Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Sliteseier i Odda

Klikk på bilete for full storleik
 
J16: Odda-Trio 0-1. Da var ikkje mykje som tyda på at det var den første dagen av sommaren som var kommet. I Odda var det regn,kaldt og det bles godt. Ein kjekk siger i ein kamp med mykje kjemping, der matchvinnar vart ein gammal Oddaspelar.
 

Det var eit amputert J16-lag vi stilte med i dag, da vi hadde spillere ute med sykdom og eksamen. 15 spillere, der 3 var J13 spillere som sporty stillte opp. I garderoben blei vi enige om å trille ball langs bakken og å bruke bredden av banen. Det og være tidlig i press, og ikkje la Oddajentene få spille ball. Dette funka bra og jentene jobba hardt. Dei stressa Oddajentene slik at dei ikkje fekk fred eit sekund. Vi refererte også tilbake på Bremneskampen, og forklarte at Bremnes kom til Kvednabekkjen med innstilling å krige seg til poeng. Den innstillinga måtte vi ha i dag, krige i kvar duell, og vinne utspark, andreball osv.

 
Klikk på bilete for full storleik
Matchvinnar June.

Første omgang spiller vi oss gjennom flere gange på sidene, så June og Mari legger ned mange meter på kunstgraset. Det er nesten eit par ganger, men oddingane er flinke til og blokkere/løpe opp jentene, og forstyrre dei så mykje at det går ikkje heilt vår vei. Rett før pause får vi ein corner, og jentene utfører ein perfekt innøvd kort kombinasjon. Synne slår til ei møtende Ester som slår videre til Marie, og Marie videre til June som legger den til rette og kliner til ballen i tverrliggeren og i mål. Det blei vill jubel på banen, og det var kjekt å stå på sidelinja og sjå gleden det utløyste blant jentene jublande gjeng med jenter på banen (tverrliggeren står sikkert og dirrer enda :)

 

I pausen skryt vi over jentene for ein godt gjennomført omgong. Lea har plukka dei skudda som kom, samt var ho våken på lange gjennomspill fra Odda. Ellers ville vi at jentene skulle fortsette og spille fram på kant, for i midten var det trangt. Jentene hadde også pasninger inn mellom midtbane og forsvar som Oddajentene snappet opp og gjorde til at det blei mykje ekstra jobb med å rette opp. For å spare oss arbeid ville vi at dei skulle spille langs kant som avtalt før kamp.

 

Jentene går hardt ut også i andre omgang og ønsker tydelig å vinna kampen. Dei kjempar og jobber heile omgangen gjennom, tydelig at dei hadde lært noko om kjemping fra Bremneskampen. Vi spiller ball som avtalt langs bakken, men det er eit kompakt og kjempende Oddalag, som har som mål og slå Triojentene (noko som er ganske sjelden dei gjer :)

 

Henriette kjem inn for Jannike når det er ca 30min igjen og viser seg godt fram med å jobbe godt. Da det er 10 min igjen er June heilt ferdig, ho har krampe i begge beina, 2 lagvenninner stiller opp og tøyer hver sin fot på June. Ho har tatt ut absolutt alt og det viser seg at ho ender opp som matchvinner mot gamleklubben, herlig June!

 

Vi spelar ein meget god bortekamp mot eit Odda-lag uten poengtap før i dag. Dette er vel det ein kallar ein midtbanekamp, for det er her ballen befinner seg mykje av tida. Vil likavel i dag skryta litt over den defensive jobben jentene gjer kollektivt. Når alle jobber sammen i dette er det vanskelig å score mål på vårt lag. No har vi kampfri på tabelltopp til torsdag 4/6, då er det bortekamp mot Stegaberg, ein 7ar kamp.

Kampfakta, Kvednabekkjen

1. div J16, Rogaland: Odda-Trio 0-1 (0-1)
0-1 (39min) – June (assist: Marie)

 
Trio sitt lag:
Lea Sofie Dalland, Hedda Sundsteigen Tangstad, Mariel M. Madsgård, Madel H. Gjerding, Synne T. Nissestad, June E. Pedersen, Ester Djuvstad, Mirka J. Prieto, Sofie Lillesand, Mari Omvik Furdal, Ida Bruvik, Marie Normann, Christine M. Madsgård, Henriette Å. Skarveland, Jannike K. Røssland.

 

- Trenar Jan Olav Madsgård

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart