|
Ein god og ein dårleg omgang | | | | | G14: Odda-Trio2 13-0. Smågutane gjer ein sterk førsteomgang mot dei storvokste serieleiarane (der vi har 13-åringar, har Odda med 15-åringar). Då var vi på høgde med motstandaren. Etter pause gjekk det tyngre. Her er referat frå trenar Bjørn B. Mathisen. | | | Vi starter kampen litt for forsiktig, lar Odda spela ball og pressa oss bakover. Vi sliter med pasningsspelet og klarer ikkje holda ballen i laget. Dei første 5 minuttane føregår spelet stort sett på vår halvdel utan at Odda klarer å skape dei heilt store sjansane. Forsvaret vårt med Ole Martin, Mathias, Tarmo og Samson er flinke til å leda angriparane ut mot sida og midtbanen demmer godt opp i midten med tidleg press på ballførar. | | | Etter den spede start kjem gutane meir med i kampen, Mathias og Tarmo i midtforsvaret er flinke å spela seg ut av pressa situasjonar, i staden for å klarera langt, og dette smittar over på resten av laget. Midtbanen med Marcus, Martin og Brynjar kjem betre med og er flinke til å finna rom å spela i samt bli spelt til i. Avstanden mellom lagdelane blir mindre som gjer det enkare å spela ball. No går pasningsspelet, og ikkje minst bevegelsane, kjappare, heile laget kjem lengre fram i banen og vi er flinke til å bruka kantane. Spesielt Benjamin skapar ein del uro på venstresida og er ein konstant trussel for Oddaforsvaret, samspelet mellom han, Martin og Lars fungerer veldig bra men vi klarer ikkje sette Oddakeeperen på dei heilt store prøvelsane. | | | Sjølv om vi speler bra er Odda eit godt lag og absolutt med i kampen, etter 25 min. skyter ein Oddaspelar frå utanfor 16-meteren. Skuddet er ikkje veldig hardt men Tormod er uheldig og ballen går under kroppen på han, dette er eit skudd han redder 99 av 100 gonger. | | | Dei siste 10 min. av førsteomgongen speler gutane veldig bra, Marcus er flink å vinna ball på midten og speler stort sett enkle gode pasningar til medspelarar. Vi etablerer eit godt press og skapar sjansar, underteikna på sidelinja sparka hol i lufta ved fleire anledningar i rein iver når sjansane var store, men går til pause med 1-0 til Odda. | | | Det er litt vind i Odda denne kvelden og andreomgongen kjem denne mot oss, i pausen snakkar vi difor om å halda ballen på bakken. Vi skal og forsøka å halda ballen meir i laget då vi ikkje er fleire enn 12 spelarar til kamp og nokre av gutane har småskader, difor skal vi forsøke å spele ball og la Odda få springe. Dette går ikkje heilt etter planen, 3 min. ut i omgongen får Odda frispark rett utanfor 16-meteren som går under muren og utagbart for Tormod i mål. 3 min. seinare scorer Odda igjen etter rot i forsvaret og 2 min. etter det legg dei på til 4-0 og slik fortsett det resten av omgongen, Odda gir seg ikkje før det står 13-0 i protokollen. | | | Vi tar med oss ein god førsteomgong frå denne kampen, samt er gutane stort sett flinke til å halda moralen opp i laget sjølv om det meste buttar imot i andre omgong. Når vi ikkje har så mange spelarar på benken, og nokre har småskadar, blir det mange kilometer å springe for mange og då er det naturlig at ein blir sliten. Etter litt handel på Rema før heimreisen var humøret kjapt på topp igjen i Triobussen, det meste var gløymt før Folgefonntunellen. | | | Desse var med: Tormod, Mathias, Ole Martin, Tarmo, Marcus, Benjamin, Samson, Jonas, Sander, Martin, Brynjar, Lars. | | | - Trenar Bjørn Bjelland Mathisen | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |