|
Revansje i Trioduellen | | J13: Trio1-Trio2 2-4. Det vart duka for årets andre lokaloppgjør mellom desse laga. Forrige kamp vann Trio 1 med eit mål. Denne gongen var det revansjesugne Trio 2-jenter som ville mest i regnveret på Valen. | | | Stad: Valeparken Dommar: Dion Clifton Attille, dømte sin første kamp. Det gjekk bra det!
| | | Mål Trio 2: Celina 2, Sofie og Hedda Mål Trio 1: Ida og Frida
| | | | Etter ein jamn halvspelt første omgang scora Sofie det første målet. Endelig løsna det for Trio 2! Etter nokre minuttar dukka Celina opp med gullfoten, og knalla ballen i mål. Herlig scoring! Malin Saug gjer ein særs god kamp i forsvar og stoppar/uroar Trio 1-jentene så dei ikkje får kome gjennom på topp. Hedda har flotte pasningar, og Sofie løfter blikket og er meir orientert mot å spele i lag med laget. Jenny spelar årets kamp på midtbanen. Giftige Jenny er i slag i dag og er overalt.
| | | | Trio 2 har veldig mange sjansar på mål, først Frida, så Emily og så Frida att; der kom reduseringa, 1-2. Trio 2 finn kvarandre på banen, spelar godt, og Frøya legg opp til gode pasningar på venstresida. Det fører til gjennombrotspasningar, og Hedda tek Trio 2 opp i leiinga til pause, 1-3!
| | | | Kvar og ein spelar får med seg kvar sitt råd om kva dei må arbeide med i andre omgang. Det er ein veldig kjekk og jamn omgang, men Trio 2 er mest frampå og vert belønna med å gå opp i leiinga 1-4.
| | | | Kaja har gjennom heile kampen mange gode redningar for Trio 1, og det er kjekt å sjå korleis dette løfter sjølvtilliten hennar utover i kampen, og tek ansvar som ein del av forsvaret.
| | | | På slutten av kampen pressar Trio 1 på Trio 2, men Sara viser seg og fram i Trio 2 målet. Ida blir meir og meir frustrert, men til slutt klarer ho å ta ein retur i frå Sara og skyt ballen i mål, 2-4. Like før slutt har Frida ein kjempesjanse framføre målet, men skotet går utanfor. Skit og padda!
| | | | Resultatet står seg og ein velfortjent seier til Trio 2! Kjekt å sjå korleis dei framstår samla som eit lag!
| | | | Heia Trio!
| | | - Siri Rusten
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |