Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Ny siger i jobbekamp

G13: Trio-Skudenes1 4-1. I kveld var det klart for den nest siste heimekampen for Trio G13. Denne gongen var det Skudenes1 som stod på motsatt side.
 
Klikk på bilete for full storleik
Hat trick av Mads!

Vi starta kampen som vanleg i kveld. Med fair play i fokus, har vi i stort sett kvar kamp i vår, gitt motstandaren vår eit mål som bonus for at dei kjem på besøk. Det går berre eitt minutt før vi er litt uheldige med ei klarering, ballen hamnar hos ein Skudenes-spelar på midtbanen som elegant lobbar ballen i mål. Men som før så lar ikkje gutane dette gå nemneverdig innpå seg. Dei kjempar seg inn i kampen og tek over føringa. Skudenes er sjeldan på besøk framføre målet vårt, og kjem ikkje til fleire sjansar i fyrste omgang.

 

Vi derimot, skapar fleire gode sjansar og etter 17 minuttar kjem utlikninga. Vi får sett i gong spelet bak i banen, Sander finn Mads med ein glitrande pasning, og åleine med målvakta er Mads sikker - 1-1. Så vinn vi ballen igjen rett frå avspark. Ballen hamnar atter ein hos Mads, denne gong etter ein pasning frå Joakim. Mads utfordrar på sida, kjem seg forbi og set ballen vakkert opp i motsatt hjørna. Gutane jobbar vidare og styrer kampen fullstendig. Men ein god målvakt i Skudenes-målet, og litt upresise avslutningar, gjer at vi ikkje klarar scora fleire mål i denne omgangen, og vi går til pause med ei 2-1-leiing.

 

Pausepraten handlar i dag om å fortsetja med den gode jobbinga, prøva å få ballen meir nedpå, og vera med presise i avslutningane. Gutane fortset som avtala og 10 minuttar ut i omgangen kjem 3-1-målet. Etter fleire fine pasningar, tacklar Daniel ballen gjennom til Ole Tobias, som set ballen sikkert ned i hjørna. Jobbing-ballen nedpå-presise i avslutningane! Er det ikkje flott når gutane høyrer litt på oss gamle?

 

No, som i fyrste omgang, styrer vi kampen heilt. Skudenes er frampå nokre få gonger, men solid spel frå Torstein og gutane i bakre rekker, gjer at dei aldri kjem til nokon reelle målsjansar. Vi er derimot farleg frampå fleire gonger, og 17 minuttar ut i omgangen får Mads hattricket sitt. Etter fleire gode pasningar frå backleddet, opp midtbanen, vert Ole Tobias spelt gjennom på sida. Han set fart og tek ballen med seg til dødlinja, slår eit knallhardt innlegg føre mål og der kjem Mads på bakerste stolpe og knallar inn 4-1. Dette vert og sluttresultatet.

 

Gutane spelar ein ny god kamp. Vi ser periodevis glimt av klikk-klakk-spelet vi veit gutane kan. I tillegg jobbar dei godt gjennom heile kampen. Vi møtte i kveld eit godt Skudenes-lag. Dei gav oss lite rom og fred og prøvde sjølve å spela fotball. Likevel vinn vi fortent, og sigeren kunne vore fleire mål større. Klapp på skuldra til alle gutane for 3 velfortente poeng. No gleder vi oss stort til bortemøtet mot Djerv1919 neste onsdag!

 

Strålande jobb av følgjande gutar i kveld:

Torstein, Sander, Joakim, Isak, Mads, Daniel, Ole Tobias, Martin, Lars, Brynjar og Magnus V.

 

- Tore og Osa

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart