Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Solid - Trio 5-1

Klikk på bilete for full storleik
Endre satte inn eit vakkert trøstemål for Trio.
 

Det vart ein heilsvart dag på Nysæter Kunstgras då A-laget til Trio tok turen øve fjorden for å møta Solid på sjølvaste Kristi himmelfartsdag.
 

Lagoppstilling 4-4-1-1

 

Andreas Eide

Futsum Mebrathu, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Sander S. Lillesletten

Vemund Grønstøl, Endre Eide, Eivind T. Saghaug, Martin Veastad

Allkan Abdulla

Andreas Charter Røyrvik

 

Reserva

Eirik Eikeland, Vegard O. Johnsen, Aleksander Ekeland

 

Solid - Trio 5-1 (3-0)

 

1-0 21min

2-0 23min

3-0 31min

4-0 59min

5-0 79min

5-1 90min Endre Eide

 

Trio har slitt med mykje skada og sjukdom den siste tida og reiste til kamp med bare 3 innbyttera. Charter, Henrik, Martin og Aleksander var sjuk men spelte fordi. I tillegg var Roger, Thorkilds, Mats E skada. Håvard Haga var også indisponibel grunna karantene. Sjølv om me mangla mange folk så skal ikkje det brukast som unnskyldning for eit slikt brak-tap.

 

Trio starta med å ligga kompakt bak og lot Solid trilla ball. Me hang godt med dei første 20 minutta og var i periodevis det førande laget. Men så stoppa det heilt opp. Solid brøyt på midten og slo ballen ut på kant. Der fekk dei dobla mot backen vår og fekk slått hardt inn foran mål. Solid hadde fylt godt opp i boksen og det var enkelt for heimelaget å gå opp til 1-0. Trio protesterte og meinte det var offside men linjedommaren meinte det motsatte.

 

2 minutt etterpå skjedde det samme igjen. Dobling, innlegg og mål. Denne gongen var prostestane enda høgare frå Triospelerane og enda ein gong meinte me at Solidspelaren var i offside.

 

Også tredje målet til Solid kom fra kant. Denne gongen var det eit sugande løp frå midtbanen som ikkje blei fanga opp. 3-0, noko som også var pauseresultatet.

 

I pausen snakka om at me måtte flytta beina mykje raskare. Det var store rom på kantane og på midten og me burde legga om til 3stk sentralt. I tillegg måtte me finna tilbake til den gode strukturen me hadde i cupkampane tidligare i sesongen.

 

Andre omgang starta med litt framgang. Me flytta oss høgare i banen og me flytta beina litt raskare. Men det varte heller ikkje lenge og etter 60 minutt fekk Solid kontra inn 4-0.

 

Trio mista no heilt piffen og laget sleit med å holda formasjonen. Me sprang ikkje for kvarandre og det som blei gjort vart ofta gjort på eigenhand. Det var store rom overalt og Solid burde ha leda med mange fleire mål. Ydmykelsen er derfor total når Solid i det 80 minutt får setta inn sitt femte mål for dagen.

 

Trio får eit trøstemål på slutten då Aleksander Ekeland finne Endre Eide på 20 meter. Eide dempe ballen og banke til ballen på halvspretten. Ballen treff tverrliggaren før han finner veien inn i nettet. Eit ganske vakkert mål av Endre som ikkje fant gleden i å feira. Solid vinn ganske fortjent i dag. Dei var rett og slett eit bedre fotballag en Trio.

 

Kjekt at Are Ulseth og Hanne Larsen hadde tatt turen øve fjorden. Bare synd Trio ikkje presterte bedre.

 

-Henrik L. Røssland-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart