|
Ny solid bortekamp | | G13: Haugar-Trio 1-4. I dag gjekk turen på nytt til Haugesund for Trio G13. Motstandar var Haugar1, som før kampen i dag hadde spela jamt med fleire av dei andre laga, og stod med ein seier, 3 uavgjorte og eitt tap. Vi forventa oss ein tøff kamp, og det vart det. | | |  | | God stemning på ferga. |
Gutane starta bra og fekk tidvis spelet til å gå slik vi ønskjer. Dei fyrste 20 minuttane av kampen var prega av mykje spel på midtbanen, og vi var ikkje presise nok i siste pasningen vår til å skapa dei heilt store sjansane. Gutane jobba godt og slapp ikkje Haugar til heller, så det føltes litt urettferdig då dei gjekk opp i leiinga etter 22 minuttar. Målet kom på eit flott langskot som Torstein var sjanselaus på.
| | |  | | Stor kamp av Daniel. |
Gutane jobba vidare, og fekk etter kvart skapt eit par gode sjansar som vi kunne scora på. Men opningsomgangen enda med eitt mål, og vi gjekk til pause med 1-0 til Haugar. ' Vi følte vi hadde taket på denne kampen, og mana gutane til vidare innsats og fokus på presisjon i siste delen av banen. Som så ofte før brettar gutane opp erma og tek tak. Det går difor ikkje meir enn 5 minuttar av 2.omgangen før vi utliknar. Daniel gjer alt sjølv, tek ballen med seg frå sin sentrale midtbaneposisjon, lurer av 3-4 Haugar-spelarar før han set ballen sikkert i mål.
| | |  | | To mål av Lars. |
No verkar det som om gutane klarar å sleppa seg litt meir laus, og vi får ein strålande avslutningsomgang. Gutane får ballen til å gå langs bakken, og spelar til tider 'ball-i hatt' med Haugar. 19 minuttar er gått når Daniel fyrer på nytt. Det knallharde skotet treff målvakta i brystet og sprett ut til Lars. Han er kald som vanleg og set inn leiarmålet vårt. Haugar er i denne andre omgangen sjeldan på visitt framfor målet vårt. Torstein i mål, og dei 3 i backrekka (Sander, Joakim og Isak) ryddar opp i det som kjem, og spelar alle ein strålande kamp. No ventar vi eigentleg berre på det tredje målet som vi føler vil avgjera kampen. 10 minuttar før slutt kjem det. Etter fleire glitrande kombinasjonar på midtbanen, trer Daniel ballen gjennom til Lars som nok ein gong er kald føre mål. 3-1-leiinga er eit faktum.
| | | Dei siste minuttane skapar vi fleire gode sjansar. Det er difor ikkje ufortent at Isak får æra av å setja inn 4-1 minuttet før slutt. Han hadde lyst til å spela litt høgare i banen mot slutten, og det fekk han lov til. Det er då ekstra kjekt at han takkar for tilliten med å setja inn vårt siste mål for dagen.
| | | Gutane viser på nytt at dei vert vanskelege å slå. Vi har nemnt den gode jobben Torstein gjer i mål, og Sander, Joakim og Isak gjer i dei bakre rekker. På midtbanen er Daniel på ny konge. Han gjer ein strålande jobb defensivt, skorar eitt og har to målgivande. Supert! I dag fekk og Brynjar prøva seg på sentral midtbane i Ole Tobias sitt fråvær. Brynjar viser at han kan gjera ein solid jobb i denne posisjonen og. Mads og Martin på kantane jobbar heile tida godt både framover og bakover i banen. Dei er flinke til å skapa muligheiter på sidene med god teknikk og gode pasningar. Lars er framleis på hugget og set i dag inn to mål. Han er bevegelig og flink til å vera på rett stad til rett tid, og når han er kald som ein fisk føre mål så må det jo berre bli gull. Marcus kom i dag inn på sentral midtbane, og jobba godt. Hadde eit par gode gjennomløp som han med litt flaks kunne scora på. Magnus er nett som poteta og gjer jobben sin godt uansett kor han kjem inn. Starta på kant før han vart sett bak på backen. Flott innsats, tøff i duellane og løyser oppgåvene sine på ein framifrå måte. I dag hadde vi i tillegg med oss 'aspiranten' Emil. Han fekk prøva seg både som spiss og kantspelar og gjorde ein flott innsats. Han er uredd, god med ball og viser fint overblikk.
| | | Takk til alle foreldre, søsken og besteforeldre som tok turen Haugesund for å heia fram gutane i dag. Fint vær, og vindstille på Haugalandet! Eit eventyr. Ein ny flott bortekamp enda med ny fullt fortent siger. No er det berre 3 dagar til neste kamp, heime på Kvednabekkjen fyrstkomande onsdag. Vi gler oss!
| | | - Tore og Osa | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |