|
God stemning trass tap | | | | | G14: Bremnes2-Trio1 10-0. Smågutane hadde ei tøff oppgåve på Bremnes onsdag. Ein sjeldan graskamp var kjekt, ikkje minst når vertilhøva faktisk var godt eigna for det. Og med ein sjeldan tur i minibussen (den første for mange av desse karane), låg alt til rette for ein fin tur. | | |  | | Espen var vår bestemann. |
Underteikna rakk ikkje heim frå reise i forkant, men måtte hoppe på bussen på Stord, og då var sjåfør Are Uppheim og gutane godt i gong med å løfte stemninga i taket. I fjor tapte vi 20-1 på Bremnes, så i så måte må vi sjå framgongen. Det vart 5 mål i kvar omgang og ingen grunn til sure miner etter kamp. Stemninga i bussen var like god då også. Det gjer noko med ein trøtt stakkar å måtte høyre på 13 gutar i stemmeskiftet synge av full hals på moderne skrotmusikk. At dei berre delvis kan teksten, var visst ikkje noko hinder :) | | | Artig for oss å få sleppe til på gras, det er vi ikkje vane med. Men i følge gamle heltar er det det som er ekte fotball. Vi starta kampen greit, men fekk etter kvart eit visst trøkk i mot oss frå dei noko raskare bømlingane. Vi sto godt i mot i periodar, men vart og litt for snille i duellane, noko som litt for ofte gav motstandaren høve til å spele fram raske spissar i bakrom. Slik kom dei fleste måla før pause. | | | I pausen snakka vi litt om det og klarte å heve aggresiviteten meir og hindre at dei fekk spele så fritt gjennom. I periodar fekk vi også løfta vårt eige spel og hadde fleire gode sjansar utan å lukkast. I staden fekk vi eit par mål i mot på raske og gode kontringar i mot. Jaja, framgongen tek vi med oss. | | |  | | Flott kamp i mål av Anders. |
Anders gjorde ein god kamp i mål i Vegar sitt skadefråver. Elles var Espen vår bestemann i går med beinhard innsats og vilje i duellane. Hadde alle dei andre bretta opp ermene og trødd til like mykje i kvar ein duell, hadde vi kome betre utav det. Nemner og Edvin, som viser fin utvikling og får til stadig meir. ' Trio sitt lag: Anders, Yonas, Mathias, Ole Martin, Edvin, Gaute, Simen, Espen, Samson, Daniel, Benjamin, Vegard F, Robin. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |