Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Grei kamp mot seriens beste

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Trio2-Stord3 1-4. Smågutane tok i mot seriens beste lag, som er Stord 3, eller 13-årslaget deira. Dei spelar feiande flott og teknisk fotball med stor røyrsle og godt pasningsspel i høgt tempo. Vi sleit med å henge med i første omgang, men kom sterkare etter kvilen.
 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Tormod.

Dei kvikke stordingane tok tak i kampen frå start og pressa oss godt tilbake på banen. Vi sleit med å få tak i ballen og med å halde på den då vi endeleg fekk borti. Stord var kjappare med og utan ball, tøffare i duellane og hadde veldig god plan over spelet. Men vi jobba godt bakerst og sto godt i mot første 20 minutta. Men det hadde smelt to gonger i aluminiumen før Tormod måtte kapitulere første gongen. Ingen skam å sjå den gå inn, for det var eit perlefrispark frå vel 20 meter, som sjølv Beckham hadde vore kry over.

 

Så tok det ikkje lenge før Stord spelte seg igjennom og la på til 2-0 og rett før kvilen kom også det tredje. Det gav grunnlag for ein pauseprat der vi var samde om at vi kunne betre og måtte opp eit hakk. Greit at motstandar var kjappe og bevegelege, men vi kunne i allefall flytte beina raskare, vera meir oppi og vera tøffare i duellane.

 
Klikk på bilete for full storleik
Redusering ved Daniel.

Som sagt, så gjort. Det var ein langt tøffare utgåve av oss som kom utpå igjen. Duoen Torstein og Samson kom inn og gav trøkk på venstresida og særleg Sander og Mads tok meir tak offensivt. Dermed klarte vi også å løfte spelet lenger opp og skape ein del. Det gav også uttelling, då Tarmo fekk ballen i feltet, avslutta i stolpen, før innbyttar Daniel var vakent frampå på returen. 1-3!

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av Mathias.

Sidan heldt vi trøkket og hadde også to gode sjansar vet Tarmo på skot og Marcus med ein flikk, men Stord sin gode keeper varta opp med flotte redningar. Utover kom Stord meir inn i det igjen og mot slutten av kampen var det dei som fekk dei største sjansane. Og på tampen la dei også på til 1-4, som vart sluttresultatet. Fortent nok, dei var eit hakk betre enn oss, enkelt og greit.

 

Då venter ei roleg veke for oss. Berre ein kamp på våre to lag, og det er Trio1 sin bortekamp mot Bremnes på onsdag. På gras, juhuuh!

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G14: Trio2-Stord3 1-4 (0-3)

0-1 (26 minutt)

0-2 (29 minutt)

0-3 (35 minutt)

1-3 (39 minutt) Daniel Sørtveit

1-4 (69 minutt)

 

Tilskodarar: Knappe 20.

Dommar: Svein Arild Kjærland, Uskedal

Ingen kort.

 

Trio sitt lag:
Tormod Sund Vårdal, Ole Martin Byrknes, Mathias Gjelseng, Espen Aakre Sjo, Edvin Vågen Bjørgvik (Torstein Olderkjær frå 35 minutt), Tarmo Tars, Marcus Nilsen Mathisen, Mads Jørgensen (Lars frå 60 minutt), Sander Dolonen Brækken, Lars Olderkjær Larsen (Daniel Sørtveit frå 35 minutt), Benjamin Skarveland (Samson Nyrud Uppheim frå 35 minutt).

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart