|
Supermåndag! | | Årets store fotballdag står for døra. Andre pinsedag er ikkje som andre keisame fridagar. Heile 5 av laga våre på gute-/herresida skal i aksjon på ettermiddagen. Både A-laget, juniorlaget og førstelaget på G16 har heimekamp. | | | Kl 16 rullast A-lagskampen Trio-Telavåg i gong på Husnes stadion (grasbanen). Samstundes spelar Trio/Halsnøy G16-1 mot Flaktveit på Kvednabekkjen.
| | | Kort etter at desse er ferdig startar G19-kampen Trio/Rosendal/Halsnøy-Askøy. Denne spelast på grasbanen i Rosendal. Kampstart kl 18. Og på same tid startar lokalbataljen Rosendal-Trio2 i G14 på Rosendal kunstgras.
| | | Og ikkje nok med det, Trio/Halsnøy G16-3 spelar bortekamp mot Odda (kl 19).
| | | Her gjeld det å sjå moglegheitene. Plasserer ein seg strategisk til og er kjapp i vendinga i mellom, er det råd å få med seg 4 av kampane :) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |