo og løpsstyrke, men knallar til i duellane og byr på seg sjølv. Flink å rope og søke ball :) Kampfakta frå KvednabekkjenG14: Trio1-Odda 3-11 (2-7) Mål Odda: 2, 5, 9, 14, 34, 35, 35, 37, 40, 50, 62 minutt. Mål Trio: Tarmo etter 23 og 35 minutt, Sander etter 45 minutt. | | | Dommar: Preben Heimvik, særs god i sin første 11arkamp :) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |