
Henrik viser utmerket skot-teknikk på eit frispark. Dessverre blei det knallharde skotet blokkert.

Trio feirar 2-1 målet til Allkan.

Charter har nettop vendt vekk oppasaren. Sekundar seinare ligg ballen i nettet.

Martin sprang seg mykje fri på venstrekanten. Her har Haga nett vunne ballen.

Endre og Haga hadde få problem med å vinna midtbanen i denne kampen.

Futsum blei skada etter 14 minutt men kom innpå igjen då det gjenstod 15 minutt.
Lagoppstillig
Andreas Eide
Vemund Grønstøl, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Eivind T. Saghaug
Futsum Mebratu, Endre Eide, Håvard Haga, Martin Veastad
Allkan Abdulla
Andreas Charter Røyrvik
Reserva
Andreas Throkildsen, Aleksander B. Ekeland, Vegard Johnsen og Mats B. Ekeland
Trio - Telavåg 5-2 (2-1)
0-1. 4 min
1-1. 19 min Andreas Thorkildsen
2-1. 29 min Allkan Abdulla
3-1. 54 min Andreas Charter Røyrvik
3-2. 60 min
4-2. 79 min Allkan Abdulla
5-2. 86 min Allkan Abdulla
Trio var svært revansjesugne etter det begredelige 5-1 tapet for Solid på Kristi himmelfartsdag. Me skulle gå ut i hundre og ikkje la dei få kvila med ballen. Men etter bare 4 minuttar får gjestane slått i bakrom på ein umarkert spiss. Han gjorde ingen feil og satte inn 0-1.
Trio klarte heldigvis å nullstilla seg og var giftig frampå ved fleire anledningar. Etter 14 minutt blei Futsum skada og måtte byttast ut. Inn kom ein sulten Andreas Thorkildsen. Han satte raskt sitt preg på kampen og finta 3-4 Telavågspelera i pølseboden før han lekkert satte inn utlikningsmålet. 1-1!
Lika etterpå var Allkan på farten. Han satte fart langs vår venstrekant og skar inn mot midten. Han spelte vegg med Thorkilds og før han klinte ballen forbi keeper. 2-1! Trio hadde mange sjansar utover omgangen men det blei ikkje fleire mål dei første 45 min.
I pausen snakka me om å hindra dei i å slå i bakrom på han raske spissen. Me måtte i tillegg vere tett på han slik at han ikkje fekk venda opp. Me måtte også fortsetta i den gode stimen me viste i første omgang der me varierte mellom å slå direkte i bakrom eller finspel og innlegg frå kantane.
I andre omgang fortsatte Trio å pressa på. Trio vant ein dødball etter 54 minutt men Telavåg fekk klarert. Thorkildsen var på hugget og vant tilbake ballen på høgrekanten. Han slo hardt inn til Charter som var feilvendt og hadde i tilleg ein mann i ryggen. Men Charter vendte vekk mannen og tok med seg ballen før han klinte til og la ballen hardt i motsatt hjørna. Ei flott scoring av Charter som nesten ødelagte nakken til Haga då han feira scoringa. 3-1!
Men Telavåg fekk ei redusering bare 5 minutt etter. Ein dødball for forbi alle i feltet. Bak lurte det ein Telavåg spelar som fekk avslutta på mål. Ballen for under eit par spelera og kom overaskande på Eide som ikkje såg utgangen av skuddet. 3-2 og nyu spenning i kampen.
Men Trio skulle ta alle 3 poenga. Telavåg forsøkte seg på ei kontring då det nærma seg 80 minutt. Henrik fekk snappa ballen og kikka opp. Der såg han Allkan som starta i bakrom. Ein 60 meterspassning frå Henrik fant lissene til Allkan som hadde sprunge seg fri frå oppassaren. Aleine med keeper valgte Allkan å chippa og ballen for over keeper og inn i nettet. Nydelig prestasjon av Henrik og Allkan! 4-2.
Etter det gjekk piffen ut av Telavåg. Dei gjorde mange feil og oppspela deira vant som regel Ronny. Det siste målet må også seiast å vera av den fine sorten. Igjen var det Thorkildsen som var servitør. Han dansa rundt med Telavågforsvaret før han fant Allkan som var på igjennom. Frå 14 meter chippa Allkan igjen på ein utrusande keeper. Ballen fant veien i nettet igjen og Trio leda no 5-2.
Det blei ikkje fleire mål i kampen. Trio tok viktige 3 poeng og ligg no midt på tabellen. Kampens beste spelera i dag var den giftige duoen Thorkildsen Abdulla. Dei stod bak alle måla våre og var ein konstant trussel når dei satte på turboen. Ein må også nevna Haga som vant mange duellar på midten.
På torsdag skal Trio spela borte mot Stord 2. Vinner me den kampen så er me plutselig med i tet-striden igjen.
-Henrik Røssland-