Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kontrollert storseier

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Djerv/Nordnes-Trio/Halsnøy1 1-8. Trio/Halsnøy G16-1 møtte Djerv/Nordnes på Møhlenpris fredag 15.mai. Når gutane spelte fotball slik dei kan, så hadde ikkje motstandaren ein sjanse. Seier 8-1 var godt å ta med seg inn i 17.mai-toget.
 
Klikk på bilete for full storleik
Oliver viser veldig god form for tida!

Skuffelsen etter forrige kamp mot Mathopen, der ein tapte mot eit lag ein absolutt burde slå, satt nok i ei stund. Djerv/Nordnes var på papiret ein motstandar gutane burde hamle opp med, ut frå kva dei hadde prestert tidlegare i sesongen. Men forrige kamp hadde lært oss at det ikkje bare er i stille opp til kamp og motta 3 poeng. 100% fokus må til for å vinna fotballkampar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Mål og 2 målgivande frå Henning.

Dei fyrste minuttane av kampen vitna om at gutane frå Bergen også kunne spela fotball. Me gjekk ut i ein 3-5-2 formasjon, som er noko uvant for gutane. Og då motstander opna kampen friskt, så lurte me vel på om formasjonen måtte leggast om. Men, før me fekk tenkt tanken ferdig, så rulla me opp eit flott angrep på høgresida. Simen fann Marius på motsatt, som kontrollert satte inn 0-1! Dette var nok det som skulle til for å få sjølvtillit inn i laget. For i løpet av dei neste 11 minuttane satte gutane inn 3 mål til. Fyrst 0-2 ved Henning, så banker Daniel inn 0-3 på eit langskudd i hjørna frå 18 meter, før Ruben satte inn 0-4 etter flott forarbeid av Niko. Då var det gått 15 minutt av kampen. I denne perioden heng ikkje DjervNordnes med. Midtbanen vinn duellane og kantspelarane er aktive på løp. Bakerst har Oliver, Vegar og Jonas god kontroll.

 
Klikk på bilete for full storleik
Alsidige Simen hadde 2 målgivande.

Hadde ein nå fortsatt med å spela klokt og som eit lag, så hadde det nok stått 2-sifra til pause. Men i andre halvdel av 1.omgang blir det litt for mykje fokus på å scora sjølv. Ein er også litt for ivrig etter å bare spela ballen i lengderetning, framfor å snu spelet via midtbanen og spela ut motstander. Ein del valg ein gjer med ballen i denne perioden vitnar om at da fortsatt er ein del å henta på fotballforståelse. Forståelse for kva som skapar sjanser og åpningar for andre. Men for all del, me skaper ein god del sjanser utover omgangen. Da smell både i tverrliggar og stanga. Djerv/Nordnes kjempar seg meir inn i kampen og kjem til eit par halvsjanser, utan at Magnus blir satt på dei store prøvane. 

 

Me har snakka i pausen om at midtbanen må bli meir ivrige på å gå på gjennomløp i åpningane som blir. Og da kunne vel sjå ut som om ein hadde lytta og. 3 minutt ut i omgangen vinn ein ballen på midten. Både kantspelera og angripera starter bevegelsar, som skaper opning i midten. Patrick går på løp og får ein flott stikkar frå Henning. Åleine med keeper plasserer han den kontrollert i mål, 0-5. Nå blir me kanskje vel offensive i alle ledd, som skapar enorme rom framover for motstander. Dei set inn 1-5, etter at ein spelar får stå heilt åleine på høgrekant etter ein overgang.

 

Kunne dette tenna ein lys for DjervNordnes...nei! For 3 minuttar seinare kjem me fram på venstresida til Marcus. Me fyller på med mykje spelera og han finn Patrick ute på 16-meteren, som smell ballen i nota til 1-6. Me har både stolpeskudd og store sjansar til å auke, men må vente til 65.minutt før ein får 1-7. Ruben startar løp i bakrom på høgrekant. Han får ein flott ball frå Henning og får etterkvart krangla ballen i mål. Siste målet er det Niko som får æra av lage. Jonas speler han fri og han er iskald når han setter ballen i hjørna, 1-8!

 

Alt i alt ein bra gjennomført kamp, der ein viser at ein i store delar av kampen er mange hakk betre enn motstander. Så har me framleis noko å gå på når da gjeld fyrstemottak og valg med ball. Med bare 3 spelera bak, så får ein sjølvsagt fleire valg framover i banen. Men det gjer ein og relativt sårbar etter balltap i oppbyggande spel. Trur motstander og kampforløp får avgjera om dette og skal brukast framover.

 

Mål:

0-1 (4) Marius (Simen)

0-2 (8) Henning (Simen)

0-3 (12) Daniel

0-4 (15) Ruben (Nikolai)

0-5 (43) Patrick (Henning)

1-5 (47)

1-6 (50) Patrick (Marcus)

1-7 (65) Ruben (Henning)

1-8 (77) Nikolai (Jonas)

(Trio/Halsnøy vann tribunen og, med 10-15 tilskodarar)

 

Laget:

Magnus Eide, Oliver Lygresten, Vegar Hoff, Jonas Tazo (Daniel Normann 65.min), Henning H. Solheim, Patrick S. Fjelland, Daniel Normann (Nikolai Mayer 40.min), Ruben Saug, Nikolai Mayer (Marcus Størksen 25.min), Marius Quam (Jonas Tazo 75.min), Simen Mehammer.

 

- Verner og Bjarte -

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart