Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Enkel 5-0 siger for Trio mot Stord2

Klikk på bilete for full storleik
Hattrick hero! Allkan Abdulla!
 
Trio reiste til Stord stadion torsdag kveld for å prøva seg mot 2 laget til Stord. Det var grei skuring og Trio ga seg ikkje før dei hadde putta 5 mål bak Kvinnheringen Christopher L. Brix som stod i mål for Stord2.
 
Klikk på bilete for full storleik
Futsum scorar sitt første mål i Triotrøya. Han har også fått nytt profilbilde. Ein stor dag for Futsum!
Klikk på bilete for full storleik
Futsum var glad for at han fekk låna skruknottane til Aleksander Ekeland i dag.
Klikk på bilete for full storleik
Haga la ned mange meter i dag og var påskrudd gjennom heile kampen. Noterte seg for ein assist.
Klikk på bilete for full storleik
Ronny sa etter kampen at han ikkje hadde andre alternativ og var nødt å nikka ballen inn til Futsum. Det enda heldigvis med mål.
Klikk på bilete for full storleik
Mats fekk 20 minutt i keepertrøya og var 3.sist på målet til Allkan.

Lagoppstilling (4-4-1-1)

 

Andreas Eide

Futsum Mebrathu, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Eivind T. Saghaug

Martin Veastad, Endre Eide, Håvard Haga, Andreas Thorkildsen

Allkan Abdulla

Andreas Charter Røyrvik

 

Reserva

 

Mats B. Ekeland, Aleksander B. Ekeland, Sander S. Lillesletten, Vegard O. Johnsen.

 

Stord2 - Trio 0-5 (0-3)

 

15. min. 0-1, Allkan Abdulla (straffe)

25. min. 0-2, Allkan Abdulla

35. min. 0-3, Martin Veastad

50. min. 0-4, Futsum Mebrathu

85. min. 0-5, Allkan Abdulla

 

Det var eit meget ungt Stord 2 lag som stod på motsatt banehalvdel då dommaren bles kampen i gang. Stord starta med å trilla ball mens Trio låg kompakt og venta på å setta inn støtet. Etter 15 min hadde Trio spelt seg opp i banen og Allkan mottok ballen inne i deira 16 meter. På veg vekk i frå mål blei Allkan felt og dommaren var ikkje i tvil om at det var straffe. Som ein ekte toppscorar valgte Allkan å ta straffen sjølv. Straffen var ikkje veldig god og keeper var etter ballen. Men keeper slengte seg over ballen og den sneik seg inn i nettet til stor lettelse frå Allkan. 0-1!

 

Bare 10 minutt etter kom dagens finaste mål. Eivind pinga ballen motsatt på Futsum som førte ballen med seg nokre meter før han fant Allkan på 25 meter. Han tok nokre touch på ballen før han klinte ballen i krysset. Eit prosjektil av eit skudd og Trio leia no 2-0.

 

10 minutt etter det igjen var Haga på farten på venstrekanten. Han kikka opp og slo ballen mot ein ledig Martin inne i feltet. Martin fekk ikkje heilt kontroll på ballen og mista den til ein Stord spelar. Men forsvarsspelaren nølte litt for lenge noko som gjorde at Martin fekk tid til å tackla ballen inn i mål fra 6 meter. 3-0.

 

Då dommaren bles til pause var det ikkje ufortjent at Trio leda 3-0. Kjell Magnar meinte at me fremdeles hadde mykje å gå på. Me var litt for treige i omstillingsfasen og me flytta ikkje beina raskt nok. Me måtte også vera obs på kontringar i mot.

 

Dommaren bles i gong kampen igjen og Trio vant ein corner 5 minutt etter. Ballen blei slått langt bak i feltet der Ronny så vidt fekk setta panno på ballen. Ballen for inn igjen på 5 meteren der Futsum stod med 3-4 Stordforsvarera rundt seg. Futsum vendte lynrask opp og banka ballen i mål. Etter 3 sesongar i kluben satte endeleg Futsum inn sitt første mål for Trio! 4-0.

 

Resten av kampen var prega av svært mange balltap og det vart mange kontringar til begge lag. I det 85 minutt finner eit langt utspel pannebrasken til Charter. Han stussar fint ballen igjennom til Allkan som har starta i bakrom. Keeper står på halvdistanse noko Allkan har fått med seg. Frå 20 meter chipper han ballen over keeper og i tverrliggaren før den finner veien i nettmaskene. 5-0.

 

Det blei ikkje fleire mål i kampen. Stord2 stilte nesten med eit reint juniorlag og skal berømmast for innsatsen sin. Men dei blei fleire hakk for små i dag. Trio er no oppe på 4.plass på tabellen før dei skal spela mot topplaget Frøya neste lørdag den 06.06.

 

Av Triospelera som kan vera stolte av seg sjølv i dag så bør ein sjølvsagt nevna Allkan Abdulla. Scorar hattrick også i dag og er alltid ein trussel når han får ballen. Også Håvard Haga må nevnast sjølv om han er vaksinert mot å scora mål. Han viser at han er tent gjennom heile kampen og er både høgt og lågt. Vinner i tillegg det meste av duellar.

 

 

-Henrik L. Røssland-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart