|
Tam kamp | | | | | G16: Trio/Halsnøy2-Njardar/Tysnes 3-1. Gutelaget leverte ein veldig daff og uinspirert kamp på Kvednabekkjen torsdag kveld. Det var lite tæl i duellane og veldig lite lyd i gutane. Mest lyd var det i grunn i ei av mødrene på tribuna. | | |  | | Oliver var heimelagets beste. |
Heimelaget hadde tre store sjansar tidleg i kampen, men verken straffespark, sjanse åleine mot keeper eller heading frå 5 meter etter corner var nok til å overliste Njardarkeeperen, som virka betydeleg meir inspirert enn heimelaget sine gutar. Resten av omgangen vart veldig tam. Njardar gjekk i føring midt i omgangen, men hadde elles ikkje stort å by på, dei heller. | | |  | | Debutant Ole Martin. |
Trenar Odd Henning hadde nok ein hårfønartale i pausen, og det gjorde at Trio/Halsnøy gjekk rett opp og utlikna ved Håvard. Men elles hjalp ikkje peptalken veldig. Også starten på andre omgang var slapp. Først då G16-debutant Ole Martin (14) kom innpå 20 minutt før slutt, vart det fart på sakene. Han bidrog med engasjement og roping, samt gode pasningar og vilje. Vilje var det også som skapte leiarmålet. Midtstoppar Mikal bestemte seg tidleg, vann ballen og kjempa seg forbi eit par mann, før han hamra ballen i nota frå spissen av 16-meteren. Herleg! Slik tenning bør det vera heile kampen gjennom! Underteikna var historielaus nok til å lure på om det var Mikal si første scoring i Triodrakta, men sant skal seiast: Han scora eitt for G16 i fjor også, samt to for G14 i 2013. | | |  | | Tomålsscorar Håvard. |
Derifra var heimelaget eit hakk betre enn motstandaren og Håvard la på til 3-1 då han var på rett plass i feltet fem minutt før slutt. Nokre fine angrep mot slutten, særleg då Ruben vendte spelet og sendte Håvard rundt på kant. Sander D var på plass framom mål, men keeper leverte ei strålande redning og kampen enda 3-1. ' Med dette tek gutane andreplassen på tabellen, uavhengig av korleis det går i siste kamp borte mot Odda om halvanna veke. Men litt meir guts og vilje må det vera lov å håpe på då. | | | Dagens høgdepunkt: Då poden punkterte kampen, utropte den engasjerte mora på tribuna at 'Mamma skal laga ost og horn!' Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio/Halsnøy2-Njardar/Tysnes 3-1 (0-1) 0-1 (20 minutt) 1-1 (41 minutt) Håvard Vågen 2-1 (65 minutt) Mikal Øvstebø 3-1 (75 minutt) Håvard Vågen | | | Tilskodarar: 30. Dommar: Svein Arild Kjærland, Uskedal Ingen kort. | | | Trio/Halsnøy sitt lag: Vebjørn Røssland, Rasmus Eik Sjo, Sander Eik Vevik, Mikal Øvstebø, Oliver Lygresten, Tarmo Tars (Sander Dolonen Brækken frå 40 minutt), Ruben Saug, Marcus Størksen (Ole Martin Byrknes frå 60 minutt), Ole-Tobias Brendeland, Sindre Benjaminson, Håvard Vågen. | | | - Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |