Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-laget: Tap mot opprykksfavoritten

Klikk på bilete for full storleik
Charter seier at han bare scorer vanskelige mål. Det beviste han på lørdag.
 
Trio reiste til Melkeplassen på lørdag morgon for å møta opprykksfavoritten Frøya. Laget frå Laksevåg rykka ned frå 3.div i fjor og me visste at det kom til å bli ein tøff kamp.
 
Klikk på bilete for full storleik
Henrik er kjent for å laga nydelige mål og var ganske nære då han smalt eit skudd i tverrliggaren like før slutt.
Klikk på bilete for full storleik
Haga måtte gje seg etter 13 minutt på grunn av ein sår ankel.

Lagoppstilling (4-4-1-1)

 

Andreas Eide

Aleksander B. Ekeland, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Eivind T. Saghaug

Futusm Mebrathu, Endre Eide, Håvard Haga, Martin Veastad

Allkan Abdulla

Andreas Charter Røyrvik

 

Reserva

 

Vemund L. Grønstøl, Sander S. Lillesletten, Vegard O. Johnsen

 

Frøya - Trio 2-1 (2-1)

 

18.min 1-0

25.min 1-1 Andreas Røyrvik

41.min 2-1

 

Me fekk nokre frafall før kampen og reiste derfor til byen med kun 3 innbyttera og uten reservekeeper. Me bestemte oss for å legga oss lavt og vera kompakte bak. Frøya starta kampen med å trilla mykje ball og var det førande laget i første omgang.

 

1-0 målet kom etter dødball. Trio fekk 2 mulighetar til å klarera men lykkast ikkje med det. I tillegg glapp me med markinga noko som førte til at den eine midtstopparen fekk stå heilt aleine og heada ballen under Andreas Eide og Eivind T. Saghaug.

 

Ca 15 minutt etter var Trio på farten på høgresida. Aleksander Ekeland fant Charter som hadde komt seg ned i banen. Han forserte eit stykke fram på høgresida før han kikka opp og leita etter medspelera inne i boksen. Men ballen ville ikkje finna medspelera. I staden fant den veien i nettmaskene. Charter slo innlegget rett i mål og lagene var no lika langt igjen. 1-1.

 

Men like før pause fekk Frøya ein ny corner. Den blei slått midt inne i feltet. Andreas ropte keeper men nådde ikkje i ballen. I staden fant den på nytt pannebrasken til den andre midtstopparen og han kunne upressa setta ballen i mål. 2-1.

 

Like etter bles dommaren pausesignalet. I pausen snakka me om formasjonsendring. Me måtte demma opp for den giftige angrepsduoen deira og la derfor om til ein slags 3-5-1-1/ 5-3-1-1 formasjon. Innsatsen var god i første omgang men me måtte ofra litt meir på defansiv dødball.

 

I omgang fortsette Frøya å trilla ball. Trio klarte delvis å demma opp for angrepsspelerane deira, men me slurva mykje med oppspela. Omgangen var prega av mange brudd på begge lag. Frøya hadde flest sjansar men Trio hadde dei desidert største.

 

Den største sjansen burde vel egentlig vore mål. Som Raymond Perdersen skreiv i sin live-update så fekk Charter ballen på ca 89 cm hold. Medspelerane gjorde seg klar til å jubla men ballen fauk utruleg nok i tverrliggaren. Etter kampen sa Charter at han bare scorar vanskelege og fine mål, og ikkje slike enkle.

 

Mot slutten satte Trio inn ein slags sluttspurt. Me fekk nokre dødballar i farleg posisjon og kunne fort ha utlikna då Henrik plutselig stod med ballen i beina på 7 meter etter ein corner. Med ryggen mot mål fekk han vendt opp. Men 4-5 motspelera rusha mot han og han var tvungen til å bruka skeivo. Ballen for knallhardt mot mål men traff tverrliggaren med eit smell. Ein god prestasjon å få løsna skudd der, men beklagelig nok så for ikkje ballen i mål.

 

Frøya var også frampå då Trio rota vekk ballen ein del gonge. Heldigvis var trioforsvaret på hugget og fekk avverga før dei fekk løsna skot.

 

Frøya vant kampen 2-1. Hadde me hatt litt meir margina med oss så kunne dei 2 skudda i tverrliggaren fort ha gått inn. Neste kamp er mot Sund på lørdag. Då skal me ha 3 poeng!

 

-Henrik L. Røssland-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart