|
Årets første tap | | | | | J11: Rosendal-Trio 6-3. Det nystarta laget av året J11 har vore heldige og dyktige så langt i sesongen og vunne sine 3 kampar. Onsdag ville Rosendal ha revansj for 5-6 tapet på Husnes i serieåpninga i april - og det fekk dei med ein fortent 6-3 seier mot jentene i raudt. Det stod 2-1 til Rosendal til pause etter ein jevn 1. omgang. | | |  | | Synna: 2 mål og banens beste i dag. |
Det gjekk to 7arkampar parallelt på banen og det vart spelt på 2 fjerdedelar på tvers av kvarandre (2 hjørner av banen). Vi reagerte med ein gong vi såg banen og kommenterte at vi syns den såg liten ut(?). Dette såg og ut til å plaga jentene litt i forbindelse med igongsetting av spel bakfra. Det vart trongt og vanskeleg for back å finna spelalternativ etter å ha fått ball frå keeper - slik vi har trena og trena på. Når Rosendal i tillegg pressa med 2-4 spelarar i første ledd (dei trakk tilbake som dei skal og lot oss starte, men vi er ikkje van med så mange i første press), vi vart litt stressa og jentene sleit med å få ballen forbi første pressleddet gong etter gong. Ein konsekvens vart og at fleire og fleire skulle komme ned og «hjelpe å få ballen ut». Då blir vi fort baktung - vi må ha spelarar oppe i banen å spele til. Fleire av måla kom også på denne måten og det må vi bare ta med oss og øva meir på. | | | Ellers vart jentene litt satt ut av kontinuerlige avbrudd med blåsing på feilkast (begge lag). Personlig likar eg at 11-åringar får spela mest mulig fotball når ein har 2x30 i fantastisk spelever, men reglar er reglar og dommar Erlend var i sin fulle rett. Det vart og litt diskusjon (saklig og i godt lynne sjølvsagt) då vi vart avblåst for tilbakespel til keeper. Jentene skal ha ros for at dei stod på og kjempa bra til siste slutt. Det er mulig at fokus før kampen var litt feil. Eg meinar at eg fanga opp uttalelsar før start som at «vi skal vinna alle kampane før ferien» og liknande. Vel og bra å ha ambisjonar om å vinna fotballkampar, men då har vi gått i den klassiske fella med fokus på resultat og ikkje på kva vi skal gjere på banen. Kanskje det spela litt inn på at vi sleit litt meir med igangsetting bakfra og at vi gong etter gong lot Rosendaljenter ligga ledig mellom oss og vårt mål (vi er ikkje begynt med offside ennå jenter :)). Sånn sett nyttig erfaring å få seg eit tap mot flinke jenter i kvitt frå Rosendal som var bedre enn oss i dag, slik at vi blir skjerpa på kva vi skal gjera på banen. | | | 3 fine mål scora vi. Synna var over alt i dag og scora eitt i kvar omgang fra midtbaneposisjon, mens June Marie scora eitt i sluttomgongen i spiss-rolla. Desse 2 har dermed scora i alle 4 kampane så langt i år. Bakover på banen syns eg June skilte seg litt ut i forhold til tidlegare kampar og gjorde sine saker veldig bra i dag inntil ho fekk ein smell i andre omgang. Flott framgong, June! | | | Stor takk til Rosendal og Håvard/Tone FM for den mottakelsen og service vi fekk der inne. Gratis kaffi til oss på linja og fruktskåler til jentene i pausen - et eventyr og noke å strekka seg etter for oss i Trio! | | | No er det ein pause på 3 veker før neste J11-kamp. Då skal vi bare halve veien, til Heio i Uskedal for siste kamp før sommarferie:). Før det skal 12-åringane i treningsgruppa spela mot Trott og Bremnes før oppladinga til Husnes Cup startar :) | | | Laget til Trio J11: Jenny H. Lie, Ingeborg S. Hagan, Rim Sami, Victoria Joleik, Margrete N. Hillestad, Aurora N. Mathisen, June Marie S. Bjelland, Emma S. Meling, Synna H. Gjerding, Alexandra E. Andersen, June S. Hammer. | | | - Per Einar Gjerding | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |