|
Endeleg siger |  | | Benjamin herja på venstrekanten. Alle foto: Dolonen foto AS. |
| | | | G14: Trio1-Halsnøy 4-2. Smågutane fekk ein etterlengta siger då Halsnøy kom på besøk tysdag kveld. Etter å ha vore nære fleire gonger, tippa det endeleg vår veg. | | |  | | Kaptein Mathias med full kontroll. |
Gutane var fast bestemte på å gjere ein god prestasjon og gjekk resolutt til verks. Første halvtimen dominerte vi godt. Vi var flinke å bruke breidda på banen og kombinerte ofte fint opp langs sidene. Særleg på Benjamin sin venstrekant skjedde det mykje og då han kom til dødlinja og la eitt av mange gode innlegg, steig luftas baron, Samson til vers og stussa den inn i langhjørnet. Ein har knappast sett slik ein hovudstyrke sidan Mini Jacobsen sine glansdagar. | | |  | | Yonas spring opp ein Halsnøyspelar. |
Kort etter kom vi like flott rundt på høgrekant og Daniel sitt like perfekte innlegg hadde Benjamin god tid å dempe - før han knalla ballen så hardt i stolpen at målet nær ramla saman. Men ballen gjekk ut på banen igjen. Ikkje lenge etter kom vi til forveksling gjennom i midten i staden. Fint brudd av Simen, som avanserte og stakk fri Daniel, som var sikker i sin sak åleine mot keeper. 2-0. | | | Og vi gav oss ikkje med det . Benjamin røska seg fri og styrte ballen presist i langhjørnet med venstreslegga. Og vidare heldt vi fram med det gode spelet, sjølv om Halsnøy kjempa seg meir inn i kampen utover i omgangen. Men 3-0 til pause var veldig bra. | | |  | | Halvsekundet før Halsnøy fekk straffe. |
Så har vi ein tendens til å ikkje halde konsentrasjonen og fokusen gjennom heile kampane og så også i dag. Vi mista formasjon og vart for ivrige, skulle gjere for mykje på eiga hand. Vi fekk ei åtvaring då Halsnøy fekk straffe, som vart sett rett utanfor mål. Men ikkje lenge etter kom reduseringa, og det var fortent. ' Vi prøvde å kome meir inn i det. Vann litt meir duellar, men klarte framleis ikkje heilt å finne formasjonen. Midtbanen låg litt for høgt og det vart mykje rom for mange Halsnøyspelarar framom forsvaret vårt. Ny redusering kom 10 minutt før slutt og nokre tenkte nok sikkert på Solidkampen, då vi leia 4-0, men tapte 4-5... | | |  | | Trippelbytte. |
Ikkje denne gongen! Simen gjekk føre og fekk justert presset til midtbanen, og tok godt tak i duellane. Vi flytta Benjamin ned i forsvar og Marcus fram på midten og då klarte vi å ta kontroll på kampen igjen. Og fem minutt før slutt kom sigersmålet. Benjamin med eit knallhardt frispark og målmaskina frå Valen var på plass. Gaute noterte seg for si tredje scoring på...vel, heile fotballkarriera. Men scoring i tre kampar på rad for Trio 1 var det også. | | |  | | Gaute stablast på beina etter ein smell. |
Dermed 4-2 og ein fortent siger, sjølv om Halsnøy truga oss ein periode i andre omgang. Vi skal vera godt nøgde med mykje bra offensivt spel og i periodar godt trøkk. I andre periodar var det mangel på fasong på det vi heldt på med. Kjekt å ha noko å bli betre på også :) | | |  | | Midtbane-Trio: Gaute, Eirik og Marcus. |
Neste kamp: Trio 2 heime mot Stord på fredag. Så er det minibusstur til Bremnes for Trio 1 på onsdag :) Kampfakta frå KvednabekkjenG14: Trio1-Halsnøy 4-2 (3-0) 1-0 (4 minutt) Samson Nyrud Uppheim 2-0 (9 minutt) Daniel Sørtveit 3-0 (13 minutt) Benjamin Skarveland 3-1 (48 minutt) 3-2 (58 minutt) 4-2 (64 minutt) Gaute Thorkildsen | | | Tilskodarar: Ca 20. Dommartrio: Ruben Saug, Nikolai Mayer, Vebjørn Røssland Ingen kort. | | | Trio sitt lag: Vegar Teigen, Jonas Teigen, Mathias Gjelseng, Marcus Nilsen Mathisen, Robin Steinsletten, Gaute Thorkildsen, Simen Hellevik Lie, Samson Nyrud Uppheim, Vegard Fausk, Daniel Sørtveit, Benjamin Skarveland, Yonas Debesay, Eirik Kjerpeseth Rusten, Anders Solheim Dyrhaug. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |