Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kjempa i senk

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Trio/Halsnøy1-Flaktveit 5-6. Kampen mot Flaktveit 2.pinsedag var av det særs spennande slaget, men enda dessverre med 5-6-seier til bortelaget frå Åsane bydel.
 
Klikk på bilete for full storleik
Svært god 1.omgang av Simen.

På papiret tyda alt på at dette kom til å bli ein jamn kamp. Flaktveit hadde som oss, tapt mot laga på toppen av tabellen. Av resultata så såg ein at dei både scora og slapp inn fleire mål enn oss. Her gjaldt det å prøva å tetta igjen bak, samtidig som ein våga å setja trykk på framover. Me gjekk difor over til 4-4-2, og dermed bort frå å spela med 3 stk bak som mot Djerv/Nordnes. Med Marius og Simen på topp håpa me på å skapa eit visst trykk mot forsvaret deira.

 

Gutane våre satte på turboen frå start. Ein hadde vel knapt spelt 1 min før ein nydeleg stikkar sendte Ruben åleine gjennom. Uheldigvis meinte dommar at dette var offside, noko det heilt klart ikkje var. Men, ein hadde nå funne resepten for straffa Flaktveit for at forsvaret deira stod nokså høgt. Like etterpå slår Jonas ein nydeleg pasning til Ruben, mellom forsvararane deira. Han finn ein umarkert Marius betre plassert foran mål, og vips så står det 1-0! Veldig flott spel der, gutar!

 

Me opprettheld trykket ein periode etter scoringa og har fleire gode sjansar, men klarer ikkje å få ballen i mål. Litt synd, for hadde ein klart å setja desse, så hadde nok ein tatt lurven av motstander tidleg. Men, Flaktveit kjempa seg inn i kampen igjen. Dei viste seg som eit knallhardt lag, som ikkje la noko imellom i duellane. Dei spelte og veldig direkte i bakrom, som gav ein del halvsjansar. 17 minutt ut i omgangen er det nettopp eit løp i bakrom som skaffer dei straffe. Vegar jager ballførar og er litt tøff i ryggen hans. Straffen set dei kontant i mål bak Vebjørn, 1-1.

 

Me har tidlegare snakka om viktigheten av å gå i bakrom, når keeper velger å spela langt ut. Marius vann dei fleste duellane og då var det mykje bakrom å boltre seg i då forsvaret deira valgte å stå høgt. Og heldigvis hadde ein fått med seg at dette kunne vera resepten, for 25 minutt ut i kampen stusser Marius ballen i bakrom der Simen allereie har starta. Han kjempar seg fri og er iskald åleine med keeper og set inn 2-1! Simen er vel den spelaren som kan nyttast på flest posisjonar i laget. Mange kampar på back og kant, men er og ein måljeger som aldri gir seg i kamp om ballen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av Vebjørn R.

Kampen foregår i eit høgt tempo, med mange harde duellar. Spelet bølger att og fram og det er ingen av laga som egentlig har noko overtak. Ca halvtimen ut i kampen får eine midtbanespelaren til Flaktveit draumetreff frå 25meter. Ballen fyk inn til høgre for Vebjørn og dermed 2-2. Men gutane våre vil gå til pause med ledelse og gjer ein kjempejobb dei siste minuttane av 1.omg. Oliver slår ein flott corner på bakerste, der Jonas banker ballen i mål, 3-2. Så kjem me på ein overgang, der Vebjørn finn Simen i midten (muleg offside), som igjen er iskald åleine med keeper, 4-2!! (Red.anm: Det var ikkje offside, eine backen til bortelaget låg innanfor.) Det er ein svært sliten og letta gjeng som får seg litt kvile i pausen.

 

Sjølv om ein leia med 2 mål, så var det klart at dette var langt frå over. Her hadde ein følelsen av at det laget som ville mest, og som vann duellkrigen, kom til å vinna. Jonas ville bytte i pausen og blei erstatta av Ole Tobias. Daniel kom inn for Nikolai, for å prøve å få meir ballbesittelse. 2 stk 13-åringar inn i 'krigen' var noko vågalt, men dei er gode ballspelera begge to og me håpa at dei kunne bidra med gjennomspel til gutane på topp. I ettertid så håpar me at dei ikkje tok skrekken av da fysiske spelet til motstander.

 

4 min ut i 2.omgang skjer det me håpa ikkje skulle skje - tidleg redusering. Frispark frå 25 meter blir klint rett opp i venstre kryss, utan sjanse for Vebjørn, 4-3. Einaste ein bør ta lærdom av her er at ein må setja høge spelera i mur og den høgaste i den enden som ikkje keeper dekker (Nå hadde vel kanskje den ballen gått over muren uansett). Flaktveit presser på eit par minuttar til, men me får etterkvart tatt tak i kampen igjen. Ole Tobias kjem på eit flott gjennomløp og får ballen midt framfor motstandermålet. Han blir felt, mykje likt det som gav dei straffe i 1.omgang, men da var det visst bare våre auge som såg. Ca midtvegs i omgangen er den andre 13-åringen på farten. Daniel får ballen på kanten av 16-meteren, ser eit ledig hjørna til høgre for keeper, der han nydeleg plasserer den heilt inne med stolpen. 5-3 og litt pusterom igjen.

 
Gnagsårplaster til neste kamp, Marius :-)

Marius, som var god å ha i duellspelet i denne kampen, slit dessverre med gnagsår og må ut midtvegs i omgangen. Me mister då litt av trykket oppe i banen. Og Flaktveit har på ingen måte kapitulert. Dei har ein voldsom iver (-og ein heilt forferdelig munnbruk. At ein og samme spelar skal få 3 tilsnakk for munnbruk, utan å få gult kort er noko underleg). Dei presser på for ny redusering og får betalt for høgt press 4 minuttar etter vår scoring. Me er dessverre litt for lite kliniske i klarering av ball og den hamnar inn framfor mål, der ein umarkert spelar set ballen lett i mål til 5-4. Og det stoppar ikkje der. Me har altfor stor strekk i laget og gir ballen frå oss altfor lett. Dei er meir aggressive enn oss i boksen og vinn duellar. Fyrst på corner til utlikning 5-5 og like etterpå går dei opp i leiinga, for fyrste gong i kampen, til 5-6 :-(

Eit skikkelig slag i fleisen for gutane våre.

 

Me klarer dessverre ikkje å samla oss til ein skikkelig sluttspurt og Flaktveit vinn kampen. Alle var sjølvsagt utruleg skuffa etterpå. Men, ein skal iallefall ikkje utsetje noko på innsatsen. Mot knallharde motspelera, så viste vårt unge mannskap stort pågangsmot. At det ikkje haldt heilt inn er slikt som skjer. Me er veldig godt fornøyd med store delar av spelet i 1.omgang. Då utnytter ein bakrommet og ein er flink til å 'lukta' sjanser bak duellane. Har og forståelse for at nokre ikkje trives så godt når duellane blir så harde som i dag. Samtidig så er det noko ein må bli vant til. Me står på vidare gutar og lærer frå kvar kamp. Allereie fredag er da ny kamp på Halsnøy kunstgrasbane, mot Nymark. Då er da blanke ark og ny sjanse :-)

 

Laget:

Vebjørn Røssland, Vebjørn Holmedal, Vegar Hoff, Henning H.Solheim (Marius 75.min), Oliver Lygresteen, Nikolai Mayer (Daniel 40.min), Patrick S. Fjelland, Jonas Tazo (Ole Tobias Brendeland), Ruben Saug, Simen Mehammer, Marius Quam (Jonas Tazo 65.min)

 

Mål:

1-0 (3) Marius (Ruben)

1-1 (17)

2-1 (25) Simen (Marius)

2-2 (32)

3-2 (37) Jonas (Oliver)

4-2 (39) Simen (Vebjørn)

4-3 (44) 

5-3 (58) Daniel

5-4 (62)

5-5 (70)

5-6 (74)

 

Dommar: Åge Eide (Leirvik Ballklubb)

 

- Verner og Bjarte - 

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart