|
Framleis litt for små | | | G14: Rosendal-Trio2 8-3. Smågutane fekk det tøft mot sterke Rosendal i indre strok måndag kveld. Men slett ikkje ein dårleg gjennomført kamp, dog med ein del baklengsmål på eit par velkjente moment i spelet som vi slit med. | | Første omgang vart ei målorgie og det sto heile 5-3 midtvegs. Vi startar friskt og Tarmo styrte inn 1-0 med innsida. Ein kan vel ikkje skulde på at ballen traff ei tue når ein spelar på kunstgras, men ballen fekk i allefall ein rar sprett som overlista keeper. | |  | Tormod Sund Vårdal. |
Rosendal kom inn i det etter kvart og hadde eit par feite tilbod. Den eine gjekk utanfor og på den andre serverte Tormod ei fantomredning av ypperste merke, der han på mirakuløst vis fekk fiska ballen utanfor stolpen. Men til liten glede, då Rosendal scora på den påfølgjande corneren. Her var vi igjen for passive og lite merksame i feltet, det er noko vi slit med. 1-1. ' Skit au, då gjekk vi rett opp og scora eitt til. Tarmo utfordra mot keeper og siste forsvarar, før han la att til Torstein, som løfta kontrollert over keeper og inn i tomt bur. Vi var på ny i leiing - og på ny tok det ikkje lenge før Rosendal utlikna. På corner, sjølvsagt. | | Magnus måtte tidleg ut med hælproblem og Brynjar trong pause etter å ha fått ein ball der det gjer vondast. Desse bytta kom midt i ein periode der vi var i ulage, men Edvin og Gaute gjorde manns jobb då dei kom inn, og som lag klarte vi igjen å stabilisere oss. Men då hadde Rosendal scora to gonger og det sto 4-2. | |  | Tomålsscorar Torstein. |
Førsteomgangen vart spelt over 40 minutt, då dommaren ikkje var klar over at det er 35 minutts omgangar i vår klasse. Meir fotball er berre kjekt. Og begge laga nytta høvet til å score kvar sin gong i bonustida. Rosendal først og så svara vi kort etter med eit flott angrep, der Sander flikka gjennom eit oppspel. Torstein var på løp og avslutta to gonger, først i stanga, så i nettet. Keeper'n gjekk frå vettet. Eller til pause. | |  | Ole Martin var vår bestemann i dag. |
Mykje positivt i pausepraten, og nokre ting å forbetre. Daudballar, unødvendig bruk av støtte, samt tryggare valg etter ballvinning var det vi fokuserte på. Det starta dårleg med to baklengs i opningsminutta, men så klarte vi å heve oss. Resten av omgangen var vi godt på høgde med Rosendal. ' Andreomgangen vart betydeleg meir målfattig enn den første. Rosendal scora eitt midt i omgangen og vi fekk ikkje hål på byllen, trass ein del gode sjansar. Dermed endte det 8-3 og vi noterer at Rosendal framleis er eit hakk betre enn oss. Vi tek dei til hausten :) | | Ny kamp allereie i dag, Trio 1 tek i mot Halsnøy. Kampfakta frå Rosendal kunstgrasG14: Rosendal-Trio2 8-3 (5-3) 0-1 (5 minutt) Tarmo Tars 1-1 (12 minutt) 1-2 (14 minutt) Torstein Olderkjær 2-2 (18 minutt) 3-2 (23 minutt) 4-2 (25 minutt) 5-2 (37 minutt) 5-3 (39 minutt) Torstein Olderkjær 6-3 (41 minutt) 7-3 (42 minutt) 8-3 (58 minutt) | | Dommar: Jarand Naterstad, Rosendal Ingen kort. | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Magnus Vik (Edvin Vågen Bjørgvik frå 20 minutt), Ole Martin Byrknes, Espen Aakre Sjo, Joakim Heimvik, Tarmo Tars, Marcus Nilsen Mathisen (Brynjar frå 55 minutt), Brynjar Holmedal Gjerding (Gaute Thorkildsen frå 25 minutt, Marcus frå 65 minutt), Sander Dolonen Brækken, Martin H. Arnesen, Torstein Olderkjær. | | - Trenar Are Ulseth | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |