Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Målfest på Kvednabekkjen

Klikk på bilete for full storleik
Målfest av J11-jentene. (Arkivfoto.)
 
J11: Trio sine lillejenter hadde sin tredje kamp i serien i dag. Kampen skulle vise seg å bli ein flott målfest. I eit piskande, kaldt regnver var det imponerande mange som tok turen! Heile 7-0 vann jentene mot Strand-Ulv.
 
Klikk på bilete for full storleik
Klare til kamp. Alle foto: Frøydis N. Mathisen.

Jentene tok over kampen etter eit par minuttar. Eit friskt angrep i tredje minutt skremde Strand-Ulv jentene som heile vegen hadde svoltne Trio-spelarar på sin eigen banehalvdel. Etter berre halvspelt førsteomgang hadde jentene dunka inn heile tre mål. Det er kjekt å sjå at Triojentene brukar sidene og sentrar pasningar til kvarandre der ein ikkje klarar å avslutte sjølv.

 
Klikk på bilete for full storleik
Emma fyrer laus.

Midtbanen jobba bra i kulissane og serverte fine ballar til spissane som nytta kvar sjanse dei fekk. Det er flott og sjå samspelet i laget, på tross av at jentene fortsatt er «nye» for kvarandre. Forsvaret hadde ein roleg dag på jobb, og keeper var mest blåfrosen etter kampen var omme. Mot slutten hadde Strand-Ulv eit angrep som lett kunne blitt mål i mot, heldigvis redda June Marie dette forsøket og fekk sparka ballen ut til kast i staden. Jenny spelte som spiss i andre omgang og hadde abolutt fortjent eit mål. Ho pressa på heile tida, men keeperen til Strand-Ulv klarte og stoppe alle forsøka.

 
Klikk på bilete for full storleik
Kjeks til supportarane, då var stemninga på topp.

Dommar Daniel Sørtveit fortjener også skryt, han stilte opp på kort varsel og dømte tydeleg og rettferdig gjennom heile kampen. Trond Martin Bjelland tok seg av laget under kampen i dag sidan både Bjørn og Per Einar var vekkreist.

Gratulera jenter, nok ein god kamp!

'

Dagens målscorarar:
Emma: 1. og 2. målet
Synna: 3. målet
June Marie: 4. og 5. målet
Aurora: 6. målet
June Marie: 7. målet

 

- Lagleiar Frøydis N.Mathisen

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart