|
Sovna i 20 minutt | | | | | G16: Trio/Halsnøy1-Mathopen 0-3. Førstelaget møtte overkommelige Mathopen heime på laurdag. 20 elendige minuttar i 1.omgang gav tre baklengs og eit surt tap. | | |  | | Sander har vore positiv i vår og gjort framsteg som stoppar. |
I fotball kan kampbildet endra seg raskt. Det fekk G16-1 merka då dei møtte Mathopen heime på Halsnøy kunstgras laurdag. Mathopen var 'på papiret' eit lag me burde ha gode mulighetar til å hamle opp med. Rett nok låg dei over oss på tabellen, men dei hadde og møtt noko svakare lag enn oss. Når det i tillegg kom godt med publikum og veret var bra, så burde alt ligga til rette for at me kunne få sparka sesongen skikkelig igang - med seier. | | | Kampen opna med spelemesig overtal frå vår side. Me heldt ballen fint i laget og kom til ein del gode sjansar dei fyrste 15.minuttane. Gode forsøk på gjennomspel til Niko og Marius gav nesten resultat. Jonas har ein 'giftig' venstrefot og fekk skikkelig trøkk på kula frå like utanfor 16-meteren. Ballen gjekk som eit prosjektil mot lengste hjørne, men ein strålande Mathopen-keeper låg langstrak i lufta og fekk slått ballen til corner. | | | Ca 15min ut i kampen kombinerer gutane fint ute på venstresida. Patrick kjem fri frå skrott hald, men avslutninga går dessverre i nettveggen. Da ligg ein scoring i lufta nå! Men så, mot spelets gang, går Mathopen opp til 0-1 etter 18 minutt. Noko rufsete pasningsspel i dei bakre rekker, gjer at Mathopen vinn ballen og etter litt klabb-og-babb setter dei den i mål bak Magnus. Skikkelig slag i fleisen! | | | Og deretter går egentlig lyset frå vår side. Kort fortalt så får me nå 20 minutt med lite god fotball frå vår side - mildt sagt! Kva som egentlig skjer får me ta på 'kammerset', men at alle var relativt flaue over prestasjonen i denne perioden er det liten tvil om. 0-2 kjem på straffe i det 33.minutt og 0-3 kjem like etter. Eit soloraid på venstresida, der Mathopens svar på Ronaldo (litt overdrive), får våre forsvarsspelera til å sjå ut som statuar. Han dribler 3-4 mann inn i pølsebua og set ballen inn i korthjørnet. Heldigvis er det pause snart... | | |  | | Patrick nær scoring i begge omganger. |
Slike periodar i ein kamp går på stoltheten laus, så her gjeld bare ein ting til 2.omgang og det er å nullstilla og ta tak i kampen igjen. Og gutane klarer heldigvis å heva seg. Ein flyttar laget høgare i banen og klarer å legga eit konstant trykk på Mathopen. Kantspelerane og backane kjem meir med i kampen og gutane speler seg flott fri på kant ved fleire høve. Her ser ein til tider igjen hurtige kombinasjoner ein øver på på trening og da er veldig kjekt. Kombinasjonar mellom Henning, Ruben og Vebjørn på høgresida, gir Patrick alle tiders mulighet til å banke ballen i nota etter innlegg, men dessverre sklir ballen av foten og går utanfor. | | | Ein hadde håpa å kunne redusera tidleg i omgangen for å få ekstra giv i laget igjen, men det ville seg liksom ikkje. Marcus er aktiv etter innhoppet og kjem til 2 store sjansar, men det vil seg dessverre ikkje heilt når ballen skal inn i nota. Må vel og berømma ein solid keeper hos Mathopen, som plasserer seg godt og vokter buret sitt på ein god måte. Mathopen er ikkje mykje over midtstreken, men dei få gangene driblefanten set fart så blir det farlig. Sjeldan å sjå to-fots finter bli utført så effektivt av nokon på dette nivået. Ikkje lett å vera 1.forsvarer, så då gjeld da at 2.forsvarer ligg tett i støtte. Dette får ein ta lærdom av. | | | Spelemessig er det mykje bra i 2.omgang. Mathopen ligg med mange spelera bak ballen, så det er ikkje lett å bryte gjennom. Kjekt å sjå at ein då løyser dette ved å doble på kant og kome til innlegg. Inne i boksen saknar me litt 'guts'. Når ballen kjem inn i boksen og i tillegg blir liggande rundt 5-meter etter dårleg klarering, så må ein vera meir på hugget skal ein få mål. | | | Kvalitetsmessig var Mathopen eit lag me absolutt burde slå, for dei var ikkje i nærheten av så gode som Arna-Bjørnar og Loddefjord. Resultatet gir vel ikkje heilt rett bilete av kampforløpet, men viser at om ein sovner vekk på dette nivået, så blir ein hardt straffa. Me får ta med oss da positive frå 50-60 min av kampen og jobba vidare med dei områda av spelet me ikkje heilt meistrar for øyeblikket. Allereie på fredag ventar Djerv/Nordnes i Bergen. | | | Trio/Halsnøy sitt lag: Magnus Eide, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Sander Eik Vevik, Tobias Tvdten (Simen Mehammer 30.min), Henning Solheim, Jonas Tazo (Ruben Saug 20.min), Patrick Solheim Fjelland, Marius Quam, Ole-Tobias Brendeland (Jonas Tazo 70.min), Nikolai Mayer (Marcus Størksen 55.min) | | | Mål: 0-1 18.min, 0-2 33.min (straffe), 0-3 35.min. Gult kort: Eitt til Mathopen Dommar: Are Ulseth | | | - Verner og Bjarte | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |