|
Særs innhaldsrik helg | | | | | Trio/Halsnøy G16-1 spelte kamp både fredag og søndag. 1-3 tap for Nymark og 3-2 seier mot Lyngbø. I begge kampar fekk ein besøk av ambulansen, så da mangla ikkje på action! Og då kom armbrudd utanom.... | | |  | | Henning med brudd i handleddet. Tar imot autografar:-) |
Me har fått stadfesta at nummeret 113 fungerer. Fredag så smalt keeper Magnus inn i ein duell med motspelar og enda opp med ei stor flenge i bakhovudet som trong 6 sting. Søndag måtte ein spelar frå Lyngbø få help med brudd i nasa, etter eit ublidt møte med panna til Vegar Hoff. Og som om da ikkje var nok, så viste da seg at Henning H. Solheim pådrog seg brudd i handleddet i kampen mot Lyngbø at underteikna nær pådrog seg hjerteinnfarkt då spenninga var på da høgaste mot slutten. Takk til helsepersonellet, både frå tribunen og på ambulansen, som kom til på kort tid. Neste heimekamp er 13.06 og då kan dåke bare ta oppstilling på Halsnøy Kunstgrasbane allereie under oppvarminga. | | | Men det skjedde jo sjølvsagt noko sportsleg og: | | | Trio/Halsnøy 1 - Nymark 1-3 (0-0): Nymark er vel å rekna som eit av dei 3 beste laga i serien og har mål om opprykk til 1.divisjon. Dei viste seg å vera eit godt spelande lag, med gode tekniske spelera. 1.omgangen var relativt jamn. Me viste ingen respekt for eit antatt betre lag og hadde føringa i starten av kampen. Hadde ein satt endo større press på forsvaret deira i starten, så burde det vore gode muleghetar for mål, for forsvaret deira var alt anna enn balansert. Da er til tider noko frustrerande å stå på sidelinja å sjå enormt store rom som ikkje blir utnytta. Ein må og lera seg å finna 'svake' ledd hos motstander. Keeperen til Nymark satte alltid i gang spelet bakfrå. Og når forsvaret bruker noko tid på å få kontroll på ballen, så må ein sjå dette tidleg og setja eit kollektivt press høgt oppe i banen. | | | Me kom til eit par store sjansar ved Ruben og Marius, men avslutningane var ikkje heilt presise. I motsatt ende er ikkje Nymark heilt ufarlege heller. I ein periode, som frå sidelinja virka som fleire minutt, blei det blokkert, forsøkt klarert, takla etc inne i egen 16-meter. Heldigvis rei ein av stormen med heroisk innsats i dei bakre rekker. Gjer ingenting å ha ein våken Magnus i mål heller. Sjølv om Nymark hadde tatt over meir og meir mot slutten av omgangen, hadde ein følelsen av at dette kunne bikke begge vegar. Pausepraten handla om å vinne 50/50 duellane i større grad og å utnytte bakrommet når muligheten var der. | | |  | | Kraftig smell for Magnus under fredagens kamp. |
Kort tid ut i 2.omgang får dessverre Magnus seg ein skikkelig smell i bakhovudet. Underteikna er ikkje akkurat noko stor fan av 'Greys Anatomy', og det kjem seg ikkje bare av handlinga i serien. Godt da sit sjukepleiar på tribunen på kvar kamp (les - min betre halvdel). 6 sting vart resultatet seinare på legevakten. Vebjørn Røssland heiv på seg keeperhanskane og gjorde ein strålande siste del av kampen. Like etter skaden gjekk me i angrep. Ballen hamnar til slutt hos Ruben godt utanfor 16-meteren, som langt ifrå skyt eit av sine beste skudd, men den snik seg nå allikevel inn, 1-0! Var dette endeleg dagen, der me kunne ha litt tur? | | |  | | Simen var verkeleg på hugget i 1.omg |
Dessverre, for oss, så har Nymark eit gir til. Dei tar fullstendig over og brukar ikkje meir enn 4 minutt på utlikna til 1-1. Vebjørn held oss inne i kampen med nokre fantastiske redningar, medan safta i beina til dei 10 andre ute på banen begynner å ta slutt. Da koster mykje å måtte jage motstandera som er noko betre enn oss til å halde ballen i laget. I 67. minutt får Nymark lagt inn i boksen og ein heilt umarkert spelar kan kontrollert setja ballen i mål til 1-2. Den spelaren SKAL midtbane/forsvar plukke opp. Her må me bli flinkare til å kommunisere/ta ansvar sjølv. | | | Me legg om til 3 forsvarera, for å få litt meir pondus på midtbanen og framme. Føler fortsatt at me kan straffe forsvaret til Nymark med gjennomspel om ein bare er flinke til å finne opningane. Me får også umiddelbart ein sjanse ved Niko, men ein Nymarkforsvarer klarer å blokkere i siste sekund. Og når da kun er 1 minutt igjen av ordinær tid, så set Nymark inn sluttresultatet til 1-3. | | | Igjen kjempar dåke godt gutar. 1.omgang er bra, der spesielt Simen går foran og viser korleis da skal taklast og vinne viktige duellar. Me blir slitne utover i kampen, då me dessverre ikkje evnar å halde ballen i laget og heller må bruke krefter til ballgjenvinning. Litt for mange som fortsatt har ein del å gå på når da gjeld duellspel. 50/50 duellar må i større grad vinnast på dette nivået. ' Nymark var forøvrig eit hyggeleg bekjentskap. Både trenera og spelera viste veldig god sportsånd! | | | Laget: Magnus (Vebjørn), Vebjørn H, Vegar, Henning, Oliver, Patrick (Marcus 65.min), Daniel, Marius, Ruben, Simen, Nikolai. Mål: 1-0 (55) Ruben 1-1 (59) 1-2 (67) 1-3 (79) | | | Trio/Halsnøy 1 - Lyngbø 3-2 (1-1): Etter eit tap er det like greit at neste kamp kjem så snart som muleg, slik at ein kan få snarleg opptur. For dei fleste var dette tredje kampen på 7 dagar (4. for Oliver), så beina begynte vel å bli rimelig 'sure'. Men da er jo ein grunn til at me har kondisjonstrening og at me tyt og maser om egeninnsats rundt akkurat dette :-) Lyngbø var ut frå tabellen og tidlegare resultat ein motstandar som ein kunne spela jamnt med. Igjen møter me eit reint 16-års lag (Nymark hadde faktisk ingen 15-åringar i klubben.....), men da er ein etterkvart blitt vant med i denne divisjonen. Her var det bare å pøsa på frå start og ikkje gje motstander noko håp om lett seier. Og kva er vel betre då enn å scora etter bare 7 minutt. Henning slår ein flott ball til Marius, som er på løp. Han gjer ingen feil og banker ballen i nota bak keeper, 1-0! Fram til då hadde underteikna stussa litt over at ein ikkje tidlegare hadde sett at da var veldig gode muligheter til å utfordra bakrommet til eit ikkje altfor hurtig og organisert forsvar. | | | Me forsetter presset ein periode etter scoringa og kjem til gode sjansar både ved Simen og Ruben. Synd me ikkje klarer å utnytte det gode overtaket vårt desse fyrste 15-20 minuttane. Lyngbø set ikkje Vebjørn på mange prøvar i denne perioden. Men mot slutten av omgangen kjem dei meir med i kampen. Me må gjera nokre endringar på midten, då Henning må ut med det som seinare viste seg å vera armbrot. Mister dermed litt av duellstyrken og. Dei tar over midtbanen og truar bakrommet vårt i større grad (Slikt heng ofte saman). 34. min ut i omgangen får dei hjørnespark. Me har snakka om å ta ansvar på dødballar og ikkje 'tru' at andre ordner opp. Trur me må fortsetja å fokusera på dette, då det er akkurat mangel på handlekraft som gjer at dei får stanga inn utlikning til 1-1. | | | Fokus i pausen er duellspel og å utnytta enorme rom bak forsvaret til Lyngbø. Og da går vel ikkje meir enn 30 sek frå avspark til me går opp i leiinga 2-1! Niko har lytta i pausen og startar løp i bakrom. Patrick slår ein flott pasning i rommet foran Niko, som iskaldt lobbar ballen over keeper og i lengste hjørne. Lyngbø velger umiddelbart å legga om til 3-4-3, som sjølvsagt vil gi større press på forsvaret vårt, men og endo større rom for våre angripera. Me velger difor å bli ståande i 4-4-2. Og da mangla ikkje akkurat på sjansar. Tobias, som kom inn på ventrekant i pausen, får ein flott mulighet like etter scoringa vår. Han blir spelt flott gjennom, men er noko uselvisk og vel pasning til Niko, som dessverre er litt for lang, i staden for å fyra av sjølv. Da er vel lenge sidan du var så langt framme på banen Tobias. I tillegg har Niko og Simen og gode sjansar. | | |  | | Vegar heldig som slapp unna med eit lite kutt i panna. |
Halvvegs ut i omgangen oppstår det dessverre ein situasjon som ender med 2. ambulansebesøket til våre kampar på 2 dagar...... Vegar og ein Lyngbøspelar går i samme duell, der panna til Vegar treff motstander i nasa. Såg ut som brudd for ein ufaglært..... Me ynskjer Lyngbøspelaren god betring! | | |  | | Ingen softis Oliver. Stolpen er på lag med trenaren :-) |
Oliver og Tobias bytter plass litt ut i omgangen og ein offensiv Oliver gir klart uttrykk for at nå skal eg få sjå scoring. Med lovnad om softis på neste ferjetur, så skal det iallefall ikkje mangla på motivasjonen. Og så nærme du var Oliver! Flott løp og flott pasning gjer at han kjem åleine med keeper frå kant. Smaken av softisen satt nok på tunga i det du skuffa måtte sjå at ballen smalt i stolpen :-) | | |  | | Patrick hadde ein god dag på midten, både i duellar og med pasningar i bakrom. |
Lyngbø har utover omgangen tatt over deler av banespelet. Men det er helst på dødball dei er farlegast. Og som ei læring til framtida - ein må prøve å unngå unødvendige frispark mot slike motstandera (unødvendige frispark er vel i grunn alltid unødvendig..?) Nå var det rett nok ikkje ein slik episode som gjorde at Lyngbø fekk frispark i det 74.minutt. Dei slår ein 'daleball' frå 45 meter inn mot vår 5-meter, som både forsvar/keeper bør ta hand om. Men mangel på kommunikasjon (som eg trur me har nemnt før) gjer at ballen får lande i vår 5-meter for så å bli stussa i mål. Den var litt unødvendig gutar.....2-2, med 6 minutt igjen av ordinær tid. | | | Skal me atter tape poeng på slutten av ein kamp? Ruben kjem inn igjen frå benken, med klar beskjed om å trua bakrommet. Og da går ikkje lang tid før han set på turboen om kjem åleine med keeper. Men akkurat i det skal skyte, blir han hekta av ein Lyngbøspelar som kjem halsande bak. Ruben er ikkje ein som fell i bakken om nokon er borti han, og det er kanskje dette som gjer at dommar ikkje bles straffe - som frå ein som brukar linser, såg heilt klår ut! | | |  | | Ruben matchvinnar i siste minutt. |
Me styrer alt dei siste minuttane og på midten kjempar spesielt Patrick heroisk for å vinna alle duellar og gi oss nye mulighetar for angrep. Og det er nettopp etter ballgjennvinning og hurtig omstilling seiersmålet kjem. Vebjørn stormar framover og slår ein glimrande ball til Ruben, som nå har funne ut at bakrommet passer farten hans utmerka. Han set ballen i mål som den enklaste ting i verda, 3-2! Då viser klokka 80 minutt. På grunn av langt skadeavbrekk, så er det lagt til ein del tid. Men ein enorm innsats i alle ledd, der ein tar ut litt ekstra, gjer at Lyngbø aldri kjem i nærheten av utlikning. | | | Me speler ingen perfekt kamp i dag heller, men da er større periodar av kampen der ein viser at dette unge mannskapet kan henga med i denne tøffe 2.divisjonen. Guts, gjennomspel, løp i bakrom (etter kvart) og eit sug etter seier, gjorde at ei hard veke kunne feirast med seier! Og på dagens trening stiller trenerane, som lova, sin edlare bakdel som blink frå 11-metern. Det er ikkje mykje å sikte på, men eit og anna vådeskudd kan vel treffa. | | | Laget: Vebjørn R, Vebjørn H, Vegar, Sander, Oliver, Patrick, Henning (Nikolai 25.min), Simen (Ruben 75.min), Ruben (Tobias 40.min), Marius, Jonas Mål: 1-0 (7) Marius (Henning) 1-1 (34) 2-1 (41) Nikolai (Patrick) 2-2 (73) 3-2 (80) Ruben (Vebjørn H) | | | - Verner - | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |