Mykje fint angrepsspel |
| G14: Trio1-Jondal 9-2. Smågutane nytta ei sjeldan glipe i eit elles tett kampprogram til...kamp. Treningskamp. Motstandar var Jondal og gutane varta opp med mykje godt angrepsspel og scora heile 9 mål. |
| |
 | | Mathias såg det som ei stor ære å vera dagens kaptein. |
Jondal har ikkje lag i serien, men trenar jamnt og trutt og hadde eit skrikande ønskje om kamptrening. Då er ikkje vi vonde å be :) ' Fokus for dagen var pasningsspel, enkelt og greit. Unngå å føre for mykje ball, men la kula gjere jobben. Vera grundige i mottak og vera orientert på førehand så pasningsspelet vart godt. Det lukkast vi bra med. Kjekt å sjå gutane ta seg ut og varte opp med fine kombinasjonar. Dei fleste måla kom etter godt lagspel heller enn einskildprestasjonar. |
| |
 | | Mål og to målgjevande av Simen. |
Daniel sendte oss i tidleg føring då han vann ballen i feltet, dribla ein mann og scora, før Robin la på til 2-0 med ein herleg lobb som datt ned i langhjørnet. Ole Martin sette inn 3-0 etter godt samspel med Simen og det sto 3-0 midtvegs. Vi hadde 13 mann til kamp i dag og sidan vi spelte 7ar, køyrde vi 2 rekker, der alle utanom keeper bytta midt i kvar omgang. |
| |
 | | Nydeleg scoring av Robin. |
Førsterekka slapp inn eit mål first thing i andre omgang, men auka så takten igjen og det var fortent då Gaute prikka inn 4-1 på retur etter ein susar frå Edvin. Nokre pusta gjerne letta ut då, sidan vi ved tidlegare høve har gjeve frå oss stor leiing og slite med moralen ved baklengsmål. Ikkje denne gongen. Vegard F la på til 5-1 på eit knallskot og kort etter banka Daniel inn 6-1 på halv volley. |
| |
 | | Gaute er blitt den reinaste målmaskina. |
Så var det andrerekka sin tur igjen og Ole Martin hamra inn dagens kanonskot frå 15 meter etter at Samson la att i støtte. Ny redusering for Jondal på ei god kontring, som overlista vår solide og stadig meir offensivt tenkande keeper Vegar T. ' Eirik har nett gjort comeback i Triotrøya og etter at han small ballen i tverrliggjaren på eit angrep like før, lukkast han omsider då han kom inn frå høgre. Hans første scoring for Trio :) |
| |
 | | Eirik scora sitt første mål for Trio. |
På tampen noterte Simen seg også på scoringslista og vi vann til saman 9-2. Som sagt før kampen, resultatet i dag bryr underteikna seg ingenting om. Målet var å sjå godt pasningsspel og det må vi seie oss godt nøgde med. ' No ventar bortekamp for Trio 2 på torsdag i Odda, samt Rosendal på måndag. To motstandarar av seriens beste format, så vi får brynt oss skikkelen. Tysdag har så Trio 1 heimekamp mot Halsnøy. Kampfakta frå KvednabekkjenG14: Trio1-Jondal 9-2 (3-0) 1-0 (2 minutt) Daniel Sørveit 2-0 (17 minutt) Robin Steinsletten 3-0 (22 minutt) Ole Martin Byrknes 3-1 (37 minutt) 4-1 (40 minutt) Gaute Thorkildsen 5-1 (45 minutt) Vegard Fausk 6-1 (47 minutt) Daniel Sørtveit 7-1 (58 minutt) Ole Martin Byrknes 7-2 (62 minutt) 8-2 (64 minutt) Eirik Kjerpeseth Rusten 9-2 (67 minutt) Simen Hellevik Lie |
| |
 | | To flotte mål av Ole Martin. |
Dommar: Oliver Lygresten Ingen kort. ' Trio sitt lag: Vegar Teigen, Mathias Gjelseng (kaptein!!), Edvin Vågen Bjørgvik, Yonas Debesay, Gaute Thorkildsen, Vegard Fausk, Daniel Sørtveit, Eirik Kjerpeseth Rusten, Ole Martin Byrknes, Robin Steinsletten, Simen Hellevik Lie, Samson Nyrud Uppheim, Anders Solheim Dyrhaug. |
| |
- Trenar Are Ulseth |
| |
 | | Ole Martin i fint driv. Blinkskot: Sander Dolonen Brækken. |
|
. |
 | | Roleg dag på 'jobb' for Vegar. Blinkskot: Sander Dolonen Brækken. |
|
. |
 | | Robin med kontroll på to mann. Blinkskot: Sander Dolonen Brækken. |
|
. |
 | | Topp stemning i pausen. Blinkskot: Sander Dolonen Brækken. |
|
. |
 | | Stort ansvar å vera kaptein. Blinkskot: Sander Dolonen Brækken. |
|
. |
 | | Utålmodighet prega innbyttarbenken. |
|
. |
 | | Daniel på farten. Blinkskot: Sander Dolonen Brækken. |
|
. |
 | | Daniel veit kor målet står og hamrar inn sitt andre for dagen. Blinkskot: Sander Dolonen Brækken. |
|
. |
 | | Simen tråklar seg gjennom og fastset sluttresultatet til 9-2. |
|
. |
| |
|
|
|