|
Bånn gass frå start! |  | Trio-legenden Tjerand Lunde omkransa av laga etter kampen. Barnebarnet hans spelar på Nord. Sitat Tore Olderkjær: -Samhold, glede, og god sportsånd. Dette er idrett etter Tjerand Lunde sitt hjerte! Eit magisk øyeblikk på Kvednabekkjen i dag! Foto: Sara Hjelmeland Arnesen. |
| | G13: Trio-Nord 1 7-1. Ikveld tok Trio G13 i mot Nord 1 til kamp på Kvednabekkjen. Nord 1 har hattnokre gode resultat så langt i serien, og vi såg fram mot ein tøff kamp. | |  | To kjappe av Mads. |
Dei siste kampane våre har vi hatt litt startvanskar, men i kveld gav gutane bånn gass frå start. Fyrste halvdel av opningsomgangen var einvegskøyring mot Nord-målet. Det tok ikkje meir enn 4 minuttar før Mads set inn 1-0, etter eit flott Ole Tobias-raid langs sida. Ole spring seg fri og kjem ned til dødlinja, legg knallhardt inn føre mål, der Mads set ballen kontant i mål. Så går det ikkje meir enn 4 minuttar til før vi går opp i 2-0. Eit nytt strålande angrep, der Martin slår inn på Lars, som flikkar ballen vidare til Mads, som åleine med målvakta skorar sikkert. | |  | Daniel fekk æra av å vera sist på det flotte 3-0-målet. |
No går det meste på skinner, og berre minuttet etter kjem kveldens angrep. Torstein set ballen i gong med ein god pasning ut til Martin. Martin finn på nytt Lars oppe i angrep, som flikkar ballen vidare gjennom Nord-forsvaret. Denne gongen til Daniel som har starta på eit flott løp, og han gjer ingen feil åleine med målvakta. 3-0 etter 9 minuttar - det må seiast å vera ein god start på kampen. No vekslar spelet litt fram og tilbake, men gutane spelar glitrande fotball, og kjem til fleire farlege sjansar. 28 minuttar ut i omgangen kjem 4-0. På nytt er det Ole Tobias som gjer eit flott forarbeid, og ballen hamnar i beina til Lars som set inn det fjerde målet vårt. Dette var ein opningsomgang det lukta svidd av, der gutane verkeleg fekk vist fram finspelet. Nord var eit hardtkjempande lag, som ikkje gav noko gratis i duellane. Vi snakka difor om å tøffa oss til litt i pausen, og prøva å fortsetja med det fine spelet vårt. Gutane svara på tiltale og det gjekk ikkje meir enn 5 minuttar ut i andre omgang før vi gjekk opp i ei 5-0 leiing. Denne gongen vinn Lars ein duell med 2 forsvarar etter eit langt oppspel. Isak har tima løpet sitt perfekt, kjem åleine med keeper, og set ballen kontrollert nede i hjørna. | |  | Lars er i gryande form! |
No vert det mykje kriging og lite finspel vidare i omgangen. Det er viktig at vi og kan stå i mot i situasjonar som dette, og gutane viser at dei klarar dette og. 25 minuttar ut i omgangen er det klart for det sjette målet vårt. Ole Tobias set fart med ballen og kjempar seg fram heilt føre mål der han skorar sikkert. Naturleg at vi no slappar litt av, og Nord får eit par minuttar etter setja inn eit trøstemål. Forresten ein glimrande prestasjon av Nord-angriparen som lurer av halve laget vårt før han skorar. | | Men gutane ville ikkje avslutta kampen på ein slik måte. Tre minuttar før slutt set Martin inn det siste målet for kvelden. Mads kjempar seg ned på sida med to forsvarar hengjande i trøya. Likevel klarar han å krangla ballen vidare inn føre mål, der Martin får ein enkel jobb. Kampen endar med ein flott 7-1 siger mot tabellnaboen vår Nord. ' Ei glitrande førestelling der vi får sjå at hard jobbing og flott angrepsspel gjev gode resultat Godt jobba gutar! Desse, som alle gjorde ein framifrå jobb, var med i dag: Torstein, Joakim, Brynjar, Isak, Mads, Daniel, Ole Tobias, Martin, Lars, Sander, Magnus og Marcus. - Tore og Osa | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |